Her vert grunnlaget for bestandsvekst og framtidig suksesshistoriar lagt.

Vill suksesshistorie:
Hjorten var nesten utrydda i Noreg, no er den skogens konge

Verda er stadig på veg til å gå under! I alle fall er det mykje som tyder på at naturens mangfald ikkje har det heilt trygt saman med oss menneske. Men det finst suksesshistorier der ute også. I Norge har vi til dømes ei heilt vill ei.

Frå å vera nesten utrydda på starten av 1900-talet, har bestandane av hjortedyr (hjort, elg, rådyr og rein) i det ganske land gjennomgått ein oppvakning av dei store. Statistisk sentralbyrå legg kvart år ut jaktstatistikk som viser historia i figurform. Pila peiker rett i taket for alle bestandar. Det siste hundreåret har jaktuttaket av hjort auka med 161-gongen (!) til over 40 000. I «gamle dagar» var det knapt ein hjort å sjå utanfor isolerte stader på Vestlandet. No er hjorten skogens konge, og riket hans strekkjer seg over nesten heile Noreg.

Kven er eigentleg problemet?

I nyheitene er det oftast problema med dei ville dyra våre som blir framheva. Ser vi vekk frå alt stoff om ulv og bjørn, sit vi framleis igjen med mykje negativ omtale av hjort, elg og rådyr. Dei et opp hagebuskar, bonden si eng, plantasjeskog eller, bokstaveleg talt, står i vegen for vår travle transport frå A til B. Er det tid for å stoppe opp litt og sjå hjortedyra i eit større perspektiv?

Eit viktig perspektiv er at i verda i dag utgjer ville pattedyr berre om lag 10 prosent av alle pattedyr, rekna i kroppsvekt. Resten, dvs. 90 prosent, er husdyr og folk!

Sidespor: Økologar elskar å måle og rekne på kroppsvekt (vi kallar det biomasse). Noko har rekna ut at all maur i verda veg omlag like mykje som folk, og det er sannsynlegvis fleire kilo meitemakk enn sau i Norge.

Kule dyr som smakar på det meste i natur og hage

Forvilling og restaurering

Sidan nedgangen i biologisk mangfald er ei global krise, har det så klart oppstått trendar for å fikse på problema. Ein trend kan vi kalle «forvilling» (eng: «rewilding»). Den går kort sagt ut på å la naturen gå sin gang, men gjerne hjelpe litt til gjennom å føre tilbake utdøydde dyreslag og restaurere vegetasjon og leveområde. Havørn og bever i England, og ulv i Tyskland, er nokre døme på artar som er blitt tilbakeført. Her møter altså økologen både anleggsgartnaren og ingeniøren for å løyse ei utfordring.

I Norge har vi jo eit særs godt utgangspunkt for forvilling, med lite urbanisering og nokså små landbruksareal. Men hjortedyra har altså ikkje hatt det så bra i historisk perspektiv, heller ikkje i Norge. Hadde vi hatt ei raudliste i mellomkrigstida, altså desse altfor lange listene over truga plante- og dyreslag, hadde nok kvart einaste av hjortedyra våre stått der, som «nær utrydda».

Annleislandet Norge

I dag er Norge eit annleisland også for desse ville dyra. Hjort, elg, rådyr og villrein i Norge står faktisk for ein mogeleg verdsrekord. Oppimot halvparten av den totale kroppsvekta til alle store beitedyr inkludert husdyr, i Norge, er faktisk ville dyr (rett nok eit spesielt mål på kroppsvekt, så det reelle forholdet er nok meir i favør av husdyra også i Norge, men dette finst det ikkje gode data på).

Suksessen til ville beitedyr i Norge er skapt gjennom ei meir berekraftig naturforvaltning og strengare jaktlovgiving tilbake i tid. Altså ei suksesshistorie i kategorien «forvilling» lenge før slike begrep blei trendy. Meir skog, gunstig klima og færre rovdyr har sjølvsagt hjelpt oss på vegen, men det må vere lov å klappe seg sjølv litt på skuldra for denne? Sjølvpisking driv vi jo nok med! (At vi kanskje ikkje er like gode til å forvalte store rovdyr får vi la ligge denne gongen.)

Eg er så heldig at eg er trebarnsfar. Mine barn er blant dei heldigaste i verda, for dei kan sjå hjort og andre ville dyr frå stoveglaset. Kanskje forstår dei ikkje enno at dei er heldige, faktisk globalt heldige? Men dersom vi klarar å ta vare på dei ville dyra våre i åra som kjem, ikkje berre sjå dei som hindringar i trafikken eller skadegjerarar for dyrka mark, så trur eg ungane våre vil takke oss.

Les meir om hjortens spennande liv i mitt tidlegare innlegg på forskning.no, Ti ting du ikkje visste om hjorten

Kanskje får du ein dag sjå ein badande hjort? Hjorten likar å bade og svømmer gjerne lange avstandar i rett linje. Den er difor talrik på mange av våre øyer
Powered by Labrador CMS