Sjukdomen tungiasis er forårsaka av ei sandfloga kalla jiggers. Floga borar seg inn i hudoverflata for å suge blod, og lagar opne infeksjonssår.

Færre kunne døydd av denne sjukdommen om fleire brydde seg

POPULÆRVITENSKAP: Du har mest truleg aldri høyrd om tungiasis, men den råkar hundrevis av millionar menneskjer.

«Ein skal ikkje tåla så inderleg vel, den urett som ikkje rammar ein sjølv» er eit velkjent sitat frå Arnulf Øverland frå 1937. Sitatet er, dessverre, i 2023 framleis aktuelt. Katastrofar i Afrika til dømes, er ikkje nært nok, sensasjonelt nok eller nytt nok til at majoriteten i Noreg bryr seg nemneverdig om det.

Kanskje det er grunnen til at ein sjukdom kalla Tungiasis, som råkar nær hundre millionar menneskjer i tropiske land, får minimalt med merksemd, og er kjent for eit mindretal i Noreg?

At det kun er fattige som vert råka, og at jiggers ikkje er ein stor trussel for turistar, gjer også at merksemda på sjukdomen er låg.

Sjukdomen Tungiasis er forårsaka av ei sandfloga kalla jiggers. Floga borar seg inn i hudoverflata for å suge blod, og lagar opne infeksjonssår. Floga lever i sanden, og for dei som søv på golvet i sanden, går utan sko, ikkje har tilgang på reint vatn og såpe til å vaska seg, er det nærmast umogleg å halda denne floga på avstand.

Store plagar og konsekvensar for dei fattige

Personar som vert angripe kan oppleve søvnlause netter grunna kløe, tap av negler, danning av sår og sprekker, betennelse, blodforgifting og koldbrann.

Grunna stigmatisering frå medelevar, fysiske og psykiske plagar, sluttar over tre av fem elevar med jiggers på skulen.

Råkar jiggers vestlege turistar eller middel/ overklassen derimot, kan ein plukke den vekk med eit sterilt instrument. Turistar kan også dusje kvar dag, søv i senger og brukar sko.

At det kun er fattige som vert råka, og at jiggers ikkje er ein stor trussel for turistar, gjer også at merksemda på sjukdomen er låg.

I tillegg, ettersom floga primært råkar dei fattigaste i tropiske land, har den ingen direkte økonomiske konsekvensar for vestlege land, som igjen gjer jiggers til ein lite attraktiv nyheit å lese om, og gjere noko med, både lokalt og globalt.

Fleire neglisjerte sjukdommar

Personar som vert «angripe» kan oppleve søvnlause netter grunna kløe, tap av negler, danning av sår og sprekker, betennelse, blodforgifting og koldbrann.

Tungiasis er ikkje den einaste sjukdomen som får lite merksemd, i fylgje Verdas Helseorganisasjon er Tungiasis i selskap blant 19 andre neglisjerte tropiske sjukdomar, som hindrar vegen ut av fattigdom for 1 milliard menneskjer.

Mest truleg har du aldri høyrd om fleire av desse sjukdomane. Like fullt minskar dei sannsynlegheita for at verda skal oppnå FN sine bærekraftsmål om å utrydda fattigdom, utjevna ulikhet og stoppa klimaendringane. Som Leger uten Grenser skriv om «gløymde kriser» ; færre dør når fleire veit!

I tilfellet når det kjem til jiggers og andre neglisjerte sjukdomar i tropiske land, vil det at fleire veit og at fleire bryr seg, føre til eit fokus på førebygging av sjukdomen i skulegården, helsevesenet og styresmakter nasjonalt og globalt.

Les deg opp

Nærare 90 år etter sitatet frå Øverland vart kjent, kan det altså sjå ut til at sitatet framleis er aktuelt. Kanskje bør me alle vere meir bevisst på, at med dagens teknologi, der mediehus kan måla antal klikk på kvar enkelt sak, så er me i stor grad med på å påverka kva nyheitsartiklar som vert publisert?

Kanskje du kan byrje med å lesa Leger uten grenser si liste over gløymde kriser? Fylgje ekstra med på TV-aksjonen der midlane som vert samla inn går til Redd Barna sitt arbeid med krigsramma born? Eller lese Verdens Helseorganisasjon si liste over jiggers og andre neglisjerte tropiske sjukdomar?

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne artikkelen. Eller spørsmål, ros eller kritikk? Eller tips om et viktig tema vi bør dekke?

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og populærvitenskap

Powered by Labrador CMS