Villa Heimdalsstrand, der målaren Emma Nordmann budde, og huseigar Elisabeth Tonheim gjev dei unge besøkande kulturhistoriske karamellar. (Foto: A. B. Engeset)

Er framtidas turistar topptrente og kulturlause?

FORSKEREN FORTELLER: Vi tek med borna våre ut i naturen frå dei er ein neve stor. Er vi like flinke til å gje dei eit stykke kultur på vegen?

Eg kan tilstå det glatt. Eg har kryssa av Noregs høgste fjell på lista over danningsmål til arvingane. Susa i zip-line har dei også, og klippekorta for nærturar har vorte fylte og pokalar har vore henta heim.

Men eg har ikkje vore på Astruptunet med dei. Kunstutstillingar? Gløym det! Det er så fort å tenkje at ungane må få utfalde seg i naturen eller dei må “få av seg litt energi”.

Eg har blodtrimma ungane reint fysisk, medan kulturkondisen derimot, er ikkje særleg godt trent. Vi er andpustne etter eitt lite galleribesøk.

Den flinke forteljaren

Heldigvis finst det mange flinke foreldre som kombinerer ein aktiv livsstil med kultur-input, og i bygdene våre er fleire kulturtilbod retta mot born. Og ja, idrett og friluftsliv høyrer også inn under det utvida kulturbegrepet. Oppmodinga her går til reiselivet.

No vil regjeringa satse meir på eit kulturbasert reiseliv gjennom tettare koplingar mellom kultursektor og reiselivsnæring, men den føretrekte gjesten er den vaksne turisten. Det er forståeleg, forskinga har vist dei legg att meir pengar enn barnefamiliar.

Samstundes er også barnefamiliar er ein del av turisttrafikken, og med eit vakent auge for kva som gjev gode kulturopplevingar, kjem også unge kulturturistar på besøk.

Men kva er det som gjev det vesle ekstra, som gjer at både vi og kidsa får gode opplevingar? Sjølv gjorde eg meg nokre tankar i sommar, då eg våga meg på ei kulturoppleving saman med den yngre garde:

"Dragestilshuset" ved Esefjorden i Balestrand, der kunstnaren Emma Normann ein gong hadde budd, var over hundre år gammalt. Eg hadde lenge hatt lyst å bli med på ei omvising og ein ettermiddag i sommar heiv vi oss i bilane, tre generasjonar kulturturistar. Yngstemann var 10 år og eldstemann var 70 år.

Framme ved kunstnarvillaen nytte vi vaksne synet av rosene i hagen, og dei spreke fargane i utskjeringane mot dei mørkebrune ytterveggane. I døropninga møtte Elisabeth, huseigar og omvisar, oss med eit smil. Innadørs hang det kunst på veggane og det lukta ei blanding av ny måling og gammalt hus.

Før vi drog hadde eg kjent på uroa over kor lenge borna ville halde ut med å berre gå og sjå på ting. Ville den freda kunstnarvillaen frå 1910 klare å halde på merksemda deira lenge nok? Likevel drog vi på kultur-tur! Så vart eg positivt overraska då den den flinke forteljaren i fanga huset merksemda til borna. Vi sette oss rundt eit bord, Elisabeth vende seg direkte til borna frå første stund og slik gjekk det resten av tida. Det var med andre ord ikkje sjølve kunstnarvillaen, men den flinke formidlaren som gav dei yngste ei fin kulturoppleving“.

Forsking i Kunstbygda Balestrand

Med erfaringa frå kunstnarvillaen i bakhovudet drog kollegaen min frå Vestlandsforsking, Anna Maria, og eg til Balestrand utpå seinsommaren for å forske på vaksne kulturturistar. I samband med ‘Strategisk forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet i Sogn og Fjordane’ har vi studert korleis utanlandske turistar sine kulturopplevingar arta seg.

Kulturturisme er ein type turismeaktivitet der den viktigaste motivasjonen til gjesten er å lære, oppdage og oppleve kulturelle attraksjonar. Samtidig er ikkje ein kulturturist nødvendigvis berre nysgjerrig på kunst eller arkitektur, men dei er også interesserte i kvardagslivet og levesettet vårt i Distrikts-Norge.

Ifølgje forskinga vert ei oppleving påverka av tre aspekt: Produkt/service, sosiale aspekt og fysiske aspekt. Produkt og service inkluderer mellom anna transport, overnatting, mat, guiding tilbod, informasjon og tilrettelegging turisten får på stedet. Sosiale aspekt inkluderer personlege relasjonar, samtalar med tilsette, lokalbefolkning og andre turistar, samt vert-gjestrelasjonar. Fysiske aspekt kan være naturlege omgjevnadar, menneskeskapa omgjevnadar, geografiske og kulturelle eigenskapar. Tilsaman virkar alle desse elementa inn på turistane sine opplevingar og dei får ei heilskapleg oppleving.

Sats på unge kulturturistar

Kvifor er det viktig å studere kva folk synes om til dømes eit museumsbesøk? Vaksne kulturturistar, gjerne utan born, er attraktive for norsk reiselivsnæring, fordi det er knytt stor lønsemd til desse. Men vi må ikkje gløyme at også barnefamiliar utgjer ein vesentleg del av turisttrafikken. Viss borna skal verte morgondagens kulturturistar, må aktørane i reiselivsnæringa også ha dei i tankane. Ved å la dei yngste bryne seg på kulturattraksjonar, sit vi att med ein endå større gevinst: Ungane styrker kulturforståinga si og får betre evne til å oppleve profesjonell kunst og kultur.

Når neste ferie står for døra, føresler vi å besøke eitt av friluftsmusea våre. Her byr tunvertane raust på gode historiar frå gamle dagar, lefsebakst og hopping i høyet, ein ypparleg pause for unge turistar som har valfarta til fjelltoppar og trimpostar.

Powered by Labrador CMS