Inga krise utan fly

Når fly blir satt på bakken, får det mange uheldige konsekvensar. Men er det krise?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Ein flystans er inga krise for folk flest, seier Odd Einar Olsen, professor i risikostyring og samfunnssikkerheit ved Universitetet i Stavanger.

– Dei som blir hardast råka av flystansen etter vulkanutbrotet på Island, er sjuketransport og redningsteneste. For alvorleg sjuke eller skadde, og for folk i utkantstrøk, kan dette sjølvsagt vere krise, seier Olsen.

Han meiner dette er den mest alvorlege konsekvensen av flyforbodet.

Nytt reisemønster

At fleire må ta tog og buss, og at det blir fleire bilar på vegane, er ein annan konsekvens av flystansen. Det nye reisemønsteret kan sjølvsagt gjere at ulykkestala på norske vegar opp, men i det store og heile trur Olsen folk er flinke til å tilpasse seg.

Han er spent på om flystansen får varige følgjer for folks reisemønster.

SAS-fly. (Foto: SAS)

– Forskingsmessig er det interessant å sjå korleis vi klarer å tilpasse oss den nye situasjonen. Folk er lynraske til å endre åtferdsmønster der det er nødvendig. Kan hende er vi ikkje så avhengige av fly som vi trudde, undrar Olsen.

– Etter dette kan det godt hende fleire vel å kome seg fram på andre måtar enn med fly. Om dei opplever at det faktisk går like fint, seier Olsen.

Nyttig lærdom

Han trur også folk er flinke til å tilpasse seg når det kjem til kommunikasjon. At møter blir avlyst og forretningsreiser utsett, gjer at folk tenkjer alternativt.

– Fleire vel kanskje å bruke chattekanalar og internett som ei løysing på problemet. Det er som regel ikkje livsviktig å få møte nokon ansikt til ansikt, seier han.

At oljebransjen, flyselskapa og turistnæringa blir hardt råka, ser ikkje Olsen på som kritisk. Fleire bransjar vil kunne tape store summar økonomisk på flystansen, men det får ikkje livstruande konsekvensar.

Odd Einar Olsen.

Professoren meiner det blir spennande å sjå kva dei ulike bransjane lærer av denne hendinga.

– Dette er eit scenario ein ikkje har tenkt på før. Det blir spennande å sjå kva verknader dette får for samfunnssikkerheita framover. Og særleg spennande blir det å sjå kva som skjer om flystansen varer ei stund, seier Olsen.

Powered by Labrador CMS