Usikre terapeutar

Mange psykologistudentar fortrenger eiga usikkerheit og kjensla av å ikkje meistre det å vere terapeut. Utryggleiken blir også i liten grad fanga opp av dei som rettleiar studentane, viser ny studie.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

”Eg ser for meg slike skrekksenario. At dei sit og tenker at eg er … At dei tenker: Skal ho bli terapeut!”

Ho er psykologistudent og har nettopp byrja på siste del av profesjonsstudiet. Snart er ho ferdig utdanna psykolog.

Veldig mange psykologistudentar har det som henne. Dei føler at dei ikkje taklar rolla som terapeut, at dei ikkje strekk til i møte med sine første pasientar.

Som ein lærling

– Det er som å be ein elektrikarlærling utan praktisk erfaring om å vere elektrikar. Og du skal attpåtil gjere det åleine og med ein verkeleg pasient, seier psykolog Hanne Strømme.

Ho har nyleg avslutta sitt doktorgradsarbeid om psykologistudentar si kjensle av det Strømme har valt å karakterisere som “hjelpeløyse” i møte med sine første pasientar.

I løpet av det siste året av utdanninga skal alle psykologistudentar ha ein pasient i behandling.

– Det blir forventa at dei skal bruke seg sjølve som instrument i behandlinga frå første terapitime utan at dei har den naudsynte kompetansen til å utføre oppgåva.

– Dei vert difor uunngåeleg sett i ein situasjon dei er ute av stand til å meistre profesjonelt, seier Strømme.

Følgde studentane over tid

Avhandlinga er basert på ei kvalitativ, empirisk studie av 21 psykologistudentar ved Klinikk for dynamisk psykoterapi ved Psykologisk Institutt, Universitetet i Oslo.

I løpet av det siste året av profesjonsstudiet har studentane ein pasient i behandling to timar i veka, i inntil 60 timar. I studien er studentane blitt følgt dette siste året, med eit oppfølgingsintervju eit år etter.

Å følgje terapeutar si utvikling over tid på denne måten har i liten grad blitt gjort tidlegare.

Strømme utvikla også ein eigen intervjumetode for å få tak på kjensler som studentane ikkje klarer å utrykke eller kjenne på sjølve. Berre nokre få av dei ho intervjua klarte å snakke utdjupande om kor usikre dei følte seg som terapeutar.

Maktar ikkje prate

Psykolog Hanne Strømme har forska på psykologstudentar si hjelpeløyse i møte med sin første pasient.

Strømme fann at ein del av studentane beskyttar seg mot denne usikkerheita ved å fortrenge den, og rettar i staden fokus mot pasienten. Andre igjen kjenner nok på det, men unngår å snakke om det.

Svært få vågar eller maktar å ta angsten for å mislukkast som terapeut opp med eigen rettleiar. Og dei fleste rettleiarane fangar heller ikkje opp at studentane kjenner seg så hjelpelause.

Strømme meiner rettleiarane må vere tydlegare overfor studentane.

– Dei må seie eksplisitt til studenten at det ikkje er rart at dei opplever det som vanskeleg å vere terapeut, og at det tar tid å øve opp ein terapeutisk kompetanse.

– Rettleiaren må invitere til å snakke om dette, seier Strømme.

Vil ikkje plage rettleiar

“Helen” er ein av dei Strømme har intervjua i arbeidet med avhandlinga, som ikkje snakka med rettleiar om kor redd ho er i terapirommet.

– Ho var nesten heilt der, men følte at fordi rettleiar ikkje opna opp for dette, så skulle ikkje ho plage rettleiar med sine kjensler.

– No skulle det dreie seg om pasienten, så ho torde ikkje å ta initiativet sjølv.

– Men dersom rettleiar hadde gjort det, er eg heilt sikker på at ho hadde respondert, seier Strømme.

Må få aksept

Strømme meiner det er svært viktig at studentane får aksept hos rettleiar for den usikkerheita og hjelpeløysa dei opplever i møte med pasienten.

– Dersom rettleiar ikkje anerkjenner deira kjensler, så trur eg det kan vere eit  vondt utgangspunkt for mange terapeutar.

– Dei kan ofte oppleve det som noko som er smertefullt langt framover inn i yrkeskarrieren.

Eit paradoks

– Men er ikkje det eit stort paradoks, at studentar som i yrkeslivet skal lære andre å handtere og snakke om kjensler, møter dette problemet sjølve i utdanninga?

– Jo, eg har også tenkt på det som eit paradoks.

Strømme meiner dette kan forklarast med at det i psykologiutdanninga tradisjonelt har vore eit skarpt skilje mellom såkalla “eigenterapi” der studentane får høve til å snakke med ein psykolog om eigne kjensler, og rettleiinga som skal ta for seg faglege problemstillingar.

– Eg trur ein har vore for rigid i den grenseoppgangen, og at ein kan utvide rettleiinga til å omhandle dei kjenslene som vekkast i terapien og i rettleiinga, seier Strømme.

Oppdage og akseptere

Strømme understrekar at det ikkje er eit mål å fjerne usikkerheita og angsten til studentane. Det handlar snarare om at dei må oppdage at dei føler som dei gjer.

– Utfordringa vidare blir å oppøve evna til å akseptere eigen usikkerheit, seier Strømme.

– Ein god terapeut er ein terapeut som aksepterer sin eigen tilkortkomming.

– Ein terapeut som har funne ein større grad av ro i forhold til egen tilkortkomming vil kunne møte dette betre i forhold til pasientane. Og det er eit livslangt løp, avsluttar Strømme.

Bakgrunn:

Cand.psychol Hanne Strømme forsvarte 27.januar sin doktorgradsavhandling Confronting helplessness. A study of psychology students’ acquisition of dynamic psychotherapeutic competence” ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo.

Powered by Labrador CMS