Forskar og sjukehusprest har intervjua norske og amerikanske helsearbeidarar om deira historier og opplevingar kring arbeidet i grenseland mellom liv og død. (Foto: Shutterstock / NTB scanpix)

Frykter å ikkje klare møtet med døyande pasientar

I møtet med døyande, får helsearbeidarar ikkje høve til å rette opp feil. Mange av dei som føler dei mislukkast, vert heimsøkt resten av livet.

Forskar Kjetil Moen har undersøkt korleis sjukepleiarar, legar og sjukehusprestar vert påverka av å arbeide med alvorleg sjuke og døyande. Han finn at arbeidet pregar den profesjonelle si oppfatning av seg sjølv og arbeidet han eller ho gjer.

– Det er ikkje eigen død dei fryktar mest, men at dei ikkje skal strekke til moralsk eller sosialt, seier han.

Moen er sjukehusprest ved Stavanger universitetssjukehus og universitetslærer ved Universitetet i Stavanger. I sitt doktorgradsarbeid har han intervjua norske og amerikanske helsearbeidarar om deira historier og opplevingar kring arbeidet i grenseland mellom liv og død.

Forteljingar som forfølgjer deg

Døden kan ikkje reverserast, og ein får ikkje høve til å rette opp eventuelle feil. Mange som opplever å komme til kort, slit med kjensla av skam og skuld i årevis.

– Det blir ofte forteljingar som forfølgjer deg, seier Moen.

Å gjere feil, kan prege folk sterkt og i verste fall presse dei ut av arbeidslivet. Difor er det viktig å vere klar over at helsearbeidaren, og ikkje berre den alvorleg sjuke eller døyande, treng å handsama opplevingar og kjensler.

– Eg er opptatt av at me skapar rom kor profesjonelle kan arbeide med sine erfaringar, seier han.

Førebu på at det vert personleg

I ei tid med krav til effektive helse- og omsorgstenester, er det viktig å ta omsyn til at helsepersonell er personleg, så vel som profesjonelt, involvert når dei arbeidar med alvorleg sjuke og døyande.

I tillegg til den profesjonelle og pasienten, er kunnskapen viktig for politikarar, utdanningsinstitusjonar og arbeidsgivarar for å førebu, støtte og utvikle helsepersonell.

Spesielt dei som skal utdanna morgondagens sjukepleiarar, legar og sjukehusprestar må vere klar over kva arbeidet i grenselandet mellom liv og død inneber.

Referanse:

Kjetil Moen: Death at Work. An interpertation of biographical narratives of professionals in end of life care. Universitetet i Stavanger. 2016. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS