Rannveig Jacobsen har saman med eit hjelpeteam køyrd ut ospestokkar, der ho forskar på samspelet mellom sopp og insekt. (Foto: Rannveig M. Jacobsen)

Sopp og insekt ryddar skogvegen

Insekt tek med sporar av sopp frå tre til tre, der dei saman bryt ned død ved.

Artar som lev av eller i død ved

Totalt antall arter som bruker død ved: 7589

Totalt antall arter som ikke kan overleve uten død ved: 4060

Derav:

Insekt: 3919

Sopp: 2354

Midd: 545

Lav: 281

Mose: 98

Virveldyr: 45 (33 fuglar, 10 flaggermus, 2 salamandrar)

Kjelde: «Biodiversity in dead wood», JN Stokland, J Siitonen, BG Jonsson - 2012 - Cambridge University Press

 

Soppen lagar alkohol saman med kvaa i døde tre. Dette tiltrekker insekt under barken, som nyt godt av både sprit og sukker. Etter dei har forsynt seg av søtsakene dreg dei vidare til neste tre, sannsynlegvis med sporar - mikroskopiske formeringseiningar - frå soppen. Slik kan soppen formere seg på ny osp.

Sidan i fjor haust har Rannveig Jacobsen, entomolog og doktorgradsstipendiat ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), studert insekt og sopp på død osp i Austmarka og Nordmarka utanfor Oslo. Ho vil blant anna finne ut om enkelte soppartar er avhengige av insekt for å spreie seg.

Doktorgradsstipendiat Rannveig M. Jacobsen. (Foto: Ingebjørg Hagen Agøy)

- Vi lurar på om enkelte soppartar vert spreidd med insekt, heller enn med vinden. Det burde jo vere ein fordel å kunne ”haike” med insekt som kan flyge målretta til ein trestokk, heller enn å kaste sporane ut i vinden og håpe at dei treff blink. Særleg skulle ein tru at ”haiking” vil vere ein fordel for sopp som er spesialisert på tresortar det ikkje finnast så mange av i skogen, som til dømes osp, seier Jacobsen til forskning.no.

Rannveig påpeiker at det manglar forsking på spreiing av vedlevande sopp som samarbeider med vedlevande insekt.

Ospeved framfor grantre

I eksperimentet vil Jacobsen over fleire år undersøke korleis insekta sin bruk av fersk ospeved påverkar soppsamfunnet som vert etablert i veden. Jacobsen nyttar osp fordi det er mange vedlevande artar i denne veden i skogen i Nord-Europa, som igjen i stor grad bidreg til å halde det biologiske mangfaldet i sjakk. 

Vidare påpeiker Jacobsen at osp er ein god kontrast til gran, ein tresort som det alt føreligg to samanliknbare studium på. Ho synast tresorten er fascinerande fordi den er godt spreidd i landskåpet, ganske ulikt granskogane som dekkjer det meste av norsk skog.

I skogen har Jacobsen hogd ned ospetre. Ho har plassert den ferske ospeveden ut i produksjonsskog i Austmarka og Nordmarka. Ho behandlar ospeveden på fire ulike måtar. Det eine er å studere vanleg ospestokk, ospestokk i finmaska netting som stengjer insekt ute, ospestokk i finmaska netting med hol, og ospestokk med spritflasker som tiltrekker insekt.

Her er ospestokkar pakka inn i netting for å stengje ute haikande sopp på insekt. (Foto: Rannveig M. Jacobsen)

Viktigast er det at Jacobsen skal kunne samanlikne soppsamfunnet som vert etablert i stokkar som er utilgjengelege for insekt, med soppsamfunnet som vert etablert i stokkar som har vorte kolonisert av insekt.

Samanliknar aktivitet i stokkane

Jacobsen har lagt ved i netting med og utan hol fordi det vil bli andre temperaturar og fuktigheitsnivå i innepakka ved. Så kan ho omtrentlig samanlikne veden som er heilt utilgjengeleg for insekt, med stokkane som er delvis tilgjengelege for spreiing av sporar.

I den tidlege nedbrytinga av død ved dannar mikroorganismar etanol, som gjer at insekt luktar alkohol ved død ved. Det er derfor Jacobsen har utplassert sprit i flasker hjå nokre ospestokkar.

Jacobsen tenkjer å avslutte prosjektet i 2016. Sidan det etter tre år mest sannsynleg ikkje har framkome synlege fruktlekam hjå soppen, skal Jacobsen ta DNA-analyser av trespon utbora frå ospestokkane. Dette vil skje i eit laboratorium mot slutten av eksperimentet.

Lenkjer:

Müller, Michael M. mfl: Influence of insects on the diversity of fungi in decaying spruce wood in managed and natural forests. Elsevier Science (August, 2002). DOI: 10.1016/S0378-1127(01)00671-5 Samandrag

Strid, Ylva mfl: Bark beetles have a decisive impact on fungal communities in Norway spruce stem sections. Elsevier Science (Februar, 2007). DOI: 10.1016/j.funeco.2013.09.003 Samandrag

Powered by Labrador CMS