Ein liten rosettkarse trassar vinteren og spirar freidig i februar. Denne kortlevde arten veks i skogbryn og på skjellsand - og i mang ein hage. Foto: Inger Auestad

Grøn vinter – godt eller gale?

Starten på 2020 har gitt nye rekordar på vêr-fronten, for så høge temperaturar og så lite snø som vi har hatt i Sør-Noreg i år har vi omtrent ikke opplevd før. Ute veks graset, og pollenvarslinga er i gang. Korleis taklar eigentleg plantene ein slik vinter?

Så vart det ein av dei vintrane. Ungane går til skule utan lue, snøfresarane blir ståande i kjellaren og skifolket sukkar og ser lengselsfullt ut over grøne bøar og snøfrie lier. I Svelvik rullar dei ut ferdigplen samstundes som dei siste juletrelysa blir tekne inn, og på Leikanger står stemorsblomsten i fullt flor.

No som dagane raskt blir lengre, minkar sjansen for streng kulde og mektig snødekke drastisk. Kva har ein slik grøn vinter å seie for plantene der ute? For å svare på det, må vi først sjå på korleis dei løyser problema som den kalde og mørke norske vinteren byr på.

Eitt problem, fleire løysingar: frø, knollar og dunhåra knoppar

Plantene har sine rutinar når dagane blir kortare utover hausten, og både lys og varme minkar. Då skrur dei fotosyntesen ned på eit minimum og stoppar å vekse. Men derfrå har ulike planter ganske så ulike løysingar for å takle den kalde årstida.

Meldestokk og andre ugrasplanter veks raskt, og dei gjer kort prosess om hausten: dei fyrer av ein bråte frø, og så legg dei seg ned og døyr. Frøa til slike eittårige planter toler fint vinterkulda, og spirer opp til nye planter neste vår. I milde vintrar kan dei faktisk spire same haust, og så vekse seg store til våren. I hagen er ringblomster eit døme på ein triveleg plante som kan så seg sjølv og spire opp att året etter at du sådde ho.

Nokre snålingar, t.d. tistlar, lever i to år. Første sommaren spirer dei og dannar blad og røter, men ingen blomster. Så må dei ha ei god nedkjøling for å gjennomføre finalen; blomstring og frøsetjing i løpet av sommar nummer to. Dersom dei ikkje er nøgde med vinterkulda, tek dei seg gjerne ein ekstra «barnlaus» sommar.

Ringblomst! Eit mirakel i planteform. Så han ut når jorda er blitt solvarm om våren, og du har glede av han heile sommaren. Viss han får visne ned av seg sjølv om hausten, og du ikkje er for ivrig i lukinga om våren, kjem han gjerne opp att av seg sjølve neste år. I milde vintrar, som den vi har no, kan han hangle seg gjennom vinteren utan å fryse. Foto © Rolv Hjelmstad

Men mange planter lever fleire år, og nyttar seg av ulike triks for å takle vinteren. Knollar, røter eller tjukke rotstokkar som ligg godt skjerma under bakken, er populære løysingar. I kalde vintrar døyr alt over bakken, men når våren kjem, spirer grøne skot kjekt opp att frå røtene. Dei største fleirårige plantene våre, trea og buskane, kan ikkje skjerme vekstpunkta eller knoppane sine i bakken, så dei pakkar dei inn i dunhår og dekkskjell.

I pallekarmen til Idun på Leikanger frødde stemorsblomster seg sjølv i fjor sommar. I varme vintrar, som i år, kan denne eittårige planten fint overvintre og blomstre frå tidleg vår. Foto: Idun A. Husabø.

Vinteren - ørkenårstida

Kva er eigentleg greia med vinter for plantene? Faktum er at ein hard frostvinter eigentleg er ein gedigen tørkekatastrofe for plantene. Når vatnet i bakken frys, kan ikkje røtene suge det opp. Det gjer ikkje så mykje viss plantene har fått tid til å venne seg til kulda og skru seg ned på sparebluss. Men planteceller i blad og bark er fulle av vatn, og det har som kjent frysepunkt ved null grader (alle som har skubba salaten for langt inn i kjøleskapet, veit kva som skjer med saftspente planteceller i minusgrader). For å unngå skader, må plantene herde seg mot kulda, og til det har dei fleire smarte grep.

Dei tidlegaste krossved-artane er blant dei modigaste buskane i hagen. Dei kan ikkje plantast i dei kaldaste delane av Noreg, men der dei trivst, kan dei bløme midt på vinteren, får dei berre nokre milde dagar på seg. Kjem frosten attende, feller dei usentimentalt dei blomstrane som var uheldige, medan knoppane går fri frå øydeleggingane og blomstrar seinare på våren. Foto: Shutterstock.

Når kulda set inn, transporterer dei vekk overskytande vatn frå greiner og blad. Det kan du tydeleg sjå på rododendron: på kalde vinterdagar heng blada samanrulla og rett ned, og heile busken er eit ynkeleg syn.

Men plantene har fleire kort i ermet: når dei blir langsamt nedkjølte, utviklar dei ei slags frostvæske som hindrar iskrystallar å danne seg inni cellene. Dette gjer at gran og bjørk kan tole temperaturar ned til 48 minusgrader utan at dei blir skadde!

Vårkulde etter vintervarme? Nei takk!

I vinter har det nok vore så som så med vinterherdinga mange stader, så får vi ein real kuldeperiode no på tampen av vinteren, kan det gjere stor skade. Men også ein godt herda plante kan få trøbbel dersom han blir utsett for forbigåande fønvind og varmegrader midtvinters. Då forlét han vinterdvalen og riggar seg om til vårmodus. Om veret då slår om og det blir kaldt att, frys vatnet i sart plantevev kjapt til is.

Det er faktisk ikkje i den mørkaste (og presumptivt kaldaste) delen av vinteren at risikoen for frost hos plantene er størst. Ein ustadig vår er meir utfordrande, for då vekslar gjerne temperaturane mellom behageleg varme som lurer plantene utpå, og isnande kulde som gir kuldeskadar.

Mange vil nok kjenne seg att i det å gå lettkledd ut på ein solrik vårdag, for så å oppleve at skyene trekker seg saman, og nordavinden bles seg opp til han går gjennom marg og bein. Det er ei mykje bistrare oppleving enn det å vere ute ein kald vinterdag viss du har teke på dunjakka og topphuva!

Plantene har kanskje ikkje nokon dunjakke å ha på seg, men eit godt snødekke gjer mykje godt same nytta. Har du overnatta i snøhole i vinterfjellet? Då veit du at sjølv om temperaturen kan falle ned mot 15-20 minusgrader ute, kan det kan vere riktig så komfortabelt inni snøhola, med temperaturar rundt null. Snødekket isolerer godt og let plantene kvile trygt, sjølv om vêret vekslar og temperaturane stig og fell.

Eit lite batteri hasselraklar, klar til å spreie pollen. I år lyt pollenallergikarane stålsetje seg, for den milde vinteren har gjort at hassel og or, dei tidlegast blomstrande rakletrea, allereie har starta leveransane av pollen ein del stader i landet. I likskap med bjørka, som blømer seinare på våren, spreier desse treslaga pollenet sitt i lufta, og det går rett i fletta på hundretusenvis av allergiske nordmenn. Ei trøyst kan vere at tidleg start ikkje nødvendigvis heng saman med store pollenmengder. Foto: Wikimedia Commons, CC BY-SA 3.0, https://bit.ly/2SdIESv

Varmare klima – trøbbel for plantene

For plantene er det altså ikkje noko stor sak om ein og annan vinter er mild og grøn. Så lenge dei får nok lys, varme, vatn og næring kan dei putle på med sitt, og faktisk stå grøne gjennom vinteren. Norske ville planter er òg drivne i å takle minusgrader, særleg viss dei kan breie over seg snødyna.

Men jojo-temperaturar og berrfrost etter mildvêr kan faktisk ta knekken på planter som ikkje har greidd å halde forsvarsmekanismane oppe. Slike vekslingar i temperatur kan vi vente oss stadig meir av framover, som ein del av dei pågåande klimaendringane. Difor er det i beste fall naivt å sjå på varmare vintrar som rein bonus for plantevekst.

Endra klima kan elles ha mange andre effektar på planter (og dyr) – til dømes risikerer planter som blomstrar til «rare» tider å kome i utakt med insekta som pollinerer dei. At det ikkje er nokon draumesituasjon, verken for svoltne insekt eller for planter som treng pollen for å setje frø, treng ein ikkje mykje fantasi for å skjøne. Men det er ei anna historie, som fortener sitt eige blogginnlegg!

Les meir

- om korleis plantene taklar vinter og kulde:

Aarnes, H. 2014. Hvordan overlever planter og dyr en kald vinter? Universitetet i Oslo. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/biolab/vinter.pdf

- om korleis klima vil utvikle seg framover:

Hanssen-Bauer, I., Førland, E.J., Haddeland, I., Hisdal, H., Mayer, S., Nesje, A., Nilsen, J.E.Ø., Sandven, S., Sandø, A.B., Sorteberg, A., Ådlandsvik, B., Eds. 2015. Klima i Norge 2100. NCCS Rep. 2015, 1-204. https://bit.ly/2tLlgCH

Powered by Labrador CMS