Teoritung ungdomsskule

Mange elevar i ungdomsskulen føler at dei mislukkast og at skulen ikkje verdsett det dei kan, meiner universitetslektor Elin Thuen ved Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I forskinga si er Thuen oppteken av korleis elevane opplever ungdomsskulen. Ho fortel at så mykje som ein av fire elevar i ungdomsskulen synest skulearbeidet er meir eller mindre meiningslaust.

- Etter kvart som elevane blir eldre, blir det større avstand mellom skulens innhald og elevane sine eigne liv og interesser, seier ho.

Føler dei mislukkast

Thuen meiner ungdomsskulen er teoritung og at læreplanen er proppfull av mål. Ho meiner også det er for mykje teori i fag som skal vere praktiske, som til dømes heimkunnskap.

- Mange elevar slit med konsentrasjonen og det er mykje uro i timane. For elevar som allereie har konsentrasjonsvanskar blir mykje teori ekstra tungt, seier Thuen og held fram:

- Når elevane føler at dei mislukkast og dei mister trua på seg sjølve, går det sjølvsagt ut over læring, motivasjon og engasjement.

Einsformige skuletimar

I tillegg til mykje teori meiner Thuen at undervisinga på ungdomsskulen er for einsformig.

- Altfor ofte er det tradisjonell tavleundervising som gjeld, der elevane svarer på spørsmål. Ved å gjere skulen meir mangfaldig og variert både i innhald og undervisingsformer, kunne skulen ha fanga opp elevane der dei er og gitt dei noko å vakse på.

- Lengre skuledagar og meir teori gir ikkje meir kunnskapsrike elevar. Det er elevane si oppleving og motivasjon det står på, seier Thuen, som meiner skulen står i fare for å gjere elevane så skuletrøtte at dei sluttar før dei er ferdige på vidaregåande.

Powered by Labrador CMS