Skal avsløre dårleg forsking

Studentar ved Høgskolen i Bergen blir no utfordra til å lære å skilje mellom seriøs og useriøs forsking. Det er særleg ved helse- og sosialfagutdanningane høgskulen set fokus på at ein skal lære seg til å bli meir kritisk til forsking.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Me vil at studentane våre skal lære seg å ta sjølvstendige val om kva forsking dei kan stole på, seier Monica Nortvedt ved Høgskolen i Bergen.

Nortvedt er hovudansvarleg for satsingsområdet ved høgskulen som heiter kunnskapsbasert praksis. Målet med det nye fagfeltet er å lære studentane å skilje mellom god og dårleg forsking.

Kva er kunnskapsbasert praksis?

Det nye fagfeltet kunnskapsbasert praksis legg vekt på at studenten skal lære seg å kombinere kunnskapen han får i arbeidet sitt med ny forsking.

På bakgrunn av erfaringa frå arbeidet og forsking han les, skal studenten bli meir bevisst på kvifor han tek dei vala han gjer.

- Det er viktig at studenten tek avgjerdsler med bakgrunn i forsking ein kan stole på, seier Monica Nortvedt.

- Dersom studenten sine val er tatt på bakgrunn av useriøs forsking, kan det få alvorlege konsekvensar for pasienten, seier Nortvedt.

Professor frå Australia

"Professor Judith Clare."

Høgskolen i Bergen har nyleg tilsett professor Judith Clare frå Australia som skal vere med på å byggje opp det nye fagfeltet kunnskapsbasert praksis.

- Me lever i eit informasjonssamfunn og blir dagleg bombardert med informasjon, seier Clare.

- Då er det viktig at ein lærer å skilje mellom kva som er seriøs og kva som er mindre seriøs informasjon, seier Clare.

Ho ønskjer å bevisstgjere tilsette og studentar slik at dei lærer seg å ta sjølvstendige val om kva forsking dei meiner ein kan stole på.

Nytt senter

27. januar opnar Høgskolen i Bergen eit nytt senter for fagfeltet kunnskapsbasert praksis. Her skal professoren frå Australia ha ei sentral rolle.

- Det er eit privilegium å få komme til Noreg og vere med på å forme eit nytt og spennande fagfelt ved Høgskolen i Bergen, seier professoren.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS