Illustrasjonen viser to svarte hòl er i ferd med å smelte saman. For ikkje lenge sidan fanga forskarar opp gravitasjonsbølgjer frå ei slik hending. Dette er ny forsking som truleg ikkje blir ein del av pensum for fysikkelevar på vidaregåande skule.

Skal fysikkelevane våre verkeleg ikkje lære om gravitasjonsbølgjer eller mørk materie?

DEBATT: Utkastet til ny læreplan i fysikk baserer seg først og fremst på fysikk frå før år 1900 og har liten plass til forskingsfronten og til dei store, ubesvarte spørsmåla. Planen legg vel til rette for djupnelæring av klassisk fysikk. Men betyr det at vi må ofre forskingsfronten?

Gjennom Fagfornyinga skjer for tida ei stor reform av læreplanane for alle fag i det norske skulesystemet. Eit viktig mål med Fagfornyinga er å leggje til rette for djupnelæring.

Utkast til ny læreplan i programfaget fysikk for de to siste åra i vidaregåande skule er no ute på høyring, med frist 27. mars hos Utdanningsdirektoratet.

Lovande på fleire vis

Det viktigaste elevane skal lære i kvart fag, er formulert som kjerneelement for faget, medan kompetansemåla seier kva elevane skal kunne ved slutten av opplæringa.

Det nye læreplanutkastet er lovande på fleire vis. Dei tverrfaglege tema berekraftig utvikling og demokrati og medborgarskap er tydeleg til stades i kompetansemål om energi, klima og kritisk tenking.

Kjerneelementa praksisar og tenkemåtar i fysikk, energi og energioverføring, materie, tid og rom, krefter og felt, og bølger og stråling viser god progresjon frå naturfagplanen og har potensiale til å spenne ut eit heilskapleg fysikkfag.

Mange og detaljerte kompetansemål i mekanikk og elektromagnetisme legg til rette for djupnelæring på dei områda og kan gje godt budde studentar i høgare utdanning og kan hende betre skår i internasjonale testar.

Nemner ikkje gravitasjonsbølgjer, mørk materie eller mørk energi

Vi fryktar likevel at læreplanutkastet dreg denne prioriteringa lenger enn naudsynt, og at det går ut over kunnskap om forskingsfronten og dei store, spørsmåla vi enno ikkje har svar på.

Utkastet nemner nemleg korkje gravitasjonsbølgjer, mørk materie eller mørk energi. Kan vi ha eit framtidsretta fysikkfag utan at elevane får nyss i vår tids beste innsikter om universet? Kan elevane få djupnelæring i kjerneelementet materie, tid og rom utan nokon kunnskap om korleis desse tre heng saman i generell relativitetsteori? Vi trur ikkje det.

Må møte kunnskapsområde som er i utvikling

I kjerneelementet praksisar og tenkemåtar i fysikk skal elevane lære om korleis kunnskap i fysikk blir til og korleis vitskapleg kunnskap skil seg frå uvitskaplege påstandar. Klassisk mekanikk og elektromagnetisme er ufråvikelege berebjelkar i heilskapleg kompetanse i fysikk. Men skal elevane lære om utvikling av fysikkunnskap, treng dei også å møte kunnskapsområde som faktisk er i utvikling.

Den førre (gjeldande) læreplanen frå 2006 var dristig og nyskapande på ein del område: Elevane skulle lære om generell relativitetsteori, om samanfiltra foton, om moderne sensorteknologi og historisk-filosofiske aspekt.

Sidan den gongen har fleire land følgt etter og tatt inn moderne fysikk i sine planar. Ønsker vi oss verkeleg attende til ein læreplan dominert av fysikk frå før år 1900?

Må bli motivert til å velje faget

Dei store spørsmåla både i verdssamfunnet og i naturvitskapen treng elevar med kunnskap og engasjement i fysikk som tar med seg kompetansen vidare i utdanning og arbeid. Da må ei tilstrekkeleg stor og variert elevgruppe sjå relevansen og bli motivert til å velje faget.

Frå fagdidaktisk forsking veit vi at undring og ubesvarte spørsmål trekkjer elevar til fysikken. Mange, spesielt jenter, blir motivert av fysikk som reddar verda. Der er fokuset på energi og klima i utkastet veldig positivt, medan mangelen på medisinsk fysikk er eit steg i feil retning. Det er bra for rekrutteringa at det er med ein del astrofysikk, men den burde komme i første året med fysikk for å motivere fleire elevar til å halde fram med faget i to år.

Den store utfordringa i fagfornyinga er å gjera dei rette, tøffe prioriteringane. Kan vi klare å legge til rette for djupnelæring i fysikk utan å ofre heilskapen og svekke rekrutteringa til faget?

Vi meiner at faget skal gi perspektiv på kor fysikken er på veg, korleis han blir bruka i til dømes medisinsk diagnostikk, kva store spørsmål vi ikkje har funne svar på, og kva faget kan fortelje oss om vår eigen plass i universets store samanheng. Da kan det hende noko av den klassiske fysikken må vente til høgare utdanning. Sei di meining i høyringa før 27. mars!

Powered by Labrador CMS