Då nynorsk kom inn i lovboka

Landsmålet debuterte i norsk rettstekst i 1894. Det skulle likevel harde kampar til før det jamleg kunne publiserast lovtekstar på nynorsk.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Avgjerda frå 1885 om at ”Det et norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.”, var bakgrunnen til at ein ni år seinare fekk den første lovteksten som var skrive på nynorsk. (Foto: Ingvild Nilssen)

Når Norge om to år feirar grunnlovsjubileum skal lovteksten utgjevast i ei ny og moderne språkdrakt.

Ved same høve skal heile grunnlova for første gong utgjevast på nynorsk, nesten 130 år etter skriftspråka ved lov vart jamstilte.

Juridisk bibliotek ved Universitetet i Bergen har no opna ei utstilling om nynorsk som rettsspråk. Utstillinga gir eit overblikk over situasjonen for nynorsk som aktivt rettsmål frå slutten av 1800-talet og fram til i dag.

Jamstilling

Rundt 30 år etter utgjevinga av Ivar Aasen sine hovudverk om dei norske bygdemåla, vart ”Lov om jamstilling av skriftsspråka” vedteken i 1885.

Vedtaket blir rekna som ein avgjerande milepæl for landsmålet sin rett til å bli betrakta som eit likeverdig uttrykk for norsk språk, men det skulle likevel ta ni til å bli år før det første lovforslaget på landsmål vart trykt.

Det var ”log um sams normaltid fyr kongeriket Norig” som fekk æra av å opne nynorskbruken i lovboka i 1894, med vedtaket som samla Norge i ei tidssone.

– Det florerte ikkje av lover på nynorsk etter normaltidslova heller, og ein måtte vente i over tjue år til neste gongen landsmålet var brukt i eit lovforslag.

– Dette kjem av at skriftspråket i lovene kjem an på kva skriftspråk den aktuelle dommaren bruker, forklarar førstebibliotekar Kirsti Lothe Jacobsen.

Ikkje i mål

Frå 1920-talet og utetter vart nynorsk etablert som lovspråk, og det kom nye lover på nynorsk jamleg.

Likevel er nynorsk enno underrepresentert. Jacobsen fortel at om ein søkjer på lovdata på ordet ”ikkje”, får ein opp berre 89 treff.

– Eit slikt søk viser sjølvsagt ikkje eit heilt klart bilete av korleis dei reelle tilhøva er, men det gir eit estimat, seier Jacobsen.

Latin og tysk

Kirsti Lothe Jacobsen er ansvarleg for utstillinga som viser ulike dokument og skriv som bana veg for bruken av nynorsk i jussen. (Foto: Ingvild Nilssen)

Jusprofessor og målreisingsmann Nikolaus Gjelsvik frå Vevring i Sunnfjord, meinte at det norske folkemålet ville vere til stor hjelp, om ein ville uttrykkje seg klart og enkelt.

Gjelsvik hadde omsett grunnlova alt i 1901, men stortinget avviste ei offisiell utgjeving av lova på landsmål.

– Lovtekstane var svært snirklete og vanskelege, med mange innslag av latin og tysk. Gjelsvik si omsetting er mykje enklare å forstå enn dei lovtekstane som var i bruk på denne tida, seier Jacobsen.

Gjelsvik la fram synet sitt på språk i mange artiklar og i fleire bøker. Mest kjent er det språk-politiske verket Von og veg frå 1938.

Åtvara mot landsmål

Kjetil Skogan frå Telemark var den første som skreiv juridisk eksamen på nynorsk i 1909. Han skal ha vorte åtvara frå å bruke landsmål i eksamenen av Nikolaus Gjelsvik, som meinte at sensorane kunne komme til å stryke han.

– Stryk vart det ikkje, men det var ikkje langt ifrå. Eksamenskommisjonen skal ha notert at om oppgåva var skriven på ”menneskemål” ville ho ha vore god, seier Kirsti Lothe Jacobsen.

Skogan skulle sidan bli ein viktig føregangsmann for nynorsk lovgjeving. I 1925 vart han medlem av justiskomiteen og sakordførar for fleire lover.

Lenke:

Utstilling: Nynorsk som rettsspråk

Powered by Labrador CMS