Silderekord på Mørekysten

Årets sildelarvetokt har påvist den høgste konsentrasjonen av sildelarvar - sildeyngel - som er målt på dei vel 50 åra denne kartlegginga har funne stad .

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Sildelarvar. (Foto: Kåre Hansen, Havforskningsinstituttet)"

Den norske vårgytande silda har fått namnet sitt fordi den gyt ved norskekysten om våren. Hovuddelen av denne aktiviteten går føre seg utanfor Møre i februar.

I over 50 år har Havforskningsinstituttet kartlagt kor mykje larvar som vert produsert.

På ein av målestasjonane vart det i år funne nesten 50 000 sildelarvar per kvadratmeter.

Aldri tidlegare har ein funne larvane i så store konsentrasjonar. Mest yngel fann forskarane like nord for Breisundsdjupet.

Driv nordover

"Fordeling av sildelarvar (antall per kvadratmeter overflate) på sokkelen i april. (Illustrasjon: Havforskningsinstituttet)"


– Ved å bruke modellar som simulerer straumen langs kysten, kan vi seie at larvane vi fann i dette området kjem frå sild som har gytt i same område.

– Dette ser altså ut til å vere eit retensjonsområde der larvane oppheld seg ei tid før dei driv vidare nordover, seier forskar Erling Kåre Stenevik ved Havforskningsinstituttet.

Etter vanskelege år på 1970- og 1980-tallet, er no bestanden av norsk vårgytande sild i god forfatning. Gytebestanden, som no er på rundt 12 millionar tonn, har produsert fleire gode årsklassar i det siste.

Stor dødeligheit

Altså har relativt mange av larvene klart å overleva dei første stadia. Dei enorme mengdene sildelarver er mat for alt frå maneter og krill til hyse og sei. I egg- og plommestadiet kan dødelegheita være så stor som 10 prosent – kvar einaste dag.

– Sjølv om det er svært mykje larvar no, må vi vente nokre månader før vi veit om det blir ein stor årsklasse.

– Dødelegheita kan vere svært stor i dei neste månadane, og først når sildeyngelen er komen velberga opp til oppvekstområda i Barentshavet får vi ein peikepinn på kor stor årsklassen kan vere, seier sildeeksperten.

Gyteområde

Størstedelen av larvane vart funne på dei tradisjonelle gytefelta utanfor Møre og Romsdal og Trøndelag, men det vart også funne larvar rett nord for Haltenbanken og mellom Lofoten og Malangsgrunnen.

Larvane som vart funne utanfor Møre var stort sett under to veker gamle.

I dei nordlegaste gyteområda er det mest ung sild som gyt, og viktigheita av desse gyteområda kan derfor endre seg med aldersfordelinga i gytebestanden.

"Figuren viser modellerte drivbaner i 12 dagar for sildalarvar klekka ved Breisunddjupet. Modellkjøyringane (utført av Frode Vikebø, Havforskningsinstituttet) viser at sildelarvar som er gytte i dette området vil opphalde seg her ei tid etter klekking. (Illustrasjon: Havforskningsinstituttet)"

 

Etter at straumen har førd silelarvane nordover inn i oppvekstområdet i Barentshavet, tek det tre–fire år før silda trekkjer vestover igjen og blandar seg med gytebestanden.

Etter gyting beitar silda på raudåte i Norskehavet den flyttar seg til overvintringsområda utanfor Troms og Finnmark.

– Sildelarvane var dominerande i prøvene, men det blei også registrert larvar av til dømes sei, torsk og lodde, seier Stenevik.

Toktet vart gjennomført med forskingsfartøyet “Håkon Mosby” i april. I tillegg til å registrere larvar, vart det óg registrert opplysningar om hydrografi, næringssalt, klorofyll og dyreplankton.

Powered by Labrador CMS