Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - Les mer

Ein av tre menn grøsser av homofile

Nordmenn har generelt velvillige haldningar til lesbiske og homofile. Men i meir konkrete spørsmål viser norske menn ein betydeleg homo-skepsis.
20.12 2008 05:00


(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

I ei ny norsk undersøking kjem det fram at eit fleirtal av nordmenn generelt har velvillige haldningar til lesbiske, homofile, biseksuelle og transpersonar.

95 prosent av alle kvinner seier at dei er held seg positive eller nøytralt innstilt til lesbiske kvinner og homofile menn.

For menn er dei tilsvarande tala 84 prosent i forhold til lesbiske kvinner og 72 prosent i forhold til homofile menn.

29 prosent “grøsser”

Men biletet vert eit anna når deltakarane i undersøkinga blir bedt om å ta stilling til konkrete utsegn.

29 prosent av mennene seier seg samde i utsegna “Når jeg tenker på homofile menn, grøsser jeg”. 28 prosent av mennene seier seg samde i “Jeg synes homofile menn er frastøtende”.

For kvinner er tala høvesvis 10 og 8 prosent.

– Svara syner truleg at eit stort fleirtal ser det som ein verdi å ha ei tolerant haldning til lesbiske og homofile.

– Generelt kjenner ein seg tolerant og ønskjer å vere tolerant, men i meir konkrete spørsmål viser det seg meir negative reaksjonar, seier Norman Anderssen, førsteamanuensis ved avdeling for samfunnspsykologi.

Ein samfunnsverdi


(Illistrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Anderssen har nyleg gjennomført ei undersøking om nordmenns haldningar overfor lesbiske, homofile, biseksuelle og transpersonar (LHBT-personar) i Noreg.

Sjølv om Noreg er eit land der ein har kome relativt langt i arbeidet for rettar og likeverd for lesbiske og homofile, har det likevel ikkje vore gjennomført undersøkingar blant den vaksne befolkninga om deira haldningar til ikkje-heteroseksuelle personar.

Anderssen er ikkje overraska over resultatet, der eit stort fleirtal av nordmenn viser velvillige haldningar til denne gruppa.

– Svara me har fått gjenspeglar ein verdi i Noreg no, om at LHBT-personar er ok. Folk viser det ved å krysse av for denne verdien. Men i eit konkret møte, er det truleg andre sider ved folk sine haldningar som kjem fram, seier Andersen.

Dette vitnar også noko svarprosenten i dei aktuelle utsegnene om. 44 prosent av mennene seier seg samde i utsegna: “Sex mellom to menn er ganske enkelt feil”.

Samstundes seier 24 prosent av mennene seg samde i utsegna: ”Sex mellom to kvinner er ganske enkelt feil”. For kvinnene er svara høvesvis 20 og 17 prosent.

Kvinner er mest tolerante

Undersøkinga stadfester ei allmenn oppfatning av kvinner som meir tolerante overfor LHBT-gruppa enn menn.

Medan kvinner stiller seg likt overfor lesbiske kvinner og homofile menn, viser det seg at menn gjennomgåande stiller seg meir negative til homofile menn enn lesbiske kvinner.

– Dette rører ved spørsmålet om det mannlege og det kvinnelege, og at det betyr noko å utfordre dei vanlege kategoriane, spesielt for menn. Menn er meir restriktive på dei fleste område her i verda, ikkje berre på dette temaet.

– Det er verdt å merke seg at kvinner meiner det same om lesbiske kvinner og homofile menn, medan menn er meir skeptiske til homofile menn enn til lesbiske kvinner, seier Anderssen.

Stigmatisering


– Det er bra at så mange viser velvillige haldningar overfor lesbiske og homofile. Men om me snur på spørsmålet og bytter ut homofile med jødar, til dømes, ville det vore ganske dramatisk dersom 28 prosent stilte seg negative, seier Norman Anderssen, førsteamanuensis i psykologi.

Tidlegare undersøkingar på området har sett på erfaringane til personar i LHBT-gruppa. Her kjem det fram at til dømes unge lesbiske jenter og homofile gutar har meir sjølvmordstankar, er meir utsette for vald, og dei er meir uroa for mogleg stigmatisering.

– Det er fleire indikasjonar på at LHBT-gruppa brukar energi på å leve i ein potensielt marginaliserande situasjon. Eg trur ikkje dei overdriv, sjølv om eit tydeleg fleirtal av den vaksne befolkninga viser velvillige haldningar, seier Anderssen, og fortset.

– Svara i undersøkinga viser også at mange er meir skeptiske til LHBT-personar når dei blir stilte meir konkrete spørsmål. Dei typiske tenke- og handlemåtane i høve til LHBT-personar kjenner sjølvsagt LHBT-personar like godt som alle andre, og dei veit såleis godt at mange både er generelt positivt innstilte og konkret meir skeptiske.

Han meiner at tala viser at verdien om toleranse og aksept for personar med annan seksualitet enn heteronorma, står såpass sterkt i samfunnet, at det no vil vere gunstig å innføre tiltak i skule, helsevesen og arbeidsliv som går i retning av openheit og toleranse.

– Det er ei gunstig tid for å konsolidere verdien av likeverd og akseptering, seier Andersen.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse