Private på sporet

Noreg har fått sitt første private rettsgenetiske institutt. Det kan gjere ventetida kortare for både politiet og privatpersonar som må ha svar på ein DNA-analyse.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fakta om DNA:

Deoksyribonukleinsyre (DNA) er det materialet som gena våre er bygd opp av.

DNA blir ofte kalla “arvemolekylet”. Eit barn får 50 prosent av sitt DNA frå mor og 50 prosent frå far.

DNA-molekylet har fått namnet “Dobbel helix”. Molekylet liknar ei spiraltrapp.

For å kunne finne ein person sitt DNA i ei kriminalsak bruker ein celler frå hår, blod, spytt og sæd.

Jo mindre øydelagde desse celleprøvene er, jo meir nøyaktige blir DNA-profilane.

Om ei celleprøve er heil, kan DNA-analysen plukke ut ein person blant ein trillion.

 

Fram til i dag har Rettsmedisinsk Institutt vore einaste leverandør av rettsgenetikk i Noreg. Dei har mykje å gjere. Politiet, domstolar, advokatar og privatpersonar må gjerne vente i fleire månader før dei får svar på ein DNA-analyse.

No har Politidirektoratet føreslått ei drastisk auke i bruken av DNA, og signala frå regjeringa er positive til utviding av DNA-registra i Noreg, Dette opnar for private aktørar som GENA - Noregs første private rettsgenetiske institutt.

- Eg ser eit vaksande behov for DNA-analysar, seier gründer Ragne Kristin Farmen, tidlegare DNA-analytikar frå Rettsmedisinsk institutt, og den første i Noreg som i si tid avslørte ein valdtektsmann ved hjelp av DNA.

 

Vaksande behov

- Dei kriminelle miljøa blir stadig tøffare, og verdien av DNA blir stadig større. DNA-spora er dei tause vitna i ei kriminalsak, seier Farmen.

- Når vi veit at 30 prosent av dei kriminelle, står for 70 prosent av kriminaliteten i Noreg, vil eit utvida DNA-register føre til raskare oppklaring.

Og det er der ho meiner at GENA skal spele ei rolle. Ikkje berre skal auka bruk av DNA-analysar sikre gode spor i kriminalsaker. Heile rettssikkerheita i landet vårt vil bli betre, trur Farmen.

- Rettsmedisinsk Institutt har mykje å gjere. No vil politiet, domstolar, advokatar og privatpersonar kunne få svar mykje raskare, fortel ho, og bruker NOKAS-saka som eit godt døme.

- Store saker som må prioriterast gjer at andre hamner bak i køen. For eit valdtektsoffer kan det bety mykje å få rettssaka unna på kort tid. For dei som sit på tiltalebenken, kan det bety mykje å ha to sakkyndige vitne til å tolke DNA-bevisa, seier Farmen, og understrekar at ho aldri tek stilling til skyldspørsmålet i rettssaker.

DNA frå tjuvar

- Eg svarer på kor sannsynleg ei kriminell handling er. Eit DNA på eit drapsvåpen kan ha mange forklaringar, seier Farmen.

Ho fortel at valdtekts- og incestsaker utgjer to tredjedelar av DNA-analysane i Noreg i dag. Men det kan det no bli ei endring på.

- I England bruker dei DNA-analysar også på vinningskriminalitet. Der er oppklaringsprosenten på over 50 prosent. I Noreg blir tjuveria forsømt. Berre ti prosent av tjuverisakene i Noreg blir løyst, konstaterer ho.

Det er berre personar som er dømde for drap, valdtekt, grov vald og narkotikabrot, som kan DNA registrerast i Noreg.

- Ved å utvide DNA-registra, får politiet oppklart kvardagskriminaliteten raskare, seier ho.

Ny teknologi

I det nye laboratoriet til GENA vil ein kunne ta opp mot 20.000 DNA-analysar kvart år.

- Her kan vi raskt finne svar på kven som er far i ei farskapssak, eller kven sitt DNA som er funne på ei blodig skjorte, fortel Farmen før ho viser korleis spytt, blod, hår og sæd blir DNA-testa i laboratoriet.

- Dersom vi finn eit DNA som er heilt, kan vi seie kven personen er med ei nøyaktigheit på ein til ein trillion. Vi kan altså seie kven personen er blant alle som nokon gong har levd på jorda, seier Farmen.

Ho har allereie fått fleire telefonar frå advokatar som vil at ho skal sjå på kriminalsaker med nye auge.

- Dei ringer meg for å få dobbelsjekka ei sak. Sjølv om resultatet frå ein DNA-analyse ikkje er feil, kan det vere fleire måtar å forstå DNA-funnet på, avsluttar Farmen.

Powered by Labrador CMS