«Himmeløyane» i Aust-Afrika har unike økosystem. (Foto: Desalegn Chala Gelete, NHM)

Klimaendringar trugar alpine kjemper

Rundt heile kloden lever det plantar som har tilpassa seg livet i tropiske fjell ved å bli uvanleg store. Men no er leveområda truga.

Det strir mot det ein vanlegvis lærer, men naturen les ikkje lærebøker: I høgtliggjande strøk over tregrensa, såkalla alpine strøk, vert plantar vanlegvis mindre jo høgare opp ein kjem.

Men i tropiske strøk finst det ei gruppe plantar som har tilpassa seg alpine tilhøve ved å gå andre vegen.

– Kjemperosettplantar finn vi i alpine strøk i tropane fleire stader på kloden: frå Andes-fjella i Sør-Amerika til dei såkalla «afrikanske himmeløyane», einslege fjelltoppar i det austafrikanske høglandet.

– Dei har tilpassa seg dei same tilhøva utan å vera nær kvarandre i slekt, forklarar Desalegn Chala Gelete, som tek doktorgraden ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo.

Natt-temperatur under null

Han forklarar at kjemperosettplantane har fire fellestrekk som skil dei frå andre plantar:

– Fjellplantar er vanlegvis små, men desse gigantiske vedplantane kan verta ti meter og meir. Dei veks òg høgare jo høgare i terrenget ein kjem, i motsetning til andre plantar.

Kjemperosettplantane finst berre i alpine strøk i tropane. (Foto: Desalegn Chala Gelete, NHM)

– Eit tredje særtrekk er at dei veks raskare jo eldre dei vert. Vanlegvis er det motsett. Årsaka er at i tropiskalpine strøk er natt-temperaturen lågast nede ved bakken og kan gå under null. Når planten vert høgare, la oss seia ein meter over bakken, er natt-temperaturen høgare og veksttilhøva betre.

Svingingar over 40 grader

Den fjerde tilpassinga som kjenneteiknar kjemperosettplantane, er at dei toler ekstreme temperatursvingingar i løpet av døgnet. I løpet av 24 timar kan temperaturen i desse områda svinga like mykje som på eitt år andre stader.

– Svingingar på 15 grader er heilt vanleg, og innimellom kan forskjellen på natt og dag vera over 40 grader. Sommar kvar dag og vinter kvar natt. Til gjengjeld er det små eller ingen svingingar med årstid, seier Desalegn Chala.

Desse svingingane toler kjemperosettplantane fordi stammene og andre delar av planten er hole og fylte med vatn. Vatnet held betre på temperaturen enn lufta rundt. Dermed kan plantane overleva natt-temperaturar under nullpunktet.

I fare

Dei daude lauva på stamma verkar som isolasjon. (Foto: Desalegn Chala Gelete, NHM)

– I strøk med lengre vintrar ville ikkje denne strategien fungert. Vatnet ville ha frose. Men her treng berre planten å koma seg gjennom natta. Om natta slår dei òg saman blada i rosetten for å beskytta dei sårbare knoppane på innsida, fortel Desalegn Chala.

– Gamle, daude lauv på utsida beheld dei som isolasjon.

Men no kan desse fascinerande plantane vera i fare. I Etiopia, heimlandet til Chala, kartla han og kollegaene levetilhøva til den einaste lokale kjemperosettplanten, Lobelia rhynchopetalum.

Data frå tre ulike etiopiske fjellområde vart saman med to scenario frå klimamodellar FN sitt klimapanel (IPCC) brukar i ulike statistiske tilnærmingar. Dermed kunne forskarane koma med grunngitte spådommar om framtida til planten.

Gjeld andre stader

Berekningane lovar dårleg. Denne gåtefulle kjempa kjem til å verta pressa opp i høgare og mindre leveområde med plass til færre plantar. Ille nok i seg sjølv, men færre plantar betyr òg mindre genetisk variasjon og dermed mindre overlevingssjansar.

– Dei beste leveområda kjem til å vera berre 3,4 prosent av det dei er i dag, og det genetiske mangfaldet vert redusert med 82 prosent.

– Klimaendringane er globale. Det er derfor all grunn til å tru at dette biletet òg vil gjelda dei kjemperosettplantane som har tilpassa seg dei same tilhøva andre stader på jorda, seier Desalegn Chala.

Powered by Labrador CMS