Mange frustrasjonar fire år etter Fukushima

Det er 4 år sidan det vanvitige jordskjelvet, tsunamien og ulykka ved Fukushima Daiichi-kraftverket. På grunn av Tsjernobyl-erfaringane våre vart Strålevernet etter ulykka invitert til å bidra til ein serie med dialogseminar i Fukushima, i regi av Den internasjonal strålevernkommisjonen (ICRP), der målet har vore at lokalbefolkninga skal få lufte ulike problemstillingar rundt konsekvensane av ulykka. Siste helga i mai vart det 11. seminaret gjennomført, og hovudtemaet var korleis tilgang på ulike målingar og måleresultat kan vere til hjelp for befolkninga. På ICRP si nettside er det oversikt over tidlegare seminar.

Det var det fjerde av desse seminara eg deltok på, og det er gått to år sidan sist. I mellomtida har både nokre norske gardbrukarar og ein reineigar besøkt Fukushima og fortalt om sine erfaringar med Tsjernobyl-forureininga, og ei gruppe frå Fukushima har vore på besøk i Nord-Trøndelag og Oppland for å få nærare innsyn i korleis det er å leve med langvarige konsekvensar av ei ulykke – no er det 29 år sidan Tsjernobyl endra liva der.

Som ei følgje av alle dei tiltaka japanske myndigheiter sette i verk for å fjerne forureining og hindre produksjon av forureina matvarer (gjennom restriksjonar på jordbruk) – men også pga. jordtyper og produksjonsmåtar – vart det no rapportert stort sett berre låge forureiningsnivå i matvarer i Fukushima. Og det er nesten ikkje målbar forureining i folk.

Det var derfor ei mykje lettare stemning på dialogseminaret enn tidlegare – og ein enorm kontrast frå frustrasjonane og mistilliten vi var vitne til på det fyrste seminaret eit halvår etter ulykka. 

Eksempel på «reinsking» av hage. Det aller meste av forureininga blir liggande i det øvste jordlaget, og over store område har derfor dei øvste 5 cm av plen og jord blitt fjerna. Dette har laga store avfallsmengder og –utfordringar (bilde frå Date, november 2011).
Eksempel på «reinsking» av hage. Det aller meste av forureininga blir liggande i det øvste jordlaget, og over store område har derfor dei øvste 5 cm av plen og jord blitt fjerna. Dette har laga store avfallsmengder og –utfordringar (bilde frå Date, november 2011).

Men situasjonen er ein heilt annan i dei mest forureina områda: Framleis er det over 100.000 personar som ikkje har returnert til heimane sine etter at dei vart evakuerte eller flytta av eigen vilje. Vi har tidlegare høyrd t.d. om stigmatisering av befolkninga fordi dei blir sett på som «stråleskadde» og mindre verdt, om foreldre som er redd ungane ikkje vil få partnerar, og om barnefamiliar som ikkje vil flytte tilbake til dei forureina områda uansett kor mykje myndigheitene ryddar opp – 100% reint blir det aldri, og kvifor skal dei stole på myndigheitene?

Det har derfor lenge vore uro knytt til om dei kan reetablere samfunn utan yngre generasjonar: Er det liv laga t.d. for butikkar, mogleg å oppretthalde helsetilbod? No har det altså gått fire år sidan ulykka, og mange har sjølvsagt starta nye liv dit dei flytta. For fyrste gong høyrde eg no også at heller ikkje eldre vil flytte tilbake: I ei av dei midlertidige busettingane med evakuerte frå Kawamata er t.d. gjennomsnittsalderen no 74 år (dei unge har flytta vidare til betre husvære), og etter fire år der har også desse starta nye liv i ein triveleg «eldrelandsby» - må dei bryte opp nok ein gong? 

Oversikt over det evakuerte området og den evakuerte befolkninga i Japan per oktober 2014. Det raude området er så forureina at folk neppe kjem til å flytte tilbake, mens myndigheitene gradvis «reinskar» dei grøne og gule områda. Sirkelen/den stipla lina er 20 km frå Fukushima Daiichi-kraftverket (kjelde: Japans «Cabinet office, Support team for residents affected by nuclear incidents»)
Oversikt over det evakuerte området og den evakuerte befolkninga i Japan per oktober 2014. Det raude området er så forureina at folk neppe kjem til å flytte tilbake, mens myndigheitene gradvis «reinskar» dei grøne og gule områda. Sirkelen/den stipla lina er 20 km frå Fukushima Daiichi-kraftverket (kjelde: Japans «Cabinet office, Support team for residents affected by nuclear incidents»)

For kvar dag som går blir folk meir etablerte i sine nye liv. Samstundes «reinskar» myndigheitene stadig nye område og klargjer heimar for retur. Når det er gjort vil myndigheitene naturleg nok kutte «bortebuarstøtta» som dei evakuerte har fått i sine midlertidige bustader, og dermed føler folk at dei blir tvunge tilbake til dei forureina områda. Ein i utgangspunktet utfordrande strålings- og forureiningssituasjon blir iallfall ikkje lettare når økonomi blir blanda inn! Nokre av dei som er villige til å flytte heim att blir til og med kritiserte av sine sambygdingar for at dei dermed er med å «legitimerer» myndigheitene sitt oppryddingsprogram, og at dei bidrar til å ta frå dei «bortebuarstøtta».

Dei personlege historiene og skjebnane er mange og samansette. Av dei sterkaste opplevingane på seminaret var forteljinga til ein kvinneleg gynekolog: Ho var høggravid da ulykka skjedde. Området der ho budde (i Date) vart ikkje så forureina at det vart evakuert. Men svigerfar var brannmann og deltok i redningsarbeidet, og råda ho til å forlate hus og mann og flytte heim til foreldra i ein annan del av Japan. Gråtkvalt fortalte ho om frykta for skader og sjukdom på barnet som gjorde at ho ikkje torde å ta med dottera og flytte heim att til mannen før hausten 2013 – tre og eit halvt år etter ulykka. Nok ein konsekvens og ein skjebne som eigentleg ikkje har med strålefare å gjere, men kor vanskeleg det er å kommunisere kva vi veit og ikkje om konsekvensar av låge stråledoser – midt i ein ulykkesituasjon.

På vegner av fagmiljøet gjer det meg frustrert over at vi ikkje strekk til – og på vegner av oss alle gjer det meg frustrert (for å seie det pent!) over dei eg opplever spelar på strålefrykt i ein slik forferdeleg ulykkesituasjon.