Anne Kalvigs blogg

Kvinner som viste veg

3.11 2017 20:01

Då Religionsvitskap i Bergen feira sine fyrste femti år, var det ei glede å få vera til stade på jubileumsseminaret og kunna identifisera seg med denne historia, det vil seia dei 25 siste av desse åra. Som ung, kvinneleg student på 90-talet, var det av stor tyding å ha sterke fagkvinner å identifisera seg med. For oss den gong var det Lisbeth Mikaelsson, Ingvild Sælid Gilhus og Ragnhild Bjerre Finnestad. Dei underviste i emne som fenomenologi, religion og kjønn, hinduisme og buddhisme og gammalegyptisk religion – slik eg hugsar det. Gro Steinsland kom frå UiO og hadde gjesteforelesingar om norrøn religion.

Å sitta der i forelesingssalen og vita at den veltalande og alltid velkledde Gilhus, med flammeraudt hår og prestisjeverv overalt, i tillegg hadde fem barn, var djupt inspirerande. Likeeins å lytta til Mikaelsson med hennar autoritet og kritiske røyst, også når ho gjorde greie for dei heilt nye innsiktene kring religion og kjønn, slik at me ikkje skulle bli livmorfokuserte og unyanserte. Og så Finnestad! Den finslege Stavanger-kvinna som var instituttet si fyrst tilsette kvinne, og ein internasjonal kapasitet innan egyptologi. Kanskje var ikkje forelesingar det ho likte best – men når ho geleida oss gjennom basaren Khan el Khalili i Kairo eller doserte for oss nedi gravkammer i Kongenes dal på studietur – legendarisk kraft! Og den elegante bergensaren frå Oslo, Steinsland, som uttalte Snorre som Snurri og for alltid vekte interessa mi for norrøn religion. Finnestad døydde så altfor tidleg i 1999, men dei andre professorane publiserer fortsatt.

Eit bilete av dei, i tillegg til den gong hjelpelærar Solveig Greve, nå fyrstebibliotekar, er prenta i den fine jubileumsbrosjyren som var tilgjengeleg i samband med jubileumsutstillinga for faget på Universitetsbiblioteket i Bergen. Det er frå 1977 og viser fem kvinner, arm i arm, i karakteristiske 70-tals fotside kjolar. Nær tjue år seinare skulle både jenter og gutar – fleire enn nokon gong både før og etter i faget – sitta og lytta til deira forelesingar. Powerpoint fanst jo ikkje, og ikkje sakna me det vel heller. Finnestad sine lysbileteforedrag frå Egypt var likevel kjærkomen avveksling.

Å ha fått møta alle desse akademiske kvinnestjernene i formative studentår, har vore svært viktig, og eg er svært takksam for det dei tydde for oss og for faget. Gilhus og Mikaelsson har eg hatt som doktorgradsrettleiarar og som kjære kollegaer i alle mine år som tilsett religionsvitar i Stavanger. I tillegg blei eg gjennom dei kjent med dei dyktige og nyskapande folkloristane Torunn Selberg og Bente Gullveig Alver. Desse fire hadde eit banebrytande samarbeid, kalla «Myte, magi og mirakel i møte med det moderne» frå midten av 1990-talet.

MMMMM-prosjektet blei naturleg nok trekt fram av Gilhus og Mikaelsson når dei gjorde opp status for forskinga på nyreligiøsitet og samtidsspiritualitet ved UiB under jubileumsseminaret. Innlegget deira heitte «I spenn mellom åndelig dybde og religion smurt tynt utover». Her gjorde dei greie for korleis dei byrja interessera seg for den type religion og spiritualitet som ikkje passar i dei tradisjonelle religionskategoriane, og dei teoretiske innsiktene dette har ført med seg. Siv Ellen Kraft, professor ved Universitetet i Tromsø, var doktorgradsstudent hos Gilhus og Mikaelsson og seinare postdoktor ved instituttet. Utforskinga av teosofi står sentralt hos henne og i fagmiljøet i tida før myte og mirakel-prosjektet, mellom anna fordi instituttet fekk eit heilt teosofisk bibliotek til låns av teosofen Anne Gåsemyr i 1991. Gjennom utforskinga av dette biblioteket, inkludert feltarbeid i India, påviste Religionsvitskap i Bergen med Gilhus, Mikaelsson og Kraft i spissen, korleis teosofien blir ein viktig forløypar for dagens nyreligiøsitet i Norge. Tilfeldigheiter – eller det som i nyreligiøs forståing blir kalla synkronitetar – spelte såleis inn for fagspesialiseringa innan teosofi. Men kva tid speler det tilfeldige ikkje inn?

Ved disputasen min i 2011 var det fyrste gong i historia at doktorand, rettleiarar, komite og (sette)dekan var ei rein kvinneforsamling. Ikkje at det skal vera normen, men fin kontrast til historisk mannsdominerte disputasar. Her er ser me frå venstre Lisbeth Mikaelsson, Liselotte Frisk, Ingvild Sælid Gilhus, Ingvild Øyen, Anne Kalvig, Torunn Selberg og Siv Ellen Kraft. Foto: Marie Smith Solbakken

 

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Anne Kalvigs blogg