Saken er produsert og finansiert av Norges Handelshøyskole - Les mer
Vil rike folk bli påverka mest av grøne argument eller økonomiske når dei investerer? Det har to forskarar ved Noregs handelshøgskule undersøkt.

Rike investerer grønt når dei tener på det

Dei rikaste investerer i grøne fond når dei blir informerte om dei finansielle fordelane ved å investere, ikkje når dei får opplyst at fonda er etiske eller berekraftige.

28.12 2015 05:00

NHH-forskarane Lars Jacob Tynes Pedersen og Trond M. Døskeland har forska på kva som får velståande personar til å opptre sosialt.

Det finst mange studium som undersøkjer korleis rikdom og åtferd er kopla. Men det er relativt lite kunnskap om korleis personleg formue påverkar dei etiske vurderingane ved økonomiske avgjerder.

I paperet The Relationship between Wealth and Morality: Evidence from a Natural Field Experiment undersøkjer Pedersen og Døskeland nettopp dette. Dei er fyrsteamanuensar ved høvesvis Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap og Institutt for føretaksøkonomi.

Raude og grøne fond

Dei var interesserte i å finne ut om dei rikaste gjer andre vurderingar enn personar med langt mindre pengar, når dei skal investere i fond.

– Er det ein onkel Skrue-effekt, der rike er mest gjerrige, for å setje det på spissen, spør Pedersen.

Dei fleste vil fort gå ut frå at det er personar med lågast formue og inntekt som er mest opptekne av kva dei kan tene på å investere i fond, og ikkje dei etiske sidene ved investeringane sine.

Studien til Døskeland og Pedersen viser det motsette.

Men, understrekar dei, denne studien handlar ikkje om at rikdom fører til uetisk åtferd, men om kva som motiverer investorar til å ta meir sosiale val.

Forskarane byggjer studien på eit omfattande naturleg felteksperiment dei gjorde i 2010/2011. Bakgrunnen var at Skandiabanken for seks år sidan skulle innføre eit system med etisk merking av fond.

Merkinga gjorde det mogleg å sjå kva fond banken meinte har ein positiv etisk profil, og kva fond som er rekna som meir etisk uakseptable eller tvilsame. Merkinga vart innført for å fremje etiske investeringar.


Fyrsteamanuensane Lars Jacob Tynes Pedersen ved Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap og Trond M. Døskeland ved Institutt for føretaksøkonomi.

Observere investeringar

Forskarane kom i kontakt med banken då den skulle utvikle verdisystemet med såkalla raude og grøne fond. 

– Vi såg straks at det var eit unikt høve til å gjere eit felteksperiment. Det var fyrste gong kundane vart eksponerte for dette produktet, seier Døskeland.

Gjennom samarbeid med banken kunne forskarane observere kva investorar valde å gjere med pengane sine etter at dei hadde fått informasjon om etisk gode og mindre gode fond.

Korleis ville informasjon om dei finansielle fordelane for den enkelte slå ut, versus informasjon om dei etiske, meir sosiale vinstane, på investeringane deira?

Økonomiske fordelar er viktigst

Dei gjorde eksperimentet i 2010/2011 og skreiv fyrst eitt paper, som no skal publiserast i tidsskriftet Management Science.

Temaet er samanhengen mellom rikdom og etisk gode val.

Altså: vil rike personar gjere sosialt ansvarlege investeringar eller ikkje, og kva skal til for å stimulere dei til ei meir sosial åtferd?

– Studien viser at formuande personar er langt meir interesserte i å investere i grøne fond når dei blir informerte om dei finansielle fordelane, og ikkje dei meir moralske grunnane til å gjere det, seier Pedersen.

Aukar i takt med formue

– Dei som har mindre økonomiske ressursar, vektar desse motiva ganske likt. Dei er opptekne både av miljø- og økonomiske grunnar. Du finn ikkje forskjell i kva som er viktigast for dei.

– Denne forskjellen blir større i takt med aukande formue. Jo rikare ein investor er, dess meir effektive er finansielle argument, seier Døskeland.  

Studien seier ikkje så mykje om kvifor samanhengane er slik, men ei tolking kan vere at dei rikaste investorane i større grad forstår konsekvensane av den finansielle informasjonen dei fekk og at dei derfor legg større vekt på den. Det er kjent at folk med lågare formue har mindre økonomisk kunnskap enn dei rike.

Pedersen og Døskeland meiner desse funna er svært interessante. Dette kan tyde at vi kanskje bør bruke ulike strategiar for å oppmuntre til sosial åtferd blant investorar i dei ulike segmenta.

Tesla

Argumentet om at grøne fond er bra for miljø og samfunn, fungerer, men det som verkeleg slår ut, er når det blir sett inn i ei finansiell ramme og du gjev argument som er i tråd med konvensjonell økonomisk tenking.

Dersom du vil ha folk til å køyre grøne bilar, så må du gje dei økonomiske grunnar for å gjere det, heller enn å appellere til miljøomsyn, seier Pedersen.

– Vi kan bruke Tesla som døme. Dersom det berre var for å ta vare på miljøet, var det kanskje ikkje så mange som hadde kjøpt Tesla. Men når du i tillegg får økonomi inn i biletet, då er dei der med ein gong, seier Døskeland.

Opptekne av pengar

Vi investerer altså både med hjartet og hjernen.

Eit interessant spørsmål i forlenginga av dette, meiner dei to NHH-forskarane, er om dei rikaste er opptekne av pengar fordi dei har pengar, eller om dei har tent mykje pengar fordi dei er opptekne av pengar.

Dette gjev ikkje studien svar på. Han gjev eit notidsbilete av dei økonomiske avgjerdene blant investorane.

Amerikanske studiar

– Kvifor er dette interessant å studere?

– Inngangen på vårt paper handlar om rikdom og moral. Det vi grunnleggjande sett er interesserte i, er om det er rike eller fattige som er opptekne av moralen, seier Døskeland.

Det er gjort mykje interessant forsking på samanhengen mellom rikdom og moralsk åtferd, utdjupar Pedersen, og nemner spesielt Paul Piff, forskar ved Universitetet i California, Irvine.

Piff har gjort mange, svært sofistikerte studiar, meiner forskarane.

Treng andre

Ifølgje Piff er personar med høg inntekt, statusyrke og høg utdanning meir tilbøyelege til å lure og lyge.

– Og risikoåtferd i trafikken stig i takt med verdien på bilen, noko kanskje vi alle har observert, seier Pedersen.

Fleire slike studiar har vist at personar med høg formue er meir tilbøyelege til å vere utru mot partnaren sin, dei snyt på skatten og er mindre medfølande med folk som har det vanskeleg, fortel Pedersen og Døskeland.  

– Motsett er det slik at folk i lågare sosiale lag er meir tilbøyelege til å ta vare på kvarandre. Noko av argumentasjonen for å forklare desse samanhengane handlar om at folk med dårleg råd og lågstatusjobbar, treng andre menneske. Har du tre jobbar og er åleinemor, må du ha nokon til å passe ungane dine medan du er på veg fra McDonalds til Walmart, påpeikar Pedersen.

Ikkje om snusk og rikdom

Trond Døskeland presiserer at studien deira ikkje er ute etter å hengje merkelappen «dårleg moral» på dei rikaste.

– Vi ville sjå korleis folk bruker pengane sine på ein positiv måte. Det har motsett forteikn enn mange andre forskingsprosjekt. Her handlar det ikkje om snusk og korleis rikdom og uetisk åtferd heng saman, men om kva som oppmuntrar rike til å ta økonomiske val til beste for fellesskapen, seier Døskeland.

– Det er eit godt poeng, fordi dette dreier seg om å investere i grøne fond, seier Pedersen.

– Eg meiner studien vår er eit godt bidrag til forskinga, fordi vi kan sjå på faktiske økonomiske avgjerder. Vi ser forskjell på kva folk seier og kva dei gjer. Om nokon spør deg om du er oppteken av flyktningane frå Syria, vil du seie ja. Men spør dei om du vil gje 1000 kroner, seier du nei, seier Døskeland.

– Eller kanskje du seier ja, men du gjer det ikkje, avsluttar Lars Jacob T. Pedersen.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse