Pokémon erstattar naturlege artar

Åtteåringar kjenner mykje betre til Pikachu og kompani enn dyr og planter i sitt eige lokalmiljø. Dette uroar britiske artsvernarar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Born i grunnskulen identifiserer ulike “artar” av Pokémon lettare enn naturlege artar i nærmiljøet. Britiske forskarar ved universitetet i Cambridge har undersøkt 109 born frå fire til elleve år. Dei viste borna bilete av Pokémonfigurar og vanlege britiske artar, som grevlingar og eiketre.

Menneskeleg variasjon erstattar naturleg interesse

Undersøkinga viste at born på åtte år kunne identifisere 80 prosent av Pokémonfigurane, men berre halvparten av plantene og dyra.

- Dersom borna ikkje får meir peiling på natur vil dei ikkje vere opptekne av artsvern som vaksne, seier Tim Coulson, ein av forskarane, til New Scientist.

Meininga med undersøkinga var å talfeste kunnskapen borna hadde om naturen, og samtidig kaste lys på ei hypotese om at den naturlege interessa for variasjonen av levande ting blir erstatta av interesse for menneskeskapte variasjonar.

I følgje enkelte teoriar i biologien, har menneska ein medfødd trong til å katalogisere, forstå og bruke tid på andre livsformer, og dette har vore eit av argumenta i debatten om utryddingstrua artar. Men med industrialiseringa og urbaniseringa har vår direkte interaksjon med naturen blitt redusert.

Oppfinnaren samla på insekt

Oppfinnaren av Pokémon, Satoshi Tajiri, har fortalt at han samla på insekt som born, og at han skapte Pokémon for å gi dagens urbane born mogelegheita til å samle på skapningar slik han gjorde. Resultatet blei 150 Pokémonfigurar med spesielle namn, utsjånader og karakteristiske eigenskapar.

Borna i undersøkinga blei vist eit sett på ti kort tilfeldig utvalt frå settet på 150 fantasifigurar, og ti kort frå eit utval på 100 vanlege britiske artar. Kvart born blei vist eit ulikt sett med kort.

Konklusjonen er at born har stor kapasitet til å lære seg mykje om ulike skapningar, men at artsvernarar gjer ein dårlegare jobb enn skaparane av Pokémon når det gjeld å inspirere til interesse.

Bryr seg om det dei veit om

For dei første åra på skulen lærer dei britiske borna altså meir om Pokémon enn om det lokale dyrelivet, og ved ein alder på åtte år er dei i stand til å namngi mindre enn 50 prosent av vanlege artar.

- Menneska bryr seg om det dei veit om, og artsvernarar må gjenopprette sambandet mellom borna og naturen dersom dei skal vinne hjarta og hjernane til den neste generasjonen, skriv forskararne sin artikkel i Science (vol. 295:2367).

Powered by Labrador CMS