Sámi álbmotbeaivi p.s.

Det samiske og det norske flagget side om side ved Hovedgården på Universitetet i Tromsø, 6. februar 2011. Foto: Øystein A. Vangsnes
Det samiske og det norske flagget side om side ved Hovedgården på Universitetet i Tromsø, 6. februar 2011. Foto: Øystein A. Vangsnes

I går 6. februar var det Sámi álbmotbeaivi. Det kan passa med litt filologi i etterkant – eller eigentleg burde det ha vore i forkant, men slik vart det no ikkje… 


Sámi álbmotbeaivi blir i stor grad ukorrekt omtalt som “Samefolkets dag” på norsk, noko som Sametinget har presisert i denne fråsegna. At denne ukorrekte omsetjinga har etablert seg, skuldast truleg to forhold.

Omsetjingsval
For det første tyder álbmot ‘folk’ (og beaivi ‘dag’), så då kan ein bli freista til å omsetja álbmotbeaivi med ‘folkedag’. Men álbmot tyder også ‘nasjon’ – på same måte som ‘nasjon’ er eit anna ord for ‘folk’ (i ei tyding av ordet) – så ‘nasjonsdag’ er ei anna muleg direkte omsetjing. På idiomatisk norsk blir det ‘nasjonaldag’. Det var dette som var intendert med vedtaket i 1992 om ein samisk merkedag. Sámi er for øvrig genitiv eintal av Sápmi som dels kan visa til det geografiske området samane bur i og dels visa til det samiske folket. Sjølv om sápmi er eit substantiv, er det norske adjektivet ‘samisk’ mest dekkande i dette tilfellet.

Intellektuell utfordring
For det andre har nok den ukorrekte omsetjinga til norsk fått fotfeste fordi det er uvant – og kanskje krevjande – for mange å tenkja på ein nasjon som ikkje er definert av ei statsgrense. Den samiske nasjonen – det samiske folket – bur og lever i fire statar: Noreg, Sverige, Finland og Russland, og innbyrdes ber nasjonen på eit rikt lingvistisk og kulturelt mangfald. Det er likevel meir som sameinar enn skil dei språkleg og kulturelt i høve til storsamfunna dei lever i: Dei har eit fellesskap som er grenseoverskridande.

Illativ eller komitativ?
Som helsing på nasjonaldagen og i andre samanhengar, høyrer ein både «lihkku beaivái» og «lihkku beivvin». Eg har ikkje fått slege fast om eitt av uttrykka blir rekna for meir idiomatisk nordsamisk enn det andre, men den grammatiske skilnaden er i alle fall denne: beaivái er kasus illativ og tilsvarar såleis ofte den norske preposisjonen ‘til’, medan beivviin er kasus komitativ og tilsvarar ofte den norske preposisjonen ‘med’. Altså har vi ‘lukke til dagen’ versus ‘lukke med dagen’, og det tilsvarar på mange måtar den variasjonen vi har mellom norsk og svensk, for der vi helsar t.d. eit bursdagsbarn med «Gratulerer med dagen!», seier svenskane «Grattis till födelsedagen!».

Feiring på begge halvkuler
Korleis ein gratulerer med (vel) overstått har eg ikkje lært meg enno. Men eg håpar det vart mange flotte markeringar rundt om i Sápmi i går. Og så håpar eg også at folk på New Zealand hadde ein flott Waitangi Day – deira nasjonaldag samanfallar med samane sin og er viktig ikkje minst for maoriane på øygruppa.