To spente artsjegerar sjekkar om det verkeleg er den sjeldne sogneasalen dei har funne. Foto: Espen Sommer Værland.

Skatten i ura – jakta på ein sjeldan asal

Det fanst som ein prikk på eit kart, men ikkje ein gong dei få som bur i området, visste akkurat kor det vaks. Ein varm dag i september la tre eventyrlystne botanikarar i veg over ein fjord og opp ein avsides dal for å leite etter eit lite tre som nesten ingen har sett.

Rogn kjenner du sikkert. Om våren blømer rognetrea med kvite kaskadar av små roseblomstrar, om hausten heng dei tunge av knallraude frukter som fuglane gassar seg med. Dei karakteristiske, oppdelte blada har gitt arten tilnamnet fjell-ask på engelsk.

Men visste du at i Sorbus-slekta, der rogna er plassert, finst òg ein haug andre treslag som er så sjeldne at dei er lista opp i den europeiske raudlista for tre? På norsk vert dei kalla asalar. Asalane har mindre oppdelte blad enn rogn, og nokre av dei er verkeleg sjeldne – og så har dei rare og fine namn som sølvasal, bergasal, grenmarasal(!), nordlandsasal og sørlandsasal. Kvar landsdel har meir eller mindre sin eigen asal!

Asalartane kjem i mange tapningar. Bergasalen er ikkje blant dei sjeldnaste, men sidan han vanlegvis veks på utilgjengelege stadar der han slepp å konkurrere med andre tre, er han ikkje eit vanleg syn. Her i Haugaviki, ein aude idyll ved Sognefjorden, lagar han reine syden-stemning med sine låge, hengande greiner over den kvite steinstranda. Foto: Inger Auestad

Sogneasal – ein ekspedisjon verd

Inst inne i Sognefjorden, der eg og botanikar-kollegaene mine held til, veks den vesle sogneasalen. I dette tusenåret er han berre funnen viltveksande eit fåtal stader, og dei stadane ligg ikkje akkurat i allfarveg. Derfor var Naturhistorisk museum i Oslo kisteglade over at nokon ville dra og sjå til han.

Så det kjendest som ein ekte pioner-ekspedisjon då professor Knut, feltbiolog Espen og eg ein solskinssøndag i september i fjor starta jakta på det spinkle, vesle treet i ei bratt liside på sørsida av Lustrafjorden. Det var mest som å gå (eller hoppe) i fotspora til generasjonar av barske naturforskarar.

Steilt og tørt var det i lia, som var dominert av attgroande hagemark i blanding med steinblokker og små stup. Rett nok vaks det ein del buskar og tre i området, men ingen av dei var av den spesielle, sjeldne arten.

Dei kvite blomane til sogneasal har store, rosa pollenknappar, slik vi ser her på bildet av ein sogneasal i "fangenskap" ved arboretet på Milde. Når vi ser kor fine desse blomane er, skjøner vi kvifor asal-entusiast Per Harald Salvesen ved arboretet ivrar for at vi skal ta nette små tre som sogneasal i bruk som hageplanter! Foto: Per H. Salvesen.

Istid og jomfrufødsel

Ein kan jo lure på kvifor vi har så mange sjeldne artar av akkurat asalane. Det heng truleg saman med at mange av dei driv med jomfrufødsel – dei lagar barn utan innblanding frå ein far, så avkommet får nøyaktig same arvestoff som dei sjølve.

I eit slikt system er ikkje pollen så viktig for formeiringa, men blomstrane lagar likevel mengder av det. Insekta, som gir katten i kjønnslivet til trea dei lever av, forsyner seg av dette herlege matfatet, og fraktar pollen hit og dit, og gjerne mellom ulike asalartar.

Då trea kom vandrande inn i Noreg etter siste istid, trur vi at pollen frå ei heilt alminneleg rogn ein gong hamna på arret til ein nær slektning, ein bergasal. Desse treslaga hadde ikkje tidlegare vakse nær kvarandre, og mangla derfor den vanlege sperra mot kryssing mellom artar.

Det vesle plantebarnet som utvikla seg frå denne hendinga, må i sin tur ha teke i bruk jomfrufødsel-knepet og kopiert den heilt spesielle, nye genkombinasjonen direkte over i sine frø igjen. Så var det berre å få desse spreidd med fugl. Voilà!

Sogneasal har karakteristiske, langsmale blad med flikar som ikkje går heilt inn til midtnerven, og store raude frukter på raude stenglar. Foto: Espen S. Værland.

På denne måten fekk vi faktisk ein ny liten art, nemleg sogneasalen, som verken var lik rognefar eller bergasalmor!

Sjeldan eller vanleg?

Du lurer kanskje på kvifor sogneasalane ikkje har blitt like vanlege som rogn? Stadene der desse trea veks, fortel om eit varmekjært og tørketolande tre som ikkje hevdar seg i tett og frodig skog. Berre der andre må gje tapt for tørke og skrint jordsmonn, har dette treet ein sjanse til å bli eit vakse tre.

Det er nok difor talet på ville sogneasalar i verda knapt er tresifra, og arten har hamna på den europeiske raudlista for tre. Denne lista, som vart lansert i fjor, syner at nær halvparten av dei europeiske treslaga er så sjeldne at dei står i fare for å forsvinne.

Skatten i ura

Men på veg gjennom ura septemberdagen i 2019 tenkte vi ikkje på europeisk utbreiing, men på å kjenne att ein særmerkt liten asal. Og med eitt, i den tørraste, mest uvegsame skrenten, stod plutseleg treet! Det var ikkje så imponerande – det var lite og litt pjuskete, men hadde dei karakteristiske trekka til sogneasal: smale blad med raude bladstilkar og store, raude frukter med små, brune korkporer.

Dermed var jakta over.

Sogneasaltreet er spinkelt og lite i vill tilstand - det er ikkje så lett å bli frodig når ein er forvist til å bu i ei steinur! Den lange, varme sommaren i 2018 hadde nok sett fart i fruktproduksjonen, for hausten 2019 stod treet tungt av raude "bæreple", som botanikarane kallar fruktene. Andre kallar dei bær, og det er òg heilt greitt! Foto: Inger Auestad

Med oss heim att tok vi bilde og nokre kvistar som belegg eller bevis på at dette var rette arten. Naturhistorisk museum i Oslo hadde bede oss fint om å sende dei frø, så vi sanka nokre nevar frukt som vart sendt over fjellet seinhausten 2019. I Oslo reinsa dei ut 33 frø frå desse fruktene, og dei ligg no bak lås og slå i den nasjonale frøbanken.

Tok synet av sogneasalen pusten frå oss? Nei, han gjorde vel eigentleg ikkje det.

Men då vår vesle ekspedisjon stod i ura den blanke septemberdagen og beundra det spinkle, sjeldne, treet, kjente eg på kor fint det var å oppleve noko som var annleis og heilt spesielt.

Min hageglade kollega Eli spurte fint om å få med seg nokre frø heim i fjor haust. No har ho drive fram ein liten sogneasal som ho passar godt på, for ho synest det er stas å ha eitt av Noregs sjeldnaste tre veksande utanfor stovedøra. Foto: Christian Zurbuchen.

Les meir

Grundt, H.H. & Salvesen, P.H. 2011. Kjenn din Sorbus. Rogn og asal i Norge. Rapport fra Skog og landskap nr 23. https://bit.ly/2RL1PlV

Salvesen, P.H. 2009. Rogn og asal (slekten Sorbus) i Arboretet på Milde. Årringen, 13, 4-48. https://bit.ly/35ZL5PZ

Powered by Labrador CMS