Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Forskarane fann at forbrenninga hos oss menneske har fire ulike fasar gjennom livet. Tala er justerte for kroppsvekt, slik at forskarane kunne jamføre nyfødde, vaksne, gravide og eldre.

50-åringar har same forbrenninga som 20-åringar

Om du legg på deg når du vert eldre, må du finne andre ting å skulde på enn forbrenninga. Ho er nemleg forbausande stabil frå tenåra til vi rundar 60.

Det har vore ei gjengs oppfatning at kroppen vår gradvis forbrenn færre kaloriar frå vi fyllar tretti. No er det klart at vi må leite etter andre forklaringar om vi treng nye hòl i beltet som middelaldrande.

I ein ny studie har forskarar målt det totale energiforbruket til omkring 6400 menn og kvinner frå 29 land. Deltakarane var mellom 8 dagar og 95 år gamle. Energiforbruket vart målt ved å bruke dobbeltmerka vatn, ein metode som er reikna for å vere gullstandarden når vi måler forbrenning.

Enkelt forklart drikk deltakarane vatn der hydrogenet og oksygenet er erstatta av uvanlege isotopar som kan spores. Forekomsten av desse blir deretter målte i urinen og gjer eit nøyaktig mål på CO2-produksjonen i kroppen

Førsteamanuensis Anine Christine Medin seier det kan vere naturleg å tenkje at forbrenninga minskar når vi blir middelaldrande. Men det viser seg altså å ikkje stemme.

Medan forskarane fann at forbrenninga endra seg mellom ulike livsfasar, fann dei overraskande nok inga endring midt i livet.

Målt med gullstandard

– Talla er eintydige. Vi kan ikkje skulde på forbrenninga. Når vi går opp i vekt i 30- og 40-åra, har det andre årsakar. Vi gjer til dømes endringar i livet når vi stiftar familie, og nokon av oss et også meir mat, seier Anine Christine Medin.

Ho er førsteamanuensis på Institutt for ernæring og folkehelse ved Universitetet i Agder, og ein av medforfattarane på den vitskapelege artikkelen som vart publisert i tidsskriftet Science i august.

Medin fortel at metoden med dobbeltmerka vatn har vore brukt sidan starten av 1980-åra, men at han har vore kostbar og studiane små.

– Dette er ein unik studie. Det er første gong det har vore samla så mange data, og der vi kan følgje det totale energiforbruket gjennom heile livsløpet frå ein er nyfødd til ein er 95 år, seier ho.

Forskarar frå heile verda har vore med å samla inn data. Studien til Medin har målingar frå rundt 30 norske kvinner.

Fire fasar i forbrenninga

Forskarane fann at forbrenninga hos oss menneske har fire ulike fasar gjennom livet. Tala er justerte for kroppsvekt, slik at forskarane kunne jamføre nyfødde, vaksne, gravide og eldre.

Dei nyfødde har ei forbrenning som er tilsvarande den hos ein vaksen, justert for kroppsvekta. Så skjer ei rask auke i energiforbruket, som når ein topp rundt femten månaders alder. Då har den auka til å vere 50 prosent over det den var hos ein nyfødd.

Så minskar forbrenninga gradvis til ein når tjueårsalderen.

– Vi trudde at ungdom som veks skulle ha ei høgare forbrenning, men det stemmer ikkje, seier Medin.

Faktisk held forbrenninga seg på det same nivået heilt til vi når 60-åra. Då skjer det ein gradvis reduksjon, fram til når vi som 90-åringar har ei forbrenning som er rundt 26 prosent lågare enn hos dei som er midt i livet.

– Det er ei etablert sanning at bilringane byrjar å feste seg når vi blir 30-40 år gamle. Men vi kan ikkje bruke forbrenninga som ei orsaking før vi rundar 60, seier Medin.

Heller ikkje hos gravide kunne forskarane finne ei auke i forbrenninga, når dei justerte for kroppsvekt.

Veit ikkje alt om små barn

Medin seier at det er viktig å ha meir presis kunnskap om korleis forbrenninga vår fungerer i den ulike livsfasene. Forskaren er spesielt opptatt av kva studien viser om energibehovet til små barn.

– Vi snakkar gjerne om dei første tusen dagane av livet. Det er mykje som skjer i dei små kroppane i denne tida, og dette er ein bit av det puslespelet. Ei auke i forbrenninga på femti prosent fram til barnet er 15 månader er mykje, seier ho.

Noko av denne auka kan forklarast med at barna er meir i aktivitet etter kvart som dei blir større, men dette er ikkje heile forklaringa. Hjernen og andre organ i vekst treng også meir energi, men Medin seier at forskarane ikkje har heile løysinga på kvifor auka skjer.

Sikker studie

Resultata frå studien vert rekna som sikre, nettopp fordi den har ei stor mengde data frå så mange ulike land. Ei av tilkortkommingane Medin nemner er at studien ikkje har henta data frå dei same personane over tid, men er basert på målingar av ulike personar i kvar aldersgruppe.

– Men det å følgje personar bokstaveleg talt frå vogge til grav tar lang tid. Ideelt sett vil vi få stadfesta funna ved at forskarar følgjer fleire individ gjennom fleire fasar av livet, seier ho.

Referanse:

Herman Pontzer mfl.: Daily energy expenditure through the human life course. Science, 2021. (Sammendrag) DOI: 10.1126/science.abe5017

Powered by Labrador CMS