- Ibsen appellerer til unge

- Eg trur det kan ha appell til unge i dag å rette søkjelyset mot spørsmål knytt til identitet og subjektivitet, seier førsteamanuensis Anne Marie Rekdal ved Høgskulen i Volda.
10.5 2005 05:00

- Subjektivitet og identitet er tema som er sentrale i dei fem dramaa som eg skriv om i boka”Skolens gjenganger? Et pedagogisk blikk på Ibsen”, fortel Rekdal.

- Eit eksempel er frå Peer Gynt som sit aleine med ein løk i hendene på leit etter ein kjerne. Han skrellar av lag på lag av løken, og inst inne er det ingen kjerne. Det er ei oppfatning av eg-et som vi finn att i vår tid.

- Identitetar er noko vi tek på og legg av oss, alt etter behov. Gjennom Ibsen sine tekstar kan unge få ein meir reflektert haldning til sin eigen røyndom, fortel Rekdal.

Kryssande forventningar

Ho meiner vår tids mediesamfunn kastar ut bilete og ideal om kven vi skal vere. Desse kryssande forventningane gjer at dei unge blir utrygge i rollene sine.

Som eit døme i tida peikar Rekdal på jentene som i større grad kan gå inn i roller med prestisje, som leiarar i bedrifter. Gutane derimot må i auka grad velje modellar som ikkje har prestisje, som å passe barn og delta i heimen, samstundes som dei skal vere tøffe og macho.

- Men for all del, dette er ikkje eit eintydig mønster. Den tradisjonelle kvinnerolla er høgst levande, poengterer Rekdal.

Mange har stilt seg kritisk til plassen klassisk litteratur har i skulen. Dei meiner Ibsen bør erstattast med Erlend Loe og Ingvar Ambjørnsen for å skape leselyst i norskfaget.

- Kva meiner du om det?

- Eg stiller spørsmål om Erlend Loe står seg om 50 år. Har Loe noko utover her og no-opplevinga? Ibsen gjev ikkje patente, endelege svar, men lar tolkinga stå open. Difor kan han nå fram til menneske også i vår tid, seier Rekdal.

Blikk på lærarane

Med eit pedagogisk blikk på Ibsen meiner Rekdal at ein må ta omsyn til kva som opptek lærarane i dag, og deira travle kvardag som ikkje gjev rom for å lese doktorgradsavhandlingar.

- Eit lite ønske er at boka skal inspirere lærarar til å sjå andre innfallsvinklar til kva for ein Ibsen det er mogleg å presentere i skulen.

Anne Marie Rekdal ser at forholdet mellom forsking og skule er eit problem på grunn av avstand.

- Det er alltid eit problem at forskarar ikkje har kontakt med praksisfeltet sitt. For vi går ikkje i mokasinane til lærarane.

I boka “Skolens gjenganger? Et pedagogisk blikk på Ibsen” bruker Rekdal alt ho fann ut gjennom arbeidet med doktorgradsavhandlinga saman med erfaringane frå 25 år i skulen. Men sjølv med slik erfaring meiner ho det har skjedd mykje dei siste ti åra.

- Ein kollega av meg fortalde at mange av elevane blei leie av å gjere det same i meir enn ti minutt. Eg kan ikkje hugse at det var slik då eg slutta i vidaregåande skule i 1993.

100-årsjubileum

I 2006 er det 100 år sidan Henrik Ibsen døde. Det aktualiserer forsking på tekstane hans. Anne Marie Rekdal er i gang med prosjektet “Ibsen sin vei til skolen”, som er ei undersøking av korleis han er blitt lesen dei siste 100 åra.

Som ein av ikkje for mange Ibsen-forskarar i dag, vil ho ha nok å gjere, for om eit år er vi på veg inn i eit stort Ibsen-jubileum med eit vell av arrangement.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Emneord