Haugesund-selskapet Alginor ASA forskar på utnytting av makroalgen stortare, som Noreg har enorme førekomstar av. (Foto: Gabriela Kothe-Heinrich/Wikimedia Commons)

Midlar til forprosjekt gav viktig tareforsking

Slike tiltak gjer det meir sannsynleg at bedrifter går vidare med meir omfattande forsking, viser ein ny rapport. 

Sidan starten i 2010 har Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) gitt nesten 350 millionar kroner til forsking som skal styrke innovasjonsarbeidet i bedrifter og kommunar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Seks andre regionale fond har gitt midlar til forsking i sine landsdelar.

Rundt ein femtedel av midlane er gitt som kvalifiseringsstøtte.

– Dette er midlar til forprosjekt der ein kan gjere nødvendig forarbeid og kunnskapsinnhenting, spisse forskingsspørsmål og i det heile tatt gjere dei avklaringane som trengst for at gode idear skal kunne bli ordentlege forskingsprosjekt, seier Jone Engelsvold, sekretariatsleiar for RFF Vestlandet.

– Målet er at dei forprosjekta som får støtte, skal munne ut i meir omfattande forsking som kvalifiserer til støtte frå til dømes Forskingsrådet, EU-program eller Dei regionale forskingsfonda sjølve, seier han.  

No viser ei fersk undersøking gjort på oppdrag frå RFF Vestlandet at ordninga fungerer etter intensjonen.

Studien omfattar bedrifter og kommunar som gjennomførte forprosjekt med støtte frå fondet i perioden 2014–2016. Mottakarane fekk mellom 150 000 og 800 000 kroner, med 300 000 som det vanlegaste beløpet.

60 prosent av respondentane som gjennomførte eit forprosjekt, søkte seinare om midlar til større Forsking og utviklings-prosjekt (FoU-prosjekt).

75 prosent av desse igjen fekk innvilga søknadene og fekk frå ein til åtte millionar i nye forskingsmidlar.

Førebuande forsking på tare

Ei bedrift som meiner å ha hatt stor nytte av kvalifiseringsstøtte, er Alginor ASA frå Haugesund. Selskapet vart stifta i 2014 og arbeider mellom anna med å utvikle nye metodar som gjer det mogleg å utnytte alle ibuande substansar i stortaren Laminaria hyperborea.

Henriette Wangen er kommersiell leiar for Alginor. (Foto: privat)

Noreg har Europas største førekomstar av denne makroalgen, som dekker enorme areal langs kysten. Den norske stortaren er faktisk anslått å utgjere ein ståande biomasse på over 50 millionar tonn. Taren inneheld også ei lang rekke stoff som kan vere kommersielt interessante for fleire industriar: frå fôr- og næringsmiddelindustri til kjemisk og farmasøytisk industri.

For den som vil bruke heile stortaren, finst det likevel eit stort problem: polyfenolar. Dette er organiske bindingar som er særs reaktive; det vil seie at dei reagerer lett med andre komponentar i stortaren rett etter hausting. Dei bryt rett og slett råstoffet ned.

I dag brukar industrien formalin som er eit miljøskadeleg stoff som også øydelegg store delar av råstoffet, til å handtere fenolane. Det er anslått at i alginatindustrien, der ein primært lagar stabilisatorar og tjukningsmiddel frå tang og tare, nyttar ein berre rundt ti prosent av råvara.

– Vi vil utvikle nye metodar for å trekke ut fenolane slik at effektiv, miljøvennleg og lønnsam utnytting av heile makroalgen vert mogleg, seier Henriette Wangen, kommersiell leiar for Alginor.

– Dette er eit potensielt enormt forskingsfelt, og vi er eit lite selskap. Då er det viktig å vite at ein set inn forskingsressursane på dei rette områda. Difor søkte vi kvalifiseringsstøtte frå RFF Vestlandet, fortel Wangen.

Fann viktige spor

Våren 2016 fekk Alginor 480 000 kroner frå fondet, og ifølgje Wangen har midlane vore særs viktige for selskapet.

– Vi fekk mellom anna testa ut i små skala nokre idear vi hadde om teknikkar for å trekke ut fenolar og fann enormt viktige spor som vi kunne følgje vidare.

– Vi gjennomførte også eit omfattande studium av eksisterande vitskapeleg litteratur på feltet. Dette gav oss både god oversikt over kva som er gjort tidlegare når det gjeld foredling av stortare og auka forståing av funksjonane og eigenskapane til fenolane og dei andre substansane i stortaren, seier Wangen.

Gjennom forprosjektet fekk Alginor også testa ut samarbeidet med FoU-institusjonar i inn- og utland.

– Det var også ei enormt viktig avklaring. Fungerer samarbeidet? Kan partnarane levere den forskinga vi treng? I forprosjektet innleidde vi mellom anna samarbeid med ei relativt nystarta forskingsbedrift i England. Dei viste seg å vere ein kjemperessurs for oss, men det kunne jo ikkje vi vite på førehand. Vi fekk også testa ut eit institutt i Danmark som viste seg å vere særs gode på makroalgar.

God utteljing

Wangen meiner at utan kvalifiseringsstøtta, hadde ikkje Alginor kome så langt med denne forskinga som dei no har gjort.

– Eg trur det er viktig at ein har ei slik ordning som tar høgde for at ein i kompliserte prosjekt må sirkle seg inn på viktige forskingsspørsmål. Det kan elles vere vanskeleg å leve opp til urealistiske forventingar om at ein skal levere kommersielle produkt med det same, seier ho.

Etter gjennomført forprosjekt har Alginor fått god utteljing i form av nye forskingsmidlar.

Introduksjon til forsking

Rapporten om kvalifiseringsstøtta frå RFF Vestlandet tyder elles på at gjennomføring av eit forprosjekt kan vere ein god veg inn i forskingsverda for dei som har avgrensa erfaring med slikt.

Jone Engelsvold er sekretariatsleiar for RFF Vestlandet. (Foto: Forskingsrådet)

23 prosent av verksemdene som fekk forprosjektmidlar – ni bedrifter og ein kommune – hadde aldri søkt om forskingsmidlar tidlegare. Av desse igjen søkte fire om midlar til større forskingsprosjekt etter å ha gjennomført forprosjektet.

Av dei som hadde søkt om FoU-midlar tidlegare, var det heile 20 av 27 aktørar som søkte vidare forskingsmidlar etter forprosjektet.

Fem av sju kommunar og fylkeskommunar gjekk vidare med meir omfattande prosjekt, medan prosentdelen var noko lågare for bedriftene (58 prosent).

– Ein skal sjølvsagt vere varsam med å trekke bastante slutningar basert på ei slik undersøking, men tala indikerer at kvalifiseringsstøtta i stor grad fungerer etter intensjonen. Støtta er eit middel til å dra med nye aktørar og ser ut til å fungere godt som eit mellomsteg på vegen mot meir omfattande forsking, seier Jone Engelsvold frå RFF Vestlandet.

Kvalifiseringsstøtte gjev kompetanseheving

Utover auka forskingsinnsats, kva nytte har mottakarane så hatt av kvalifiseringsstøtta?

Bedriftene meinte midlane hadde bidratt til kompetanseheving, meir samarbeid med FoU-institusjonar, styrkt innovasjonsarbeid og auka verdiskaping eller inntekt.

For kommunane bidrog kvalifiseringsstøtta til styrka innovasjonsarbeid, meir samarbeid med eksterne aktørar, kompetanseheving og meir samarbeid med FoU-institusjonar.

– Dette er basert på svar frå berre seks kommunar, så ein kan ikkje legge for mykje i desse tala. Det ein likevel kan merke seg, er at alle kommunane og 87 prosent av bedriftene svarte at dei kunne tenke seg å søke kvalifiseringsstøtte på nytt til andre prosjekt, seier Engelsvold.

Fakta om undersøkinga

  • Gjennomført av Seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse i Hordaland fylkeskommune
  • Omfattar bedrifter eller kommunar som gjennomførte kvalifiseringsprosjekt i perioden 2014-2016
  • Spørjeundersøking sendt til 63 aktørar, av dei 50 bedrifter og 13 kommunar/fylkeskommunar
  • 74 prosent svarte på undersøkinga
  • 62 prosent (39 respondentar) svarte på heile spørjeskjemaet

Referanse:

Vinjevoll, E.: Undersøking om Regionalt forskningsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte. AUD-rapport 09-17, Hordaland fylkeskommune. 

Powered by Labrador CMS