Angrepet i dag var retta mot ein sørvar, men resultatet blei at heile universitetssektoren blei utan telefon. (Foto: Colourbox)

Universitet og høgskular isolert av hackarar

Telefonsystemet til heile den norske utdannings- og forskingssektoren blei slått ut av hackarar i dag, gjennom eit såkalla DDOS-angrep.

– Interne samtaler gjekk greitt, men ikkje eksterne, seier senioringeniør Bjørn Tore Sund på IT-avdelingen ved Universitetet i Bergen til På Høyden.

Eit tenestenekt-angrep er brukt av hackarar for å få ei teneste til å knele på grunn av overbelasting, og blir ofte kalla DDoS-angrep (Distributed Denial-of-Service).

Ein del brukarar har òg merka angrepet ved at samtalar har vore ustabile med klipp.

– Med mindre noko anna dukkar opp i etterkant er dette rein pøbelverksemd, seier Sund.    

Men hackarane meinte ikkje å råke telefonisystemet til heile universitets- og høgskulesektoren i Noreg.

– Det var ikkje telefonsystemet som var målet, men IRC-tenaren som inneheld underworld.net. Dei får nettilgang hos oss i Oslo, fortel Håvard Kusslid ved driftssenteret til Uninett.

På sørvaren finst det mange diskusjonar, og det hender at debattantane blir så sinte at dei angrip ein sørvar. IRC står for Internet Relay Chat, og blir brukt til kommunikasjon og chatting på internett.

Les hele saken på På Høyden

Powered by Labrador CMS