Illustrasjon: Hege Gjerde Sviggum, www.botaniskillustrasjon.no.

Erteplantenes hemmelege liv - eller vår i vinduskarmen

Er du vårsugen og treng ei grøn vitamininnsprøyting? Gjer deg klar for å bli kjent med planteverdas tusenkunstnarar: erteplantene. Dei har løysinga både på mental vårknipe, klodens karbonoverskot og naturens evige nitrogenmangel.

Mange elskar vinteren. Nokre av oss lengtar meir etter våren – tida då sola begynner å blenke i bakkane og «nytt liv av daude gror», som det står i songen. Mitt beste hjelpemiddel for å få fart på vårkjensla ligg i kjøkkenskuffa: ein boks gule erter (dei som har overvintra frå haustens ertesuppe-middagar), pluss ei druekorg, ein liter jord og litt vatn.

Etter nokre dagar skjer mirakelet: ein tjukk, kvit utløpar veks ut mellom dei to halvdelane av erta og borar seg ned i jorda. Så kikkar små, grøne blad fram, men dei søkjer seg opp, opp, opp, mot lyset!

Erter+jord+drueboks+ein skvett vatn og litt vårsol = førsteklasses energiinnsprøyting for ein vinterprega nordbuar. Det er nesten så erteplantane står og vinkar til deg frå vinduskarmen! Foto: Inger Auestad.

I løpet av ei veke eller to har du grønt gull i karmen: tett i tett av plantar med fine bladpar, kvart par skilt av sprø, grøne strenger som ender opp i eit knippe klengjetrådar. Trivelege er dei å sjå til, og den sommarlege smaken av sukkerert løftar den kjedelegaste salat eller brødskive mange hakk.

Bind deg ein blomekrans

Eg er glad i alle slags plantar, men erteblomstfamilien står i ei særstilling. Her finn vi viktige matplantar som erter og bønner, fargerike villblomstrar som tiriltunge og skogkløver, og duftande hagebuskar som blåregn.

Ei fargerik blomstereng har gjerne innslag av mange erteplantar! I denne enga på Kaupanger veks knall rosa skogkløver i lag med kvitmaure og gulmaure, og erteplantane forsyner jordsmonnet - og dermed både seg sjølv og andre plantar - med nitrogen. Foto: Inger Auestad.

Erteplantane kjenner du att på dei oppdelte blada – dei kan anten ha bladpar med klengjetråd, mange småblad på rekke og rad, tre som sit samankopla, to i par med ein liten brodd mellom… tenk på ei bladform, og du finn henne her.

Blomstrane i familien er ei sak for seg. Dei kjem i alle slags fargar, og det nytta munken Georg Mendel seg av, då han gjorde sine berømte erteblomster-eksperiment på midten av 1800-talet. Han var nok ein tolmodig mann, for han kryssa meir enn 30 000 erteblomstrar med pinsett og pensel, før han slo fast korleis eigenskapar som blomsterfarge og høgd på erteplantar går i arv.

Blomsterert er ein av dei finaste sommarblomstrane som finst! Det er HVL-kollega Hege og eg heilt einige om. I tillegg til å vere erteblomst-entusiast, er Hege truleg den flinkaste botaniske illustratøren i Noreg, berre sjå på nettsida hennar: https://botaniskillustrasjon.no Illustrasjon: Hege Gjerde Sviggum.

Erta, berta, sukkererta…

Erteplantane har ei karakteristisk frukt – ein ertebelg. Du kjenner han kanskje frå butikken eller hagen – flat, grøn og saftig. Visste du at sukkererter, slik vi et dei, eigentleg er umodne frukter med umodne frø? Viss du splittar opp ein moden ertebelg, ser du at han kan likne litt på ein kano, stappa full av grøne blanke frø (eller erter).

Her ser vi tydeleg korleis dei modne frøa - ertene - sperrar ut veggene i ertebelgen, og gjer at han kan likne litt på ein kano. Men der kanoen har opning berre i eine langsida, kan ertebelgen sprekke opp på begge sider. Foto: Rachael Gorjestani rachaelgorjestani, CC0, via Wikimedia Commons.

Får erteplantane stå i fred og modne, svulmar nemleg erter og belgar opp, før dei tørkar inn. Innsida av belgen pressar på for å få vrenge seg ut, og til slutt er det berre nokre små fibrar på utsida av belgen som held att for trykket som har bygd seg opp. Så, på ein særleg varm dag, eksploderer ertebelgane og pang! så blir frøa skotne metervis av garde, til ein ny veksestad.

Peanøtta er eigentleg ikkje ei nøtt, men ei ert. Denne snodige fetteren av våre heimlege erteplantar trivst i tropiske og subtropiske strøk, og lagar berre to frø i kvar belg. I staden for å la belgane henge og dingle i friluft, borar peanøttplanten dei kontant ned i jorda, til dei ligg trygt og godt plassert 6-8 cm under bakken. Her modnar dei i trygg avstand frå alskens dyr som gjerne vi ha seg eit næringsrikt måltid. Foto: Pollinator [GFDL,CC-BY-SA-3.0].

Karbon i karmen

Men erteplantane i karmen har meir på lager enn saftige, grøne tygg. Etter eit par veker er den svarte jorda i druebegera mine fylt opp med ei tett matte av kvite planterøter. Dei fine rothåra ligg som ein pels i jorda, og syg opp vatn og næring. Dei står ikkje tilbake for den grøne matta over jorda.

Teknologar og politikarar som drøymer om å løyse gåta om korleis ein kan fange karbon, og dermed kjøle ned ein overoppheta klode, treng eigentleg berre å sjå til plantane – dei har løyst det heile gjennom fotosyntesen.

Grønn glede i karmen! Foto: Inger Auestad.Click to add image caption

Dei fleste skjønar at trea i skogen er gode karbonlager – dei tjukke stammane inneheld mykje cellulose. Men svært mykje av karbonlageret i skog, i myr og i andre naturtypar ligg under bakken, ikkje berre over.

Slik er det også i engene våre – der erteblomstrar, saman med andre gras og urter, har vore dyrka til mat for folk og dyr gjennom uminnelege tider. Det har gitt metertjukke lag med brunjord, pakka med daude røter, sopptrådar, makk, spretthalar og anna småkryp, og toppa med eit kraftig rotnett frå gras, erteblomstrar og andre blomstrande urter– ikkje ulikt erteplanterøtene i drueboksen min.

Verdas minste gjødselfabrikk

Erteblomstrane har eit triks til i ermet (eller i røtene, eigentleg). Dei held seg med verdas minste gjødselfabrikkar, som produserer nitrogen. Nitrogen er det viktigaste byggestoffet i proteina til både dyr og plantar,og yndlingsmaten til plantane. Lufta er proppfull av nitrogengass – 78%, for å vere nøyaktig – men dessverre for plantane, er nitrogengassen heilt umogleg å ta opp direkte.

Då forskarduoen Birkeland og Eyde i 1903 fann ut korleis dei kunne gjere om nitrogen og oksygen frå lufta til nitrat (som plantene elskar, OG kan ta opp gjennom røtene), revolusjonerte dei jordbruket for all framtid. Det er desse karane si forteneste at vi i dag kan kjøpe fullgjødsel med opp mot 25% nitrogen på Felleskjøpet.

Med fri tilgang til nitrogen, tok jordbruket eit kvantesprang. Men for erteplantane var dette gammalt nytt. Dei har faktisk drive med slik nitrogenfiksering i 58 millionar år, og det gjer dei i knollar på røtene sine, i samarbeid med bittesmå, eincella organismar: Rhizobium-bakteriar, eller rotknollbakteriar.

Rotknollane er lette å sjå når du tek opp ein erteplante frå jorda. Rota lagar desse klumpane på bestilling frå rotknollbakteriane. Foto: Reidun Pommeresche, Norsøk.

Rotknollbakteriane lever fritt i jorda, men alltid på utkikk etter ei rot å sjekke opp. Og røtene er med på leiken: i beste Romeo og Julie-stil sender dei ut forførande plantestoff frå rothåra sine. Når bakteriane merkar det, strøymer dei til rothåra, som opnar ein cellevegg. Vår Romeo – rotknollbakterien – er ikkje sein om å snike seg inn!

Vel inne startar ei hektisk formeiring, før tallause bakteriar entrar det indre av rota, kor dei sett i gang med å stimulere rota til å lage knollar. I knollane lever bakteriane Herrens glade dagar og gjer nitrogengass om til plante-favoritten ammoniakk. Som takk for maten, fôrar røtene bakteriane med stivelse og sukker som bakteriane ikkje kan produsere sjølv, når dei driv med nitrogen-businessen sin.

Nei, det er ikkje ein svidd marshmallow, men ein rotknoll frå kvitkløver. Den rosa gugga i midten er milliardar av aktive rotknollbakteriar, travelt opptekne med å byggje om nitrogengass til ammoniakk. Foto: Reidun Pommeresche, Norsøk.

Vel var Birkeland og Eyde to smarte karar. Men samanlikna med den elegante løysinga til bakteriane og erteblomstrane, er modellen deira eit gammaldags energisluk, med store miljøproblem som konsekvensar. Forskarar har jobba i over 50 år med å få andre plantar og bakteriar til å gjere same jobben som erteblomstrane og rotknollbakteriane gjer, men har ennå ikkje løyst gåta.

Ta deg ei bønne!

Bakterieknepet gjer at bønner, erter og linser er naturleg rike på protein. Dermed er dei uunnverlege i kosten til store delar av verdas folk, og særleg vegetarianarar har mykje å takke erteplantene for. For å få nok lysin (eit livsviktig byggestoff i kroppen vår) må vi enten ete kjøt – eller bønner og linser.

PErteblomstrar kan vi også bruke til å gjødsle dyrka mark utan å bruke kunstgjødsel. Dei kan altså vere del av løysinga for ei meir energi-effektiv framtid.

Bønner er god mat, men også berykta for å gje "full gass" i sarte tarmar. Gassen kjem frå tarmbakteriar som hjelper til å bryte ned store mengder fiber og såkalla alfa-galaktosidar. Vil du ete, men ikkje fise, er det lurt å trappe forsiktig opp på bønneetinga. Foto: Rawpixel Ltd., Piqsel.com.

Eg har ikkje sett rotknollar på erteplantene mine – enno. Men eg tippar at ein neve hagejord i lag med butikkjorda ville gjort susen. Det blir neste steg i utforskinga av biologiske mirakel i vinduskarmen. Erteplantane sin magiske verknad på fotosyntese-fantastar som meg, blir eigentleg banal i samanlikning med karbonbinding og nitrogenfiksering.

Uansett vil eg anbefale deg å prøve erter-i-drueboks-trikset for å få ein forsmak på vår og sommar. Så kan du jo grunne litt på alle dei andre gode tinga som erteplantene gjer for kloden!

Powered by Labrador CMS