Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Det dei som har opplevd sjølvmord fortel, er ganske forskjellig avhengig av om dei er pårørande eller framande, fortel Anna Marie Moe Øvstebø.

Vitne til sjølvmord: – Mange fortel om sterke synsinntrykk

Eit nytt oppfølgingstilbod for førstehjelparar tar imot dei som har opplevd sjølvmord og andre akutte hendingar.

Noreg har heilt sidan 1960-talet lært opp innbyggjarar i førstehjelp og oppmoda til å ta ansvar ved akutte hendingar. Men det har ikkje vore noko system for å følgje opp dei som hjelper.

I 2020 vart dette starta av Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest (RAKOS). Året etter vart også Sykehuset Innlandet med.

Oppfølgingssamtalane føregår i RAKOS sine lokale eller på video og varer i rundt 90 minutt, med opning for fleire samtalar seinare ved behov.

Så langt har rundt 200 personar nytta seg av tilbodet, og vel 100 har sagt at dei kan bli med i forsking i etterkant. Det er desse som dannar grunnlag for den foreløpige statistikken.

– Rundt éin av ti av dei vi snakkar med, har opplevd sjølvmord. Dei fleste kjenner personen som har tatt livet sitt, utan å vere nær familie eller ven. Nokon er heilt framande, fortel Anna Marie Moe Øvstebø, som leiar prosjektet Oppfølging av førstehjelpere.

Skilnad på pårørande og framande

Ho har sjølv hatt samtalar med mange av førstehjelparane. Det er alltid to frå helseføretaket som tar del, vanlegvis ho og ein kollega med klinisk bakgrunn. Sjølv har Øvstebø utdanning innan humanfysiologi, traumebehandling og krisepsykologi.

Det dei som har opplevd sjølvmord fortel, er ganske forskjellig avhengig av om dei er pårørande eller framande, fortel ho.

– Folk i nær familie spør seg ofte kva dei kunne gjort for å hindre det. Dei som finn framande, fortel oftare om sterke synsinntrykk. Har ein person tatt livet sitt, er det ikkje eit pent syn.

Dette kan opplevast skummelt og sjokkerande.

– Ofte har dei ikkje lyst til å gå bort og sjekke personen.

Forstyrrar dagleglivet og søvnen

Nokon opplever også at ein person er i ferd med å ta livet sitt. Kanskje måtte dei haste fram for å forsøke å stanse det.

Og så er det dei tankane folk helst ikkje vil tenkje, og som kan gje skuldkjensle i etterkant, som: «Kvifor måtte personen gjere det akkurat her, når kven som helst kunne finne han?»

– Mange opplever at bilete kjem opp igjen og forstyrrar dagleglivet og søvnen. Det er ganske vanleg at folk vaknar mykje om natta, at dei har mareritt, at dei grublar og tenkjer. Dette ser vi på tvers av alle typar hendingar, seier Øvstebø.

Førstehjelparar strevar etterpå

I ein studie publisert i det vitskapelege tidsskriftet British Medical Journal i 2016 skreiv forskar Wenche Torunn Mathiesen og kollegaer om korleis mange førstehjelparar opplever uro og usikkerheit i etterkant.

Dei som gjev hjarte- og lungeredning utan å kjenne pasienten, får ofte ikkje vite om utfallet blir liv eller død.

I andre tilfelle får dei kanskje greie på at pasienten har døydd. Begge deler kan vere vanskeleg å takle, og mange klandrar seg sjølve, ifølgje Mathiesens forsking.

Desse funna er ein viktig bakgrunn for tilbodet som no blir gitt.

Like reaksjonar på tvers av situasjonar

Førstehjelparar kan få informasjon om tilbodet gjennom ei tekstmelding frå AMK eller eit kort frå ambulansetenestene og brannmannskap. I dag er det berre ein handfull helseføretak som informerer, men stadig fleire ønskjer å bli med, ifølgje Øvstebø.

På sikt er tanken at alle helseregionane i Noreg skal ha sitt eige tilbod og at alle førstehjelparar som er i kontakt med AMK eller ambulansetenestene skal få informasjon.

Ifølgje Øvstebø sine erfaringar er det mange like reaksjonar blant førstehjelparar uavhengig av kva dei har opplevd.

– Reaksjonane etter ei ulykke er ofte ikkje veldig forskjellige frå reaksjonane etter hjartestans eller sjølvmord.

«Burde ha sett teikna.»

Med sjølvmord har du likevel ein ekstra faktor blant dei pårørande, utdjupar ho:

– Dei spør seg om dei kunne hindra det som skjedde.

Dette er også noko ein kan sjå blant andre som har mista nære, legg ho til. For eksempel kan folk spørje seg: «Tenk om eg kunne hindra den personen i å køyre bil den dagen?» Likevel: I møte med pårørande etter sjølvmord er dette gjerne ein påfallande stor del av samtalen, ifølgje Øvstebø.

Der tilfeldige førstehjelparar ved sjølvmord skildrar dei sterke synsinntrykka, legg pårørande oftare vekt på det som hende i førekant.

– Fleire ser teikn i ettertid som dei tenkjer at dei burde ha sett. Det er ofte lett å sjå slike teikn etterpå, men det er ganske vanleg at ein ikkje gjer det eller tar det innover seg når ein står i situasjonen.

Mange pårørande opplever sjølvmordet som eit sjokk. Men for nokon er situasjonen annleis: kanskje har dei frykta dette i årevis, og no kjenner dei seg letta. Også det kan vere vondt.

– Eg bruker ofte å spørje folk direkte om dei kjenner seg letta. Og så prøver eg å få fram at det er lov; det betyr ikkje at du ikkje har vore glad i personen. Ei lang sjukehistorie kan vere tung også for dei som står rundt, seier Anna Marie Moe Øvstebø.

Ein lengre og oppdatert versjon av denne saka vil komme i tidsskriftet Suicidologi nummer 2/2023. Alle artiklar er fritt tilgjengelig på nett, ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging, Universitetet i Oslo.

Referanse:

Wenche Torunn Mathiesen mfl.: Reactions and coping strategies in lay rescuers who have provided CPR to out-of-hospital cardiac arrest victims: a qualitative study. BMJ Open, 2016. Doi: 10.1136/bmjopen-2015-010671

Powered by Labrador CMS