Anne Kalvigs blogg

50 år med religionsvitskap i Bergen

2.11 2017 11:54

Torsdag og fredag førre veke hadde eg gleda av å vera med på feiringa av 50-årsjubileet for faget Religionsvitskap ved Universitetet i Bergen. Det blei eit interessant og tidvis rørande tilbakeblikk på utviklinga av religionsvitskap her vest, og syn på vegen vidare og utfordringar me står overfor. Foredragshaldarar og gjestar var frå Bergen, heile landet og frå Sverige og Danmark. Å få treffa igjen forelesarar, kollegaer og nye religionsvitarar ved dette jubileet var ein sann svir, og nedanfor gjev eg nokre smakebitar av framlegg og diskusjonstema. Så mange tema blei løfta fram, at det må delast opp i fleire bloggpostar.

Eg trådde mine religionsstudentskor i Bergen, det vil seia til og med mellomfag, som det heitte den gongen. Då hadde me lese eit grunnfag i eitt år, og las eit tilleggsemne innan faget i eit halvt år, tilsvarande 90 studiepoeng i dag. Mitt særemne var religion og natur. Eg tok til som religionsstudent i 1992, og kan dermed feira eit personleg religionsvitskapleg 25-årsjubileum. Student- og læringsmiljøet ved Religionsvitskap ved UiB var fantastisk, men den bergenske topografien gjorde at eg måtte ta hovudfaget i Oslo (eg sleit altså med fjella). I 2011 disputerte eg for doktorgraden i religionsvitskap ved UiB, men hadde då hatt bo- og arbeidsstad i fødebyen min Stavanger sidan 1998.

Professor Einar Thomassen innleia konferansen torsdag med å fortella om opprettinga av faget ved UiB i 1967. Det var ein ganske kronglete og (fag)politisk oppheita prosess som låg til grunn. Ein hadde på dette tidspunktet hatt professorat i religionshistorie ved Universitetet i Oslo sidan 1914, men eit religionshistorisk institutt fanst ikkje der før 1956. Skulle faginstituttet i Bergen primært opprettast for å sørga for skolen sitt behov for kristendomslærarar, eller skulle ein satsa på eit allment, religionshistorisk forskingsfag? Kyrkje- og undervisningskomiteen på Stortinget med Per Lønning i spissen ønskte det fyrste, medan UiB ønskte det siste, og dei vann til slutt. Alv Kragerud blei tilsett som professor, og han understreka at religionsvitskap er eit metodisk breiare fag enn religionshistorie, og skal inkludera religionsfenomenologi, sosiologiske, psykologiske og filosofiske perspektiv på religion. Denne nye fagforståinga la grunnen for vidareutvikling av faget her til lands. Thomassen viste kor mykje merksemd og avisskriveri det var om fagopprettinga, med artikkelen «Instituttet som beskjeftiger seg med ti tusen religioner» i Bergens Tidende som eit høgdepunkt.

På seminaret var to av dei som fyrst avla magistereksamen (hovudfag) i religionsvitskap i Bergen tilstade, professor emerita Gro Steinsland og forfattar Erling Kittelsen. Norrøn religion står på ulikt vis sentralt i arbeida deira. Å få høyra Steinsland tala om instituttet og eiga forsking og funn på festmiddagen på kvelden gjorde sterkt inntrykk, det same gjorde det å høyra Kittelsen fortella om Kragerud, som han hadde nært samarbeid med. Eg var dessutan så heldig å få Kragerud sin tekst «Helgediktningen og reinkarnasjonen» av Kittelsen! Den blei prenta i Scripta Islandica 40/1989, og tar for seg fenomenet som har forbløffa og fascinert også meg: at norrøne kjeldeskrift framheld at folk blir fødde på ny – Helge Hjorvardsson og Svåva blir fødde igjen som Helge Hundingsbane og Sigrun, og dei igjen som Helge Haddingjaskade og Kåra. Her er likskapar med dagens reinkarnasjonstru, og eg omtalar dette i boka mi Spiritisme (2016). Korleis me skal forstå denne likskapen, er sjølvsagt eit stort spørsmål, men at kjeldene fortel om dette, og at det er lite allment kjent, er sikkert. Det var faktisk forfattar Solveig Aareskjold som fyrst gjorde meg merksam på dette.

Andre innleiarar på jubileet sin fyrste dag var Richard Natvig, Lisbeth Mikaelsson, Ingvild Gilhus, Marie von der Lippe og Liv Ingeborg Lied, og smakebitar frå deira fagframlegg blir presentert i neste bloggpost! 

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Anne Kalvigs blogg