Bakgrunn: Kva er tvangslidingar?

Tvangslidingar er det allment kjende omgrepet som skildrar fenomenet der menneske lid av tvangstankar og tvangshandlingar. Dette er ei av dei mest kroniske og hemmande angstformene vi har, og den kan ha svært øydeleggande effekt på dagleglivet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I fagkrinsar har ein lenge nytta forkortinga OCD, som står for det engelske omgrepet Obsessive-Compulsive Disorder. Dei fleste av oss opplever tvangstankar og tvangshandlingar i mildare grad, men diagnosen blir berre stilt når tvangslidingane okkuperer tilveret og skaper ubehag.

Fløymer over medvitet

Tvangstankar er tilbakevendande og vedvarande idear, tankar, førestellingar, bilete eller innfall, som blir opplevd som dei fløymer over i medvitet. Personen som blir utsett for slike tankar erkjenner dei ofte som meiningslause eller fråstøytande, og vil i dei fleste tilfelle gjere forsøk på å undertrykke eller ignorere dei ved hjelp av andre tankar eller handlingar.

Vanlege tema for tankane er skit, smitte, sjukdom, aggresjon, seksualitet eller religion. Ein gjengangar er tvilstankar om ein har utført bestemte handlingar (hugsa å slå av komfyren, låst døra, osv).

Rituelle handlemåtar

Tvangshandlingar er målretta, repeterande handlemåtar eller mental aktivitet som blir utført på ein rituell eller stereotyp måte. Dette er gjentakande og blir utført i ganske bestemte ritual under ei kjensle av tvang, samtidig med at personen har eit ønske om å kunne stå imot tvangen. Handlingane er oftast eit svar på ein tvangstanke for å redusere stress eller unngå ein frykta situasjon eller ei hending.

Handlingane er ofte fullstendig upassande, klart overdrivne eller unødvendige. Den sinnslidande har generelt ei innsikt i det meiningslause i handlemåtane, og personen oppnår ikkje noko velbehag ved å utføre handlingane, sjølv om dei kan medføre lindring av spenning.

Handlingane skal redusere angst

Motivet for handlingane er ofte å redusere angsten som oppstår på grunn av tvangstankar. Typiske tvangshandlingar er vasking, sjekking, rydding, repetering, beding, teljing og hamstring. Enkelte repeterer ord stille for seg sjølv.

Dei hyppigaste tvangssymptoma er angst for skit og smitte, med dertil passande vaskeritual. Ein person kan vaske hendene opp til 100 gonger om dagen. Eit anna vanleg symptom er behovet for å sjekke om komfyren er skrudd av eller om døra er låst. Mange har ei førestelling om at noko frykteleg kan kome til å skje, for eksempel at nokon blir sjuke eller døyr.

Lidinga er ofte assosiert med depresjon og angst, eller med rusmisbruk i eit forsøk på sjølvmedisinering.

Behandling

Dei mest vanlege behandlingsformene er medisinering og ei bestemt form for atferdsterapi, og med behandling kan sjukdommen bli redusert eller eliminert. Utan behandling er OCD vanlegvis ein sjukdom som varer livet ut.

Symptom kan oppstå både hos barn og vaksne. Årsakene til sjukdomen er ikkje klare. Enkelte meiner det handlar om for lite serotinin i hjernen, andre meiner det er genetisk betinga. Ein del spesialistar meiner OCD rammar menneske som stiller urealistiske og høge personlege krav til seg sjølv.

Kjelder:

Sandane Psykologisenter
Psykologiklinikken.dk
BBC

Powered by Labrador CMS