Religiøsitet blir kopla til tvangslidingar

Sjølv om religionen lovar at truskap til Gud skal gi evig frelse i himmelen, kan denne typen fromheit gjere skadar på psyken under vår jordlege eksistens. Italienske forskarar har funne ut at sterkt truande katolikkar har ein større sjanse for å vise symptom på tvangslidingar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Førestellinga om at ei streng og kanskje gudfryktig oppdraging kan ha noko av ansvaret for at tvangslidingar oppstår, har blitt styrka av den nye undersøkinga. Religiøs plikttruskap blir kopla til diagnosen OCD - Obsessive-compulsive disorder på engelsk, eller tvangslidingar på norsk.

Vanleg liding

Dette er ein type psykiske lidingar som viser seg i mange former. Pasientar med OCD blir som regel fanga i ein vond mental sirkel som tek overhand, og set dei ut av funksjon i kvardagslivet. OCD er ei av dei mest kroniske og hemmande angstformene vi har.

Dei aller fleste av oss opplever mildare grader av tvangstankar og tvangshandlingar, men ein tvangsdiagnose blir kun stilt når symptoma okkuperer store deler av tida, samtidig som dei skaper intenst ubehag og forstyrrar dagleglivet.

Årsakane er uklare

Ein type tvangsliding krinsar kring hygiene eller bakteriar, og ein person som er ramma kan bli overbevist om at alt rundt ein er skite. Dette kan for eksempel resultere i tvangsstyrt vasking. Menneske med slike lidingar har ofte rituelle adferdsmønster, og føler ubehag om dei ikkje får utføre sine ritual.

Sjukdomen råkar mange, men årsakene til lidinga er framleis uklare. Fem millionar amerikanarar og ein million britar er påverka av sinnslidinga. Genar, oppdraging, hovudskadar og trauma er faktorar som har vore innblanda i forskjellige forklaringar.

Dei frommaste viste meir alvorlege symptom

Ved universitetet i Parma i Italia har Claudio Sica og ei forskargruppe funne ut at plikttruande katolikkar har større tvangslidingar enn andre, melder New Scientist. Tidlegare forsking meiner å kunne vise at tru kan hjelpe på mental helse, men det er tydeleg at pendelen kan slå begge vegar.

Dei italienske forskarane har samanlikna menneske som arbeider i kyrkja, som nonner og prestar, med vanlege truande katolikkar, og med andre italienarar praktisk talt utan religiøs involvering. Alle blei bedt om å rapportere om milde OCD-symptom, som påtrengande mentale bilete eller uroingar. Dess frommare katolikkane var, dess meir alvorlege symptom rapporterte dei om.

Ikkje bevist som årsak

Forskarane understrekar at dette ikkje provar at religiøs plikttruskap tidleg i livet er ei årsak til OCD. Det er like truleg at menneske med denne typen karaktertrekk lettare blir tiltrekt av ein religiøs livsstil, og difor vel å vie livet sitt til Gud.

- Det er vanskeleg å knytte desse funna til klinisk OCD, seier Lynne Drummond, psykiater ved St George’s Hospital i London, til New Scientist. Ho trur pasientar må ha ein genetisk disposisjon for å kunne utvikle slike symptom, men framhevar at mange OCD-pasientar fortel om ei streng oppdraging der handlingar blei klassifisert i rett og gale.

Overdriven fokus på ansvar

Ian Hancock er ein annan britisk ekspert på OCD, og han seier til BBC at menneske med denne lidinga har ein tendens til å ha ei overdriven kjensle av ansvar for enkeltepisodar, ofte sjølv om det ikkje er mogeleg å legge noko skuld på dei.

- Som religion har katolisismen ein tendens til å legge vekt på personleg ansvar, skuld og rett og gale. Kva som helst form for sterk lære som legg vekt på desse tema på ein kraftfull måte, kan utgjere eit tilleggspress for nokon som er disponert for å kjenne skuld i utgangspunktet. Dette kan gjerne vere ein faktor som gjer sitt for at nokon utviklar OCD som ein strategi for å takle tilveret, seier Hancock. Han høyrer til Dumfries and Galloway Primary Care NHS Trust.

- Denne undersøkinga må ein ta med ei klype salt, seier ein talsmann for Catholig Bishops’ Conference og England and Wales til BBC.

Forskingsresultata er publisert i journalen Behaviour Research and Therapy (vol. 40, s. 813).

Powered by Labrador CMS