(Illustrasjonsfoto: Istockphoto)

Søvn-løgna som gav betre testresultat

Forsøkspersonar som fekk opplyst at dei hadde hatt kvalitetssøvn, skåra betre på testar enn dei som trudde dei hadde sove dårleg.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I samarbeid med NRK


Placeboeffekten er effekten som gjer at du kan føle deg betre, berre fordi du forventar at du skal bli betre.

Vanlegvis tenker vi på placeboeffekten som effekten menneske kan få av ein narrepille, men effekten kan også gjere seg gjeldande på andre område.

Ein studie har til dømes vist at reinhaldarar som hadde fått vite at arbeidet deira var god trening, skåra betre enn ei kontrollgruppe på ei rekke helsetestar.

No hevdar forskarar i ein ny studie publisert i Journal of Experimental Psychology at placeboeffekten også kan verke på vår oppleving av søvn.

I ein studie vart 164 forsøkspersonar utstyrt med elektrodar og vart fortald at desse skulle måle kvaliteten på søvnen deira, noko som var løgn.

Placeboeffekten kan gi dei utrulegaste utslag, som at store piller verkar betre enn litt mindre piller, og at farga pillar har større effekt enn kvite piller. Men folk har endå meir tru på effekten av kapslar, for placeboeffekten av desse trumfar piller. (Foto: Colourbox)

Forsøkspersonane fekk også eit kort foredrag om samanhengen mellom søvnkvalitet og kognitiv funksjon (altså evne til å tenke). Her fekk dei vite at den normale fordelinga av REM-søvn var mellom 20 og 25 prosent av den totale søvnmengda.

Etter ei natts søvn fekk så nokre av deltakarane vite at dei hadde hatt 16,2 prosent REM-søvn (altså under middels søvnkvalitet), mens andre fekk vite at dei hadde hatt 28,7 prosent REM-søvn (over middels søvnkvalitet.)

Deretter vart forsøkspersonane sett til å gjere oppgåver som skulle teste ting som konsentrasjonsevne og arbeidsminne.

Resultata viste at dei som hadde blitt fortalt at dei hadde sove dårleg, gjorde det dårlegare på enkelte testar. Dei som derimot trudde dei hadde hatt ei natt med kvalitetssøvn, gjorde det betre.

– Funna støttar hypotesen om at tankemønster kan påverke kognitiv tilstand i både positiv og negativ retning, og kan gi oss ein måte å kontrollere helse og intellektuelle prosessar, skriv forskarane.

– Vi er vår eigen største fiende

– Studien viser at vi ofte er vår eigen største fiende når det gjeld prestasjonar. Det er ikkje rart at det psykologiske speler inn i stor grad for idrettsutøvarar på toppnivå, seier bloggar og forfattar Gunnar Tjomlid til NRK.no.

Tjomlid gav i fjor ut boka «Placebodefekten» som diskuterer placeboeffektens innverknad på vår oppleving av helse.

Ein kan jo lure på kva som får oss menneske til å vere så «lettlurte» at vi presterer dårlegare berre fordi vi trur vi har sove dårleg. Slik forklarar Tjomlid fenomenet:

Gunnar Tjomlid er bloggar og forfattar av boka 'Placebo-defekten'. (Foto: Privat)

– Mens styrken vår som menneske er at vi kan handle ut frå erfaringar og forventingar om kva som vil skje i framtida, gjer det oss også tilsvarande sårbare for at desse psykologiske mekanismane kan manipulerast, seier Tjomlid.

Bekymring for eksamen

Psykolog Jan-Ole Hesselberg er kjent for å ha gjennomført forsøk som viser placeboeffekten i TV-programmet Folkeopplysningen. Han er ikkje overraska over at placebo også kan omfatte vår oppfatning av søvn:

– Dette føyer seg inn i ei rekke av studiar som viser at når vi trur vi høyrer til ei form for gruppe eller ein tilstand som har nokre forventingar knytt til seg, så har vi ein ganske sterk tendens til å oppfylle desse forventingane, seier Hesselberg.

Psykolog Jan-Ole Hesselberg. (Foto: Teddy TV/ NRK)

Han minner om at det er ganske godt innarbeidd i kulturen vår kva som vil skje med deg om du har sove dårleg. Vi vurderer kvar morgon kor godt vi har sove, og det er grunnlag for forventingar om korleis dagen skal bli.

– Og nettopp forventningar er det placebo handlar om, fortel Hesselberg.

Psykologen fortel at det ikkje er uvanleg å bekymre seg for søvnen, blant anna før eksamen.

Som denne studien antydar så er det bekymringa i seg sjølv som er problemet, stresset du får når du trur du har sove dårleg.

Derfor kan ein heller ikkje seie “ikkje bekymre deg”, det kan nemlig føre til at folk bekymrar seg for å bekymre seg, fortel psykologen.

I terapi er det derfor viktigast å trygge personen på at dette går bra. Hesselberg pleier å vise til studiar om at eit par netter med dårleg søvn før eksamen, ikkje har noko innverknad på resultatet.

– Viss du går inn til eksamen og er trygg på at dette går bra, er det noko heilt anna enn om du går inn med tvil, eller bekymringar for korleis dei andre gjer det i forhold til deg.

Powered by Labrador CMS