Er dialektane i ferd med å døy?

Er det sant at dialektane våre er i ferd med å bli slukt av språkleg standardisering? Korleis utviklar eigentleg dialektar seg? Det skal ei gruppe bergensforskarar no finne ut av.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

For om lag 30 år sidan starta språksosiologane med dialektstudiar der ein gjorde lydopptak av informantar medan dei snakka sitt eige talemål. 

Dette gjev grunnlag for at vi no for første gong i historia kan studere dialektendringane med pålitelege data og så å seie medan dei skjer.

No planlegg forskarar i nordisk-miljøet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag ved Universitetet i Bergen å gjere opp att nokre av desse eldre dialektstudiane – delvis med dei same informantane, delvis med nye – på fire stader på Vestlandet.

På den måten vil dei danne seg eit bilete av korleis dialektane har endra seg i løpet av den siste generasjonen.

Vilkår for dialektendringar

– Tidlegare studerte ein dialektendringar ved å samanlikne talemålet til eldre informantar med talemålet til yngre.

– Men menneske forandrar jo også talemålet sitt gjennom livet, og det kunne ein ikkje så lett slå fast utan pålitelege langtidsstudiar, seier professor Helge Sandøy.

Han leiar prosjektet Dialektendringsprosessar, som no har fått finansiering frå Forskingsrådet.

Målet med prosjektet er ikkje berre å sjå på korleis dialektane reint faktisk har endra seg, men også å sjå endringane i lys av andre samfunnsendringar.

Kva samfunnstypar gjev dei beste vilkåra for dialektendringar? Kva har faktorar som til- og fråflytting, pendling, språkhaldningar, befolkningsstorleik og stabilitet å seie for dialektendringar?

Skjøttkaker

"Kreftene som driv dialektendringar er mykje meir samansette enn førestillingane våre ber preg av, meiner professor Helge Sandøy."

– Språkendringar er noko som interesserer både forskarar og folk flest, og det finst mange førestillingar om kva slag endringar som skjer. Men veit vi om desse førestillingane stemmer? Førestillingane våre treng ein kontroll, seier Sandøy.

– Mange meiner til dømes at dialektane er i ferd med å døy ut, og at eit standardisert bokmålsbasert talemål kjem til å ta over. Men likevel oppstår det heile tida nye dialektfenomen som ikkje har rot i bokmål.

– Det gjeld mellom anna skjøttkake-fenomenet, som først dukka opp i Bergen. Kreftene i dialektendringane er mykje meir samansette enn førestillingane våre ber preg av.

Materialet skal samlast inn gjennom intervju, og deretter skal det digitaliserast og transkriberast.

Studiane får ekstra stor verdi fordi liknande undersøkingar er i ferd med å bli gjennomførte både i Sverige og Danmark, og dei skandinaviske forskarane held kontakten seg imellom for å kunne jamføre resultata.

Metodiske utfordringar

Metodisk står ein overfor fleire utfordringar når ein skal studere dialektendringar.

Ideelt skulle informantane bli plukka ut tilfeldig frå folkeregisteret. Men det er ikkje sikkert at ein då får dekt alle informanttypane ein er interessert i, for det finst berre ressursar til å analysere relativt fåe informantar.

Det gjer at forskarane òg må bruke panelstudiar med spesielt utplukka informantar. Målet er altså å studere både “gjennomsnitt” og ulike typar.

Idiolektar

– Eit interessant emne er forholdet mellom den tradisjonelle dialekten og dei atypiske. Alle har sin idiolekt (personlig språk, red.anm.) og er medlemmar i ein større språkfellesskap. Dei er alle representantar for det mangfaldet av talemål som finst i eit gitt samfunn, forklarer Sandøy.

Men korleis verkar dei ulike idiolektane inn på dialektutviklinga – det språket som blir oppfatta som typisk for kollektivet? Sandøy er ikkje heilt sikker på om meir flytting har gjort at det er større breidde i idiolektar no enn før.

– Vi har gjerne ei førestilling om at i fortida var alt stabilt og greitt, men ein må ikkje undervurdere omfanget av endring og flytting før i tida heller.

– Ein stor part av flyttingane som statistikken fangar opp, gjeld folk som flyttar ut for seinare å flytte heim att, og då treng dei ikkje vere nokon trussel mot dialekten på heimstaden, seier Sandøy.

Utflyttarane meir tradisjonelle?

Han fortel at det også finst resultat som tyder på at utflytta bygdefolk som flyttar heim att, gjerne har meir tradisjonelt talemål enn sambygdingane.

Flytting er ein viktig faktor i dialektendringsprosessane, men ikkje all flytting treng påverke dialekten på staden. Mange faktorar spelar inn, og gjennom prosjektet vonar forskarane å bli klokare på kva innverknad dei ulike faktorane har.

– Før 1970-talet var dei fleste dialektstudiane opptekne av å lage idealiserte beskrivingar av tradisjonelle talemålsformer. Etter 1970 har ein meir drive studiar av den faktiske språkbrukssituasjonen i ulike dialektsamfunn.

– Men det er først no vi har sjansen til å skaffe gode og samanliknbare data om endring over eit brukbart tidsspenn, hevdar han.

Powered by Labrador CMS