Idrettsutøvarar jobbar ikkje som ein datamaskin

Ein ny doktorgrad ved NIH tek for seg dei filosofiske perspektiva på røysler i idretten. Studien hevdar at idrettsutøvarar ikkje prosesserer informasjon som ei datamaskin og argumenterar for ei fenomenologisk forståing av kropp og rørsle.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Vegard Fusche Moe vil fredag 1. juni forsvara avhandlinga si “Understanding intentional movement in sport: A philosophical inquiry into skilled motor behavior” for graden Doctor Scientiarum ved Noregs idrettshøgskule, Seksjon for kultur og samfunn.

Intensjonale rørsler

Hovudspørsmålet til doktorgradsarbeidet er: Kva utgjer dei vesentlege karakteristikkane til intensjonale rørsler i idrett, og korleis kan me forstå desse frå eit idrettsfilosofisk perspektiv?

Omgrepet intensjonalitet handlar om mennesket sitt høve til omverda. Arbeidet baserer seg på ei filosofisk forståing av intensjonalitetsomgrepet, og bruker denne for å kasta lys over rørsler som vert utførte på ulike ferdigheitsnivå.

Den første artikkelen i doktoravhandlinga ser på skilnader mellom utøvarar som er tidleg og seint i læringsprosessen. Artikkelen argumenterer for at utøvarar tidleg i læringsprosessen brukar stor grad av kognitiv intensjonalitet; ei bevisst tilnærming, mens utøvarar seint i læringsprosessen brukar ein motorisk intensjonalitet der ein handlar direkte i høve til omgjevnaden, utan bruk av mentale bilete.



 

Fenomenologisk forståing av kropp og rørsle

Den andre artikkelen tek eit oppgjer med ei tradisjonell kognitivistisk forståing av rørsler i idrett. Artikkelen hevdar at idrettsutøvaren ikkje prosesserar informasjon som ei datamaskin og heller ikkje utfører rørsler som er styrte av motoriske program i hjernen. Artikkelen argumenterar for ei fenomenologisk forståing av at kropp og rørsle er eit betre alternativ.

Den tredje artikkelen diskuterer korleis intensjonaliteten til ein utøvar endrar seg i læringsprosessen frå nybegynnar til ekspert. Artikkelen skildrar to modellar; ein kognitiv og ein fenomenologisk, og argumenterar for at den fenomenologiske modellen til brørne Dreyfus har eit godt grep om problemet.

Den fjerde artikkelen diskuterer dei såkalla underliggjande bakgrunnsvilkåra for rørsler i idrett. For at utøvaren skal utføre målretta rørsler og handlingar, er føresetnaden ei omfattande forståing av bakgrunn og kontekst. Artikkelen prøver å forklare rollene til bakgrunnsføresetnadene slik dei er utvikla i bevisstheitsfilosofien til John Searle.

Powered by Labrador CMS