Desperat utolmodig

Halda på jobben, stå til eksamen, halda barnevernet unna. Det er målaplantevitenskapstudent Idun Bratberg stiller opp for seg sjølv. Med eit flir.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Klø meg litt på vingefestet. Det får ungane til Idun Bratberg (11 og 16 år) høyra rett som det er.

Bratberg er ikkje berre forskningsteknikar og gartnar, ho er også student og tidlegare universitetsstyremedlem ved Universitetet for miljø- og biovitskap. Bakgrunnen gjer at journalisten spør om ho er ein energibunt utanom det vanlege.

I så fall er det englevingar med energi, og derfor trongen til å bli klødd. Der, øvst oppe på ryggen.

Seier ho på blidt trøndersk: ” Kain du sei ja, så sei ja”. Anten treng folk deg eller så meiner nokon at akkurat du kan utføra akkurat den oppgåva. Det er det opp til fleire som tenkjer at Idun Bratberg kan.

Prosjekt?

- Folk må gjerne tru eg taklar alt. Ein ven av meg fortel meg stadig vekk at image er alt. Eg har mine ting, alle har det, same kor sterke vi synest å vera.

Idun Bratberg fortel om høgt turtal. Men og om at ho med tida er flinkare til sortera ut kva ho skal bruka tid og krefter på.

- Æ hi lagt mæ te ein prosjæktorientert væremåte.

Prosjekt og prosjekt tenkjer ho som spør: Full jobb, fullt studium, to barn i heimen. Og alt det andre. To periodar og sju år til saman, som US-styremedlem.

Det er ikkje til å leggja skjul på at det lyser energi og lyst til å delta når intervjuet kjem inn på universitetspolitikk. Da og!

Politikk

Etter fleire tiår med same arbeidsgivar, tykkjer ho at ho har litt å bidra med og. Det tykte tydelegvis andre med. Ho får gode skussmål frå tidlegare kollegaer i US.

Bratberg var vald inn som representant for teknisk og administrativt personale. Det hindra ikkje nordtrønderen i å definera sitt mandat til å arbeida for det som ho meinte var bra for heile institusjonen. Ikkje berre snevre “lokale” interesser.

US-møta må ha vore effektive og Bratberg må ha kjent at ho fikk utretta og gjennomført det ho hadde sett seg føre. Trønderen er definitivt ikkje glad i møter. Ho sukker over folk som gjentek og gjentek seg sjølve.

- Æ følt æ ha nå å kåmm me. At mett ståsted va vektig fer heile situasjonen.

Ho gliser og storkosar seg over tanken på at kvar og ei i US har ei stemme. Posisjon og tittel er greitt, men her var det argumentasjonen som la grunnlaget. Glad er ho for å få gå seg til i første periode, dei siste fire åra kjende ho seg godt og vel husvarm.

Ungdom i alle aldrar

"Kjøkenbordet er base camp i Idun Bratberg sin kvardag. Foto: Elin Judit Straumsvåg"

- Det var flott sagt!

Idun Bratberg flirer da intervjuaren seier at studier er for ungdom i alle aldrar. Og fortel om da ho, på ei kollokvie heime kring kjøkkenbordet, sa: “Ja, på vår alder altså”. Medstudentane humra godlynt og ho som kunne vore mora deira tok til å skjøna kva ho hadde sagt.

Mangt eit kjøkenbord er hovudkvarteret i heimen, slik og i det Bratbergske landskap. Her serverer ho middag åt ungane, det kan vera ein kjappis: posesuppe eller ho legg litt meir i det. Ungane betyr mykje. Det er der ho er mest sårbar: “Du har aldri fri du mamma”.

- Æ kain itj tænk fer my på det, men æ sjer ka dattra mi mein ja.

Idun Bratberg skundar seg til å prata om all kompetansen ungane hennar får med at ho studerer. Engasjerer seg i universitetspolitikken. Ho nemner sonen som har teke til å interessera seg for realfag. Kanskje har moras studieval våre med å påvirka?

Det er ved kjøkenbordet ho sit over bøker eller sakspapir. Musikk i bakgrunnen, ho vert forstyrra av lydane i eit kveldstille hus.

Humor

- Må fliir så magan håppe, minst ein gång om da’n.

Noko mindre skulle ikkje halda for Idun Bratberg. Humor er viktig. Humor er helse. Humor er folk.

Ho skildrar seg sjølv som sosialt avhengig. Ho, som heller ikkje har meir enn 24 timar i døgnet å ta av, liker å vera i lag med andre. Ofte.

Ønskjer seg likevel stadig meir tid for seg sjølv: Men når føremiddagen har gått over til ettermiddag og kvelden smyg seg til kring husnåvene, tikkar teljeskrittene. Idun Bratberg må sjekka om verda står enno.

Kommunikasjon og dialog. To ord som ser ut til å vera bærebjelkar i livet hennar. Bratberg treng folk og andre søkjer til ho. Både i fagleg og i mellommenneskelege samanhengar. Ho vil skjøna og ho vil bli forstått. Vil at noko skal skje.

Søstera, som er filosof, har resepten: “Du må sætt dæ te å koop, Idun” ! Som med alle reseptar og gode råd; ikkje like lett å følgja opp. Iallfall ikkje når ein etter eige utsegn er desperat utolmodig.

Likegyldigheita

Det å ikkje bry seg. Ikkje ta stilling. Skal du provosera Idun Bratberg, skal du gi f. Ho meiner vi alle skal bidra. Det er plikta vår og det er privilegiet vårt. Sjølv meiner ho seg både privilegert og egoistisk. Ho er takksam, viss ho kan hjelpa ein kollega eller ein medstudent. Det er ei gåve åt ho sjølv.

Provosert inn til margen vert ho av kravsmentaliteten. Det at folk trur seg tjent med å berre krevja, aldri tenkje etter kva dei sjølve kan bidra med.

Hennar største plikt er ungane, å syna dei vegen fram til samfunnsgagnlege vaksne. Vaksne med tru på seg sjølve og at dei både kan og vil bidra i samfunnet dei er ein del av.

Sjølv trur ho at ho fikk det inn med morsmjølka eller kumjølka. Oppvaksen på gard, tidleg van med å bidra med sitt. Både på garden og i bygda.

- Individdyrkinga vi ser i dag har altfor korte intervallar, seier Idun Bratberg, og langar ein olm fot ut etter Framstegspartiet sin politikk og det faktum at snart halve befolkninga her til lands stemmer inn Siv Jensen som landets neste statsminister.

Akademisk slave

Slave har ikkje Idun Bratberg tenkt å bli, innan akademia eller andre stader. Men ho tykte ikkje det var hyggeleg at det ikkje ga nokon resonans å seia at ho var forskningsteknikar, gartner. Det heldt ikkje heilt, nådde ikkje heilt inn hos folk. Ho har teke relevante fagkurs i heile fartstida ved universitetet.

Problemet, slik ho såg det etterkvart var at kursinga ikkje endte opp i formell kompetanse.

Gleda studenten kjende da ho sto på matematikkeksamen var stor. Det tok fleire dagar før ho kom seg ned og i kontakt med skosålene igjen.

Ho ser ikkje på seg sjølv som over gjennomsnittet intelligent, derimot ruvar ho langt over snittet når det kjem til det å vera sta. Ikkje har ho akademiske aner å dra vekslar på heller. På kontorplassen hennar heng lappen: “..jeg har en begrenset tro på min egen ubetydelighet?”.

- Dein hi hængt læng, ja.

Plantevitskap

Masteroppgåva kjem til å handla om opptak og effekt av silisium i potteroser. Sjølv trur ho at veiledaren er meir spent enn ho, på sjølve skriveprosessen. Mens ho sleit som verst med matematikken sa han det, veiledaren: “Du skal ikkje gå opp til muntleg da?”.

Silisium er ikkje eit essensielt næringsstoff. Fagfolka veit heller ikkje om planter flest treng dette for å veksa. Kanskje har stoffet ein indirekte positiv effekt?

Her til lands finnes silisium naturleg i jorda, men kva med veksthus?

Slike spørsmål skal Idun Bratberg bryna seg på etterkvart som basisfaga kan kvitterast ut. Ho kan fortelja at ho er i gang med praktiske forsøk og det kan sjå ut som om overflata på blada vert styrka ved bruk av silisium. Det fører til at dei vert meir hardhuda og meir motstandsdyktige for sopp.

Studenten ser for seg at ein slepp å sprøyta mot mjøldogg. Innan roseproduksjon kan eit nytt regime verkeleg monna. Men ho ser og for seg store gevinstar innan etande vekster.

Og igjen: “De må vårrå nå vits i forskninga”. Bratberg sin motivasjon er samfunnsnytta av det ho held på med.

Korfor berre tretti studentar ser seg tent med å studera plantefag; det går over hennar forstand. Vi, UMB, har eit kommunikasjonsproblem. Dette er eit viktig fag, etter endt studium er det mange mulegheiter. Både her heime eller ute i den store verda.

- Det må vi nå ut te følk med, seier plantevitaren.

Som vidare fortel at det er likegyldig for henne om ho jobbar med roser, agurk eller alger. Berre ho får bidra.

Midtlivskrise

Det er ikkje midtlivskrisa som fikk evigunge Bratberg til å setja seg på skulebenken. Strekkja seg etter både matematikk, statistikk, språket og terminologien.

Det er heller ingen svulmande karrieredraum i magen som ventar på dagslyset.

Og ikkje har ho tenkt at universitetsgraden nødvendigvis lyt enda opp i ein doktorgrad.

Men ho utelukkar det ikkje, slik vi skjønar ho. Ho skulle jo ikkje ta mastergraden heller, men er allereie godt i gang med praktiske forsøk.

Idun Bratberg veit i så fall kva ho går til. I fleire tiår har ho hatt andre stipendiatar sin kamp for å komma i mål tett inn på livet. Ho vil utfordra seg sjølv. Gå vidare, og ikkje utanom som bøygen.

- Æ sett mæ itj te å veint på barnebarn og campingtur nei.

Kvardagen

Best på kvardagar, og ikkje så flink med campingtur og feriar. Men slikt må Idun Bratberg fint finna seg i å ta, ho med.

Eine sommaren reiste ho og ungane på karateleir ei veke. Ikkje ofte at jabbsafta av ein trønder vert mållaus, men det skjer. Ikkje eit ord greidde ho å ytra da ho og ungane sto på vegen opp til huset og glana på nymåla veggar. Ein gjeng frå jobben hennar hadde hiva seg rundt med målepøs og kost medan kjernefamilien ferierte.

Dei fikk stå der å blunka og gni seg i auga før kollegane hoppa fram frå busker og kratt. Champagneglasa sto klare og god mat vart trylla fram.

- Æ truidd de itj. De jikk itj an!

Powered by Labrador CMS