Gi oss fleire og kunnskapsrike norsklærarar!

I Dagens kortinnlegg i Aftenposten 3. mai har eg eit av to svar på kronikken «Fjern sidemålseksamen nå!» skriven av norsklektor Leonard Ibsen ved Valler vgs. i Bærum. Eg sende opphavleg inn ein tekst på oppunder 3000 teikn og fekk beskjed av debattredaktøren at dei gjerne ville ha innlegget dersom eg korta det ned til 1100 teikn. Då var det berre å praktisera det prinsippet eg sjølv prediker når eg held føredrag om formidling: Kill your darlings! (Brevity is a virtue.)

Men den lengre versjonen legg eg ut her. Han gir no trass alt eit fullare bilete. Og sluttpoenget læt dessutan litt annleis. Det andre svaret på Ibsen-kronikken, signert leiar av Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, er for øvrig òg vel verdt å lesa.
 

Gi oss fleire og kunnskapsrike norsklærarar!

I norsklektor Leonard Ibsens utfall mot nynorsk sidemål 27. april skyv han minoritetsspråklege elevar framfor seg i argumentasjonen. På anekdotisk vis seier han at særleg dei strevar med den nynorske grammatikken og at det øydeleggjer for resten av norskfaget. Men har lektor Ibsen tenkt på at elevar som kan andre språk enn norsk, har mykje kunnskap, medvite og/eller umedvite, om språk og språkstrukturar? Er det kanskje lektor Ibsen som har for lite språkkunnskap og som manglar dei rette verktøya til å rettleia elevane sine – norskspråklege og andre – til god nynorsk?

Diktet «Mange års røynsle med pil og boge» av Olav H. Hauge. Faksimilie frå Olav H. Hauges vakraste dikt, utgitt på Samlaget i 2014.
Diktet «Mange års røynsle med pil og boge» av Olav H. Hauge. Faksimilie frå Olav H. Hauges vakraste dikt, utgitt på Samlaget i 2014.

I kronikken sin bringer Ibsen lite nytt til torgs. Han målber eit omkvede som med ujamne mellomrom dukkar opp: Er det ikkje nok å gleda seg over estetikken i det nynorske språket? Er det verkeleg nødvendig å plaga den oppveksande slekt med dei strukturane som ligg bak dei flotte tekstane til Tarjei Vesaas, Olav H. Hauge og Agnes Ravatn? Hadde elevane berre sloppe å ha eksamen i skriftleg nynorsk, hadde nynorskundervisninga vorte så mykje betre, er påstanden til norsklektoren.

Det ligg ei latent forakt for verdien av språkkunnskap gjennom heile teksten til norsklektor Ibsen. Slik sett skriv han seg inn i ei framstilling av norskfaget som mellom anna har komme tydeleg til uttrykk i den pågåande fagfornyinga av norsk skule, regissert av Utdanningsdirektoratet. Der er vektlegginga av språkstrukturelle læringsmål i norskfaget minimal. Derimot vil ein at elevane i større grad skal utforska det notidige språklege mangfaldet i landet vårt, og det er vel og bra, men på kva måte skal ein gjera det om ein ikkje har eit godt utvikla språk til å snakka om språk og språklege strukturar? 

Lektor Ibsen vil via tida med nynorskundervisning til den nynorske litteraturen framfor det nynorske språket. Men kvifor brukar han ikkje litteraturen som ein inngang til å fortelja om strukturane i det norske språket – nynorsk som bokmål og jamvel talemåla? Og kvifor brukar han ikkje nynorsk meir i andre delar av norskfaget, og gjerne i andre fag også, for å gi elevane den treninga dei treng for å bli gode. Skuldast det at Ibsen sjølv ikkje har dei beste føresetnader for å læra bort nynorsk?

Eg er involvert i utdanning av framtidige norsklærarar både ved UiT og Høgskulen på Vestlandet, og norsklærarar er det skrikande mangel på i den norske skulen. Å studera nordisk eller å ta norsk som fag i lærarutdanninga er eit trygt og godt val som gir jobb. Samtidig er det godt dokumentert at di færre vekttal/studiepoeng ein norsklærar har, di meir negative er haldningane til nynorsk og forståinga for den norske tospråkstoda. For å undervisa norsk i vidaregåande skule er minimum utdanning eit års studium (60 studiepoeng) i nordisk/norsk der halvparten av desse er i språklege emne. Produktiv nynorskkompetanse hjå studentane vert kravd og prøvd ved alle institusjonar og inngår som ein sjølvsagt del av faget. For den norske skriftspråkkulturen handlar trass alt om bokmål og nynorsk, ikkje berre det første.