– Det gjeld å ta tak i det, gi beskjed om ein blir bekymra for andre, seier avtroppande bedriftssjukepleiar Tordis Myrlid Sundnes. (Foto: Njord V. Svendsen)
– Det gjeld å ta tak i det, gi beskjed om ein blir bekymra for andre, seier avtroppande bedriftssjukepleiar Tordis Myrlid Sundnes. (Foto: Njord V. Svendsen)

– Det har blitt meir stress og press på universitetet

Det er 50 år sidan Universitetet i Bergen fekk bedriftshelseteneste. I meir enn 30 av dei har Tordis Sundnes vore sjukepleiar.

Published

22. juni 1966. Kollegiet ved Universitetet i Bergen (UiB) bestemmer at ein komité skal vurdere etablering av bedriftslegeordning for «universitetets tjenestemenn».

Tordis Myrlid Sundnes trekker på smilebandet når ho les ordet «tjenestemenn». Det er mangt som er endra sidan UiB starta opp helsetilbodet til sine tilsette – frå ordbruk til tobakksbruk. Ho er i gang med å pakke ned på kontoret sitt, tilsett i det som i dag heiter Seksjon for HMS, beredskap og BHT ved HR-avdelinga, human resources, apropos ordbruk.

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

– Om det er sunt å pensjonere seg?

Bedriftssjukepleiaren må tenke litt på det.

Helse i førebyggjande arbeid

Allereie i 1966 vart det starta arbeid med å utgreie om universitetet skulle opprette eigen ordning med helseteneste for dei tilsette, og 1. august 1968 vart helsesøster Anna Småbrekke tilsett i heil stilling som avdelingsleder for avdelinga. Legetenester vart dekka med fire timar i veka for alle tilsette som ønskte å nytte seg av tilbodet om helsekontroll. Utover på 1970-talet vart helsetenesta utvida med fleire stillingar. Då Kyrkje- og undervisningsdepartementet i 1978 kom med forskrifter til lova om helsetenester ved bedrifter, la det grunnlaget for eit meir omfattande tilbod.

Men først i 1984 vart ein lege tilsett på fulltid ved UiB.

Tre år etter kom Sundnes, ho vart tilsett som universitetets bedriftssjukepleiar i 1987. Arbeidet har vore av førebyggjande karakter, slik som for eksempel målretta helseovervaking, vaksinasjonar, høyrselstestar og lungekapasitetstestar. Ho har tatt imot klientar heilt til no, når ho altså held på med den siste pakkinga på kontoret.

Frå september går ho ikkje lenger på jobb.

Press på stipendiatar

Men når du spør henne om det er noko særskilt ho har lyst til å trekke fram frå arbeidet, begynner ho å snakke om 2021. Då skal bedriftshelsetenesta gjennom neste godkjenning.

– Det ligg i min natur å ikkje stå på staden kvil, seier ho.

Og når ho skal sjå bakover, gjer ho det fagleg og systematisk. Nokre refleksjonar, ja, etter kvart ganske mange, har ho gjort seg etter møtet med menneske, både tilsette og studentar gjennom tre tiår.

– Mykje har endra seg i måten folk skal jobbe på. Ein skal kunne handtere veldig mykje meir av digitale verktøy og utføre mykje meir administrativt arbeid åleine enn for berre få år tilbake. Forskaren skal forske, formidle og administrere. Når det siste tar så mykje meir tid og krefter, er det klart at det fører til meir stress og press, seier Sundnes.

Utfordringar med å tilpasse seg kan gjelde for både yngre og eldre arbeidstakarar. Stipendiatar til dømes, kan oppleve press frå mange kantar i eit konkurranseprega miljø.

Data i kvart blodtrykk

Bedriftshelsetenesta ved UiB har vore gjenstand for meir eller mindre kontinuerlege evalueringar og endringar. Tilbod har kome til og tilbod er blitt borte.

– Ei tid tok dei bilde av ryggsøylene til folk. Eg veit ikkje kva dei skulle bruke det til. Kanskje hadde det noko med ergonomi å gjere. Men etter nokre år kutta dei det ut. I fleire år var gynekologiske undersøkingar rutine ved helsekontrollar, fortel Sundnes.

Eit kanskje spesielt trekk ved ei helseteneste på eit universitet er dette: Helsedata er ikkje berre noko som er interessant i augeblinken, for legen eller sjukepleiaren. Det er data i kvart blodtrykk. Fram til 1989 var tenesta lokalisert i Armauer Hansens hus på Haukeland Sjukehus. Det låg nært tilgjengeleg forskingsmateriale i dei dataene som etter kvart vart registrert.

Alt tidleg på 1970-talet sat kontordama på bedriftshelsetenesta og plotta inn kodane. I dag har den enkelte medarbeidar i bedriftshelsetenesta eigen PC og registrerer sjølv data.

For Sundes er det særleg eitt felt som har engasjert sterkt, og det er alkohol og helse. Sundnes har sidan først på 90-talet vore med i AKAN-utvalet, som koordinerer det rusførebyggande arbeidet ved UiB.

Alkohol og ansvar

Det kan vere mange gråsoner mellom jobb og sosiale soner for universitetsfolk og alkohol er ein del av bildet. Arbeidsmiljøutvalet ved UiB vedtok ein ruspolicy i 2014, men retningslinjer har eksistert sidan 1998.

– Universitetsfolk er ikkje så ulike folk elles. Det finst mørketal, fleire burde fått oppfølging, som i samfunnet elles. Omtrent fem prosent av befolkninga ligg i såkalla raud sone. Ein handfull blir følgt opp her på bedriftshelsetenesta. Det går faktisk bra med dei fleste, seier Sundnes.

Men dei som fell utanfor, dei har leiarar og kollegaer eit ansvar for. Dette ansvaret må takast meir alvorleg, meiner bedriftssjukepleiaren.

– Det gjeld å ta tak i det tidleg og gi beskjed om ein blir bekymra for andre. Her er eg redd det blir synda mykje, seier Sundnes.

Det er fleire endringar den avtroppande bedriftssjukepleiaren gjerne skulle sett.

– Eg håper ein vil knytte til seg psykologteneste med kapasitet til å ta imot. Det er ein del som kjem til oss med psykiske plager, men mange er ikkje sjuke nok til å få spesialistbehandling. Dei går gjerne i sjukmelding, og eg trur dei kunne hatt god nytt av ein psykolog. Eg opplever at stipendiatane er særleg utsette, men det er også andre, seier Sundnes.

Vere der – no

Kalenderen for 2018 blir den siste Sundes heng på veggen på kontoret. Det var dette om det var sunt å pensjonere seg?

– Ja, seier bedriftssjukepleiaren, for nokon er det heilt klart sunt – for andre ikkje.

Når jobben er livet, er det ikkje alltid det beste å avslutte, meiner Sundnes. Ho forstår godt dei som etter eit langt og innhaldsrikt yrkesliv brått får endra innhaldet i kvardagen.

– Så lenge du er oppegåande fysisk og mentalt, burde du ha høve til å bidra. Dei eldre har med seg viktig erfaring, som berre kan oppstå gjennom eit langt liv. Det er synd om den verdien ikkje skal takast vare på.

Helse, er som dei fleste har eller vil oppleve, ikkje gitt. Det har også Sundnes fått erfare. Ho og mannen skulle pensjonere seg då han fylte 62. Det såg lyst ut, trass i at han nokre år tidlegare var svært sjuk. Han vart redda av ein lungetransplantasjon.

Med eit knips var han frisk som ein fisk. Han gjekk tilbake i full jobb, var ivrig laksefiskar. Så døydde han like brått i 2013, åtte år etter transplantasjonen. Planen om å vere pensjonistar i lag rauk.

– Så eg fortsette å jobbe, arbeidet har vore variert og fagleg engasjerande, men no har eg to barnebarn som eg ser fram til å få meir tid saman med. Ei skal begynne på skulen no, og det blir spennande. Eg vil vere der no når eg kan og har kapasitet og dei er små. Eg er også engasjert i frivillig arbeid og dette er også med på å gi kvalitet til kvardagen. For meg skal det nok bli bra å bli pensjonist, seier Sundnes.

Artikkelen ble først publisert i På Høyden.