I dag er det ofte stor ueinigheit om kosthald, men i eit lengre perspektiv er det mykje som tyder på at kjøt har hatt ein stor og positiv innverknad på utviklinga til mennesket, skriv Morten Nilsen.

Det er ingenting som tyder på at høgt kjøtinntak gjev kortare levealder

KRONIKK: Det er i dag vanleg å assosiera planter som sunt og kjøt som usunt. Men kva veit vi om menneska sin diett i eit evolusjonært perspektiv?

I debatten om kjøt, berekraft og klima vert det stadig hevda at ein reduksjon i kjøtinntaket vil gje betre folkehelse. Mykje av dagens kjøtproduksjon er ikkje helsemessig optimal, men det er ingenting som tyder på at høgt kjøtinntak gjev kortare levealder – tvert imot. Hongkong er suverent på topp når det gjeld kjøtinntak, og toppar også levealder-statistikken. Alle land som ligg føre Noreg i levealder, har høgare kjøtinntak enn oss. Eit unntak er Japan som til gjengjeld har eit høgt inntak av marin animalsk føde.

Mennesket sin evolusjon

Kva gjorde det mogeleg for australopithecus å utvikle seg til homo erectus, vidare til homo habilis og til slutt det moderne mennesket, homo sapiens? Dietten utvikla seg parallelt og er truleg den store drivaren i utviklinga.

Kjemien set avgrensingar for, men gjev og mogelegheiter for utvikling av nye gen. Ein variert diett med animalsk innslag gjev fleire kjemiske mogelegheiter enn ein rein plantediett. Vi kunne til dømes kvitta oss med dei gena som gjorde oss i stand til sjølv å danne vitaminet B12 i kroppen, ettersom vi etter kvart fekk tilstrekkeleg av stoffet gjennom animalsk føde. Plassen dette frigjorde i genomet (DNA-et) kunne vi så bruka til noko nyttigare. Rikare og meir kompleks føde førte også til at vi kunne spara plass og energi på mage/tarmsystemet, og i staden allokera dette til å bygga hjerne. Meir tankekraft gjorde oss til dyktigare jegerar og fangstfolk, som igjen auka tilgangen på høgverdig føde. Det heile kan ha byrja med at våre ape-liknande forfedrar tok til å nytta åtsel, og/eller byrja å eta lett tilgjengeleg mat frå havet som skjel, kreps og fisk.

Les fleire innlegg i debatten om kjøt og kosthald:

Før menneska tok over kloden var den dominerande næringskjeda på land cellulose → drøvtyggarar → predatorar. Så seint som år 1500 vart talet på Bison i Nord-Amerika anslått til rundt 100 millionar! Store bestandar av drøvtyggarar rundt i verda representerte ei enorm kjelde til mat av høg kvalitet, produsert av eit stoff utan næringsverdi for menneska. Dyra åt fleirårige gras og busker, og sørgde for at næringsstoffa sirkulerte i økosystema.

Planteetarar nyttar meir eller mindre all tid til eting. Rovdyra et sjeldan. For dei tidlege menneska betydde tilgang på meir konsentrert mat, av høgare kvalitet, at ein frigjorde tid som kunne nyttast til andre sysler for å betra tilværet.

Den agrikulturelle revolusjonen

Menneska starta med jordbruk for om lag 10 000 år sidan. Lenge trudde ein dette på alle vis hadde ført til store gevinstar for menneska. Dagens samfunn og store folkemengd ville vore umogeleg utan landbruk.

Bufaste samfunn gjorde det mogeleg å spesialisera. Det oppstod økonomiske klassar, kjønnsleg ulikskap, hærar og byar, og folkemengda auka. Prisen vart at kvart individ måtte arbeida hardare for føda. Dietten vart mindre kompleks og balansert, og helsa vart dårlegare. Paleopatologiske studiar har funne stor auke i mange sjukdomar, også infeksjons- og mangelsjukdomar, etter at stivelse vart det dominerande fødeemnet. Høgda gjekk ned med minst 5 tommar (frå 178 til 165cm) hjå menn, om lag 4 hjå kvinner. Levealderen vart kortare.

Faste buplassar over tid førte til at kvinnene fødde fleire barn. Landbruk blei ei befolkningsmessig og diettær felle, ein vond sirkel der ei aukande folkemengd gjorde det naudsynt å skaffe meir mat, som i sin tur førte til auka folkemengd.

Paleoantropologane er i dag samstemte om at skiftet i diett førte til dårlegare helse. Multivitenskapsmannen Jared Diamond kallar overgangen til landbruk «The worst mistake in the history of the human race» (Discover magazine 1987). Plantebaserte samfunn vart ofte utsette for avlingssvikt og hungersnaud. Etter kvart vart også dyr domestiserte. Desse representerte ei meir stabil matkjelde av høgare kvalitet og gav også nyttige produkt som til dømes ler, pels og ull, gjødsel og trekk-kraft. Husdyra bringa med seg sjukdomar, men mennesket har eit adaptivt immunsystem som tilpassa seg over tid.

Stoda i dag

Det moderne landbruket har ført oss endå lenger inn i den diettære fella, og vi sit i dag fastare i fella enn nokon gong. Landbruket var lenge småskala. Husdyra var beitedyr. Gjødsla vart nytta på garden. No har vi enorme monokulturar av eittårige planter, basert på kunstgjødsel, som igjen er basert på fossile råstoff. Dyra vert no i stor grad fôra med frø, i staden for fleirårig gras. Vi har fått korn- og kjøtfabrikkar, i staden for berekraftige gardsbruk. Verdas matforsyning er i dag kontrollert av mektige industriar innan kjøt, korn, sukker, planteolje og soya. Konsekvensane er negative både for dyr og menneske. Legemiddelindustrien har gode tider. Men vi vert stadig fleire…

I dag dominerer næringskjeda stivelse → mennesket i fattige land. I rikare land har vi også stivelse → kjøt → mennesket. Begge desse samsvarar dårleg med våre behov, den første aller minst.

Verda har altfor stor folkemengd til at vi kan returnera til vår evolusjonært riktige nisje, som jeger-samlarar. Produksjonen av både korn og kjøt stig. Vi har meir kaloriar per hovud enn nokon gong. Men dette skuldast at vi tærer på fossile ressursar, nyttar enorme mengder kunstgjødsel og pesticid, og at vi overbelastar vassressursane. Naturlege habitat vert øydelagt til jordbruk. Monokultur fører til stort tap av matjord. Måten vi driv matproduksjon er etter mitt syn ein langt større trussel enn klimaendringane, som for tida får det meste av fokuset.

Jordas folk er i dag tvungne til eit høgt inntak av plantekost. Å slutte med husdyr ville gje fleire tilgjengelege kaloriar. Men ønsker vi å legga til rette for ei endå større folkemengd, som må ta til takke med ein diett langt frå det dei er genetisk tilpassa? Som vil forsterka dei fysiske og psykiske helseproblema vi ser i dag? Korleis skal jorda gjødslast utan husdyr? Veganerar let til å tru at vi kan hausta utan å føra noko attende til jorda.

Kva bør vi gjere i Noreg?

Vi har betre føresetnader for eit riktig kosthald enn dei fleste. Vi har enorme grasressursar. Havet er rikt på fisk, kval og andre dyr. Hjortevilt har teke seg sterkt opp. Sopp og bær i skog og utmark. Ressursane i ferskvatn er lite utnytta.

I staden for å utnytta lokale ressursar maksimalt importerer vi rundt halvparten av det vi et. Vi vil heller ha kylling enn lam. Appelsinjuice eller soyamelk heller enn mjølk, som uansett må vera mager. Fisk er lite populært. Plantemargarin (sunne planteoljer!) heller enn smør. Industrimat, prosessert og raffinert, heller enn laga frå grunnen. Når politikarane skulle betre ernæringa for skuleborn fekk dei gratis frukt. Unge med eit høgt sukkerinntak fekk meir sukker gratis av staten! No er frukta erstatta med havregraut, sjølve symbolet på fattigmannskost.

Vi burde stoppe importen av husdyrfôr og produsera mest mogeleg kjøt basert på gras. Vi kunne lett dobla inntaket av lam/sau, som i dag er rundt 5 kilo per person i året. Geit er eit fantastisk husdyr med unytta potensiale. Av storfe bør berre mjølkekyr få (litt) kraftfôr og berre frå nasjonal produksjon. At vi må importera potet er direkte ubegripeleg. Den store importen av eksotisk frukt og grønsaker har null positiv helseeffekt, og bør reduserast. Vi kan eta norsk frukt, bær og sopp i sesong, og vi kan konservera. Fisk og sjømat kan erstatta det kjøtet vi eventuelt ikkje klarer å produsera. Vi burde klara å halde på dagens kalorifordeling mellom vegetabilsk og animalsk mat på ca. 2:1 utan særleg import, aller helst auka den animalske delen. Maten vil bli noko dyrare. Men fokuset på billig mat er nettopp noko av problemet.

Kjelder:

MICHAEL CRAWFORD & DAVID MARSH (1987): The driving force – food, evolution and the future. ISBN 0 434 14832 6

JARED DIAMOND (1997): Våpen, pest og stål ISBN 978-82-430-1140-3

LIERRE KEITH (2009): The vegetarian myth – food, justice and sustainability. Fritt tilgjengeleg på nett her.

YUVAL NOAH HARARI (2011): Sapiens – en kort historie om menneskeheten. ISBN 978-82-8087-685-0

Les også:

Powered by Labrador CMS