Luktesansen til ulvane er hundre gonger betre enn mennesket sin, ein sans som kjem godt til nytte når dei skal finna seg ein make.

Ulvens sjekketriks

Ein ung ulv på friarfot har to moglegheiter. Alternativ éin er å prøva å stela til seg ein make. Alternativ to er å leita etter ein annan ulv som også vandrar åleine.

Ulvar er selskapssjuke flokkdyr. Dei lever saman i grupper på fem til ti dyr og er heilt avhengige av kvarandre. Dei jaktar saman, oppdreg ungane saman og passar på kvarandre. Ein ulv på sjekkaren er ikkje berre ute etter ein kort flørt. Han vil finna ein make han kan dela livet sitt med, og saman vil dei stifta ein flokk.

Familieklubben

Ulveflokken er ein eksklusiv klubb, og det er ikkje kven som helst som får vera med. Eitt av krava er at ein er i familie. Som oftast består flokken av mor, far og ungane deira frå eitt eller to kvalpekull som enno ikkje er kjønnsmodne. Desse lever saman på eit område som blir kalla «territorium» eller «revir». Ulvane er veldig opptekne av å beskytta reviret sitt. Dei tissar, bæsjar og uler for å markera at området er deira. Dersom andre ulvar utanfrå vandrar inn på reviret, eller prøver å bli ein del av flokken, vil dei anten bli jaga vekk eller drepne.

Alfaparet

Mor og far blir kalla «alfaparet». Det er dei som leiar flokken og dei einaste som får para seg og laga ungar. Det er kanskje litt urettferdig, men det er nok til det beste. Å bli kjærast og få ungar med søstera eller broren sin, er ikkje ein god idé. Når to som er i nær slekt parar seg, er det større sjanse for at ungane arvar gen som ikkje fungerer, og me får noko me kallar «innavl». Ungar som kjem av innavl, er gjerne sjuke eller har dårlege sjansar for å overleva. Ein ungulv som skal finna seg ein make, vil difor forlata den trygge flokken og vandra langt vekk for å vera sikker på at han finn nokon han ikkje er i slekt med – heilt åleine og med nasen som viktigaste verktøy.

Einsam ulv

Ein ung ulv på friarfot har to moglegheiter. Alternativ éin er å utfordra eit ulvepar som allereie er kjærastar, og prøva å stela til seg ein make. Då må ungulven slåst for kjærleiken og vil truleg tapa mot ein eldre og meir erfaren alfahann eller alfahoe. Alternativ to er å leita etter ein annan ulv som også vandrar åleine. Mest sannsynleg vel han det siste, sjølv om det då ventar ei minst like farleg reise. Det er ofte langt mellom dei single ulvane, og det kan ta alt frå veker til år før han finn ein ledig partnar. På vegen risikerer han å møta jegerar og andre ulveflokkar som kan drepa han. I tillegg er det vanskeleg for ein einsam ulv å jakta og få tak i nok mat. Heilt til han finn seg ein kjærast, er det ein kamp for livet.

Ulven si superkraft

Luktesansen til ulvane er hundre gonger betre enn mennesket sin, ein sans som kjem godt til nytte når dei skal finna seg ein make. Ikkje berre fordi dei kan lukta kvarandre på lang avstand, men også fordi luktspor dei legg att langs stien, gjev mykje saftig info til ein ulvesnute. På same måte som hundar berre må sniffa der andre hundar har tissa eller bæsja, må også ulvar stoppa opp og etterforska spor langs vegen. Slike spor kan nemleg fortelja mykje om han eller ho som har pressa dei ut: kva kjønn det er, kor gammal han eller ho er, og korleis det står til med helsa. Kanskje er det sporet av ein framtidig make.

Samlaget, 2019

Fyrste date

Når to einsame ulvar har funne kvarandre, er dei gjerne slitne og svoltne og klare for å slå seg til ro, men det betyr ikkje at dei nødvendigvis går for den fyrste og beste. Ulvar er sosiale og smarte dyr, og før dei hoppar inn i eit nytt forhold, vil dei vera sikre på at den andre er verd å satsa på. Dei fyrste timane, kanskje til og med dagane, går med til å bli betre kjende. På ein roleg stad i skogen har dei sin fyrste date, der dei snuser på kvarandre og sjekkar om spora langs stien held ord. Er daten vellukka, vil dei truleg halda saman resten av livet.

Artikkelen er hentet fra Dyras beste sjekketriks

UNG.forskning.no har fått lov til å trykke artikkelen om ulven fra boka Dyras beste sjekketriks, av Malin Hellebø og Camilla Kuhn. Gitt ut på Samlaget, 2019.

Powered by Labrador CMS