Hjortebrøl: haustens tøffaste vokal

Nordmenn benkar seg rundt TV-en for å sjå flotte vokalprestasjonar i Stjernekamp. Likevel slår ingen menneskeleg bass eller tenor haustens kraftigaste vokal. Min næraste nabo for tida er ein ungdommeleg tolvtaggar som held det gåande heile natta.

Høyr lydopptak gjort ut av vindauget med mobil: trykk på «play»-knappen på bildet under.

Oktoberfesten i skogen har vore i gang ei tid no, med brøling som liknar kraftig rauting og grynting. Kvar natt konkurrerer barske hjortebukkar i å lokke på lekre hjortekoller. Målet er å samle seg eit heilt harem, ei samling på kanskje opptil ti damer. Sjekkemarknaden på byen kan sikkert vera tøff nok, men hjå skogens sjef, hjorten, er det lite rom for dei pysete og sjenerte.

Haremstrukturen hjå hjorten gjer at det først og fremst er dei store, vaksne bukkane som får vidareført arvematerialet sitt. Ungdommen og pensjonerte bukkar kan kanskje få seg eit nyp, men stort sett er det sjefsbukken – den sterkaste og mest brautande alfahannen – alle vil ha. Men det er hohjorten som gjer det endelege valet!

Hjortebrølet er eitt av fleire viktige signal hjortebukken brukar i brunsten, paringsperioden til hjorten, som i Norge stort sett varer frå seint i september og ut oktober. I tillegg brukar hjorten både utsjånad (kropp og gevir) og lukt til å signalisere styrken sin. På denne måten prøver bukken å etablere eit revirområde der han kontrollerer dei fruktbare kollene.

Med brølet kan hjortebukken signalisere til både potensielle partnarar og konkurrentar at han er i området og kor sterk og flott han er. Stort sett betyr mørkare og kraftigare brøl ein større og eldre bukk. Hjortebukken er fysisk på topp rundt 10 års alderen, og deretter er han ofte på retur (også kalla «returbukk»).

Dersom hjortebrølet ikkje er sterkt nok til å skremme andre bukkar, eller det finst fleire jamgode brølarar i eit område, kan det bli kamp. Stort sett endar det med at ein bukk stikk frå kampen med halen, eller liknande, mellom beina. Men døden blir også resultatet for ein del bukkar.

Nett no er brunstaktiviteten på topp. For oss som bur i skogbrynet vestpå, er det umogleg å nyte gullrekka uforstyrra ein fredagskveld - ikkje ein gong Johan Golden kan hamle opp med dei grove grynta til ein hjortebukk i blodtåka.

Vil du oppleve hjorten på nært hald, er det verdt å ta seg ein tur i haustmørket, til fots eller i bil, før leggetid eller tidleg om morgonen. Du vil ikkje angre (men neste veke kan det vera for seint). Ingen rop i skogen kan konkurrere med skogens primalskrik nummer 1, buringa frå ein kåt bukk.

Brøl tilbake og sjå om han svarar, eller sjekk ut starten på NRK sin nyaste naturserie Natur i endring, episode 2, der bloggforfattaren er på brøletur med Johan Trygve Solheim frå Norsk Hjortsenter.

Er norsk hjorteviltforvaltning «økologisk»?

Det kan hende du ikkje høyrer så mykje hjortebrøl der du bur. Dette kjem anten av det er for lite hjort i ditt nærområde, eller fordi det er for få vaksne bukkar i hjortebestanden lokalt. Det har lenge vore eit problem at norske hjortejegerar feller for mange bukkar i sin beste alder. Oddsa for å bli heilt vaksen, altså over fem år, er faktisk så låge som 10 prosent for ein hannhjort i Norge. Kommunane bestemmer kva type dyr jegarane får felle under jakta. Staten utviklar lovverket som skal sikre biologisk forsvarleg jaktutøving. Grunneigarar og jegerar spelar ei nøkkelrolle i den praktiske forvaltninga. Eit viktig mål er å sikre naturleg alders- og kjønnssamansetning i hjorteviltbestandane våre. Viltforvaltninga i Norge har enno ein veg å gå før den kan bli godkjent som «økologisk».

Powered by Labrador CMS