Ein oversikt frå Integrerings og mangfaldsdirektoratet (IMDI) viser at Noreg i 2022 tok i mot over 31 000 flyktningar. Dette er sju gonger fleire enn året før, mykje på grunn av krigen i Ukraina, skriv kronikkforfattaren.

Fire grep du kan gjera for å bidra til bedre inklu­dering av innvandrarar

KRONIKK: I fylgje Statistisk sentralbyrå er ein av fem innbyggjarar i Noreg anten innvandrar eller barn av innvandrarar. Berre ein av fem blant Noregs befolkning meiner at integrering går bra eller svært bra. Kven sitt ansvar er det eigentleg å sørga for god inkludering?

Noreg er eit fleirkulturelt samfunn og me kjem i all framtid til å vere det. I fylgje SSB er ein av fem innbyggjarar i Noreg er anten innvandrar eller barn av innvandrarar. Ein oversikt frå Integrerings og mangfaldsdirektoratet (IMDI) viser at Noreg i 2022 tok i mot over 31 000 flyktningar. Dette er sju gonger fleire enn året før, mykje på grunn av krigen i Ukraina. I 2023 oppmodar IMDI kommunar å ta i mot totalt 35 000 flyktningar.

Kven sitt ansvar er det å sørga for god inkludering av innvandrarar som kjem? Blant Noregs befolkning er det i fylgje IMDI sitt integreringsbarometer berre ein av fem som meiner at integrering går bra eller svært bra. Me har dei siste 20 åra ikkje sett ei positiv utvikling i desse tala.

Kjensla av sosial eksklusjon er neppe integreringsfremmande. Og nordmenn er ikkje akkurat kjende for å vere utåtvente med ukjende.

Openbart ligg mykje av ansvaret på å bli kjent med det norske samfunnet på innvandraren sjølv. Men integrering skal, i fylgje IMDI, vere ein tovegs prosess der også befolkninga i Noreg har ansvar for å legge til rette for vellukka integrering.

Nedanfor er det lista fire punkt, som omhandlar konkrete tips til deg, som kjenner det norske samfunnet, når det kjem å bidra til betre integrering. Lista er ikkje revolusjonerande med ny og banebrytande forsking. Den er heller ikkje uttømmande. Kanskje tykkjer du ikkje den er heilt korrekt. Det er heller ikkje målet.

Målet er at du skal reflektera over moglegheita me alle har til å bidra, til eit samfunn som me opplever at lukkast betre med integrering.

1. Er min kultur den beste?

Det er kanskje ikkje så unaturleg å tenkje at din måte å leve på, din kultur og ditt verdisyn er det beste. Dei fleste gjer faktisk det. Mange ser verda frå ein ståstad der ein vurderer andre kulturar ut i frå sin eigen. Utfordringa med dette synet er at ein ofte ser på andre kulturar som mindreverdige.

Tre av fem nordmenn meiner innvandrarar har ein kultur eller religion som ikkje passar inn i Noreg, i fylgje IMDI sitt integreringsbarometer. Kan du utfordra dette synet i møte med andre kulturar, og rett og slett vere litt nysgjerrig?

2. Dugnad – kva er det?

Du som kjenner det norske samfunnet, sit med mykje verdifull og viktig kunnskap. Konseptet dugnad til dømes, er ganske spesielt for Noreg. Korleis fungerer eigentleg organisert idrett i Noreg? Korleis kan foreldre i idrettslag bidra til større mangfald og inkludering?

Innvandrarar som engasjerer seg i frivillig arbeid opplever i større grad at dei er delaktige i det norske samfunnet, i fylgje regjeringa sin strategi om kvardagsintegrering. Kan du bidra til å invitere fleire innvandrarar inn i frivillig aktivitet, om det er vaffelsteiking i det lokale fotballaget eller stirydding i lokalområdet?

3. Kven er dei som kjem eigentleg – snakk norsk og finn det ut?

Det er jo sjølvsagt at alle som kjem til Noreg er eigne menneske, men det vert gjerne gløymd på vegen. Ein innvandrar som kjem til Noreg, er ikkje berre det. Kanskje han eller ho er Liverpool-fan, har vore politisk aktiv i sitt lokale parti, er glad i å synga, eller er ein sleten føresett som slit med å få tidsklemma til å gå opp.

Men om du ikkje spør – så finn du kanskje aldri ut av kva personlegheit og engasjement som skjuler seg bak den enkelte som kjem til Noreg. I tillegg, vert det å lære seg norsk sett på som eit av dei viktigaste integreringstiltaka i Noreg, i fylgje IMDI. Og språket lærer ein seg best ved å snakka med andre. Kanskje finn du samstundes ein ny solist til det lokale koret?

4. Kva med litt meir småprat?

Det er mange som kjenner seg einsame i Noreg, det er eit samfunnsproblem. Det er større sjanse for å vera einsam og ekskludert frå samfunnet om du er innvandrar, i fylgje SSB. Kjensla av sosial eksklusjon er neppe integreringsfremmande. Og nordmenn er ikkje akkurat kjende for å vere utåtvente med ukjende.

Det er ikkje alltid så mykje som skal til, ein kort samtale ved henting i barnehage, ein kaffi på terrassen, eller litt småprat på bussen. Risikoen for at du opplever at kommunikasjonen er verdifull for deg også og at du undervurderer dei positive fylgjene av å snakka med framande, er faktisk ganske stor.

LES OGSÅ:

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS