Bitcoin-graving kan bli kvitt verstingstempelet og bli ein del av løysinga på klimautfordringa, skriv kronikkforfattarane.

Bitcoin: frå klimaversting til klimavenn?

KRONIKK: Bitcoin-graving kan snart bli kvitt verstingstempelet og bidra til å løyse klimautfordringa.

I desse tider med energikrise kan det verka provoserande å trekkja fram Bitcoin og bitcoin-graving («mining») som eit klimatiltak.

Bitcoin blir av mange sett på som ein versting i energi­debatten, og seinast i vår vart det lagt fram forslag frå partiet Raudt om å forby graveaktivitet i Norge. Forslaget vart forkasta, men viser likevel motstanden mot denne aktiviteten.

Her vil vi peika på fem konkrete område der Bitcoin-graving kan spela ei viktig og positiv rolle.

Det er på høg tid å få debatten over på eit meir konstruktivt spor og utforska mulegheitene denne industrien faktisk kan gi i klimasamanheng. Her vil vi peika på fem konkrete område der Bitcoin-graving kan spela ei viktig og positiv rolle.

1. Balansering av framtidas energinett

Sol- og vindkraft utgjorde i følgje det internasjonale energibyrået IEA 11 prosent av den totale energi­produksjonen i 2020 og er venta å veksa til over 40 prosent i 2040. Ein så stor del ustabil energi­produksjon skaper nye utfordringar for balanseringa av energinettet.

Produksjonen av energi må til ei kvar tid balansera med forbruket, elles vil det oppstå skadelege situasjonar. Med vasskraft og andre energikjelder kan nettet balanserast ved å regulera produksjonen. Det er ikkje muleg med vind og sol, og då må nettet i større grad balanserast på forbrukssida.

Enkelt sagt trengst det store forbrukarar av energi som er villige til å regulera forbruket på kort varsel. Her er bitcoin-graving i ein særklasse fordi det er ein enkel prosess som raskt kan stengjast ned og startast opp.

2. Bidrag til utbygging av meir fornybar energi

Produksjonen av sol- og vindenergi svingar nærmast konstant, det kan alle som har installert solcelle-panel skriva under på. På tider med liten eller ingen produksjon må stabile energikjelder setjast inn, eller forbruket reduserast.

På tider med full produksjon blir det overkapasitet og mykje av energien kan ikkje nyttast og går til spille. Tankane går til sketsjen «Norsk sluttstrøm» frå komiserien «Ut i vår hage», som tek utfordringa med overskotsstraum på kornet.

I motsetnad til «Norsk sluttstrøm» kan ikkje overskotsstraumen «brukast opp» ved hjelp av støvsugarar og vasskokarar, men bitcoin-graving kan dra nytte av den og dermed bidra til større lønnsemd for utbyggjarar av sol- og vindkraft og realisera prosjekt som elles ikkje ville vore lønnsame. I Texas vart over 4 TWt vindenergi stengt ute frå nettet i 2020. Det tilsvarte rundt 4,5 prosent av all vindenergi det året.

3. Bruk av overskotsgass til bitcoin-graving

Oljeproduksjon fører med seg naturgass som eit biprodukt. Ofte blir denne gassen brent («flaring») eller jamvel sleppt direkte ut i atmosfæren. I det første tilfellet blir det CO2-utslepp utan å få noko tilbake. Direkte utslepp av gass medfører store mengder av metan i atmosfæren, noko som er endå verre sett frå eit klimasynspunkt.

Bitcoin-gravarar kan nytta gassen til å laga energi og i tillegg redusera utsleppet av klimagassen metan. Bitcoin-graving er ikkje avhengig av annan infrastruktur enn internett-tilgang, og den kan gjerne vera via satellitt.

4. Oppsamling og kontrollert brenning av gass frå søppeldeponi

I USA er det rundt rekna 2 600 søppelfyllingar der det årleg siv ut store mengder metangass. Miljø­styresmaktene har påbode eigarane, som oftast offentlege kommunar og regionar, å samla opp gassen og i det minste brenna den for å unngå store metanutslepp.

På dei fleste søppelfyllingane er det ikkje gjort noko fordi det kostar ein god del berre å byggja anlegg for å brenna gassen, og varmen kan ikkje nyttast. Bitcoin-graving kan nytta denne energien og treng ikkje tilknyting til energinettet. Kombinasjonen av bitcoin-graving og løysing av utsleppsproblema frå søppelfyllingar kan slik bli ein vinn-vinn-situasjon, og det er ein situasjon som gjeld dei fleste land, ikkje berre USA.

5. Gjenbruk av varme frå bitcoin-graving

Oppvarming av hus, både privathus og næringsbygg, står for det største forbruket av energi i verda, og også for den største delen av klimagassutslepp. Bitcoin-graving genererer mykje varme, og ved å gjenbruka varmen kan for det første inntekter frå gravinga subsidiera oppvarmingskostnadene. For det andre kan utslepp av klimagassar bli redusert ved at elektrisiteten kjem frå fornybar energi. Og for det tredje vil gjenbruk av varme vera energisparande.

Alle dei fem nemnde områda for reduksjon av klimagassutslepp er i ferd med å bli realiserte. Det er god grunn til å tru at den utviklinga vil halda fram og også at utviklingstakten vil auka. Drivkrafta er energipris. Bitcoin-graving er ekstremt konkurranse­utsett og aktørane leitar alltid etter den billegaste energien.

Alle dei fem områda har potensial til å redusera prisen gravarane betaler for energi. Som ein bonuseffekt vil også klimagassutsleppa gå ned. Bitcoin-graving kan dermed bli kvitt verstingstempelet og bli ein del av løysinga på klimautfordringa.

(Svein Ølnes og Jaran Mellerud eig sjølve bitcoin)

LES OGSÅ:

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS