–Toleransen for det som blir ytra i det offentlege rom er ikkje så stor blant gjennomsnittsnordmannen som blant akademikarar og andre med høgare utdanning, seier professor Terje Rasmussen ved Institutt for media og kommunikasjon ved UiO. (Foto: Ola Sæther, Uniforum)

Tre av ti er skeptiske til akademisk fridom

34 prosent av dei spurte er ueinige eller delvis ueinige i at tilsette ved universitet og høgskular bør stå heilt fritt til å ytra seg. Det viser den store ytringsfridomsundersøkinga som Institutt for samfunnsforsking har gjort for Fritt Ord.

Fritt Ord publiserte nylig den store ytringsfridomsundersøkinga. I media har det stort sett handla om korleis det norske folk stiller seg til rasistiske utsegn og sårande karakteristikkar. Det faktum at det viser seg at eit stort mindretal mellom dei spurte også er svært kritiske til at tilsette ved universitet og høgskular skal ha full ytringsfridom, har ikkje kome fram i medieoppslaga. For fleire av forskarane var det eitt av dei mest uventa funna i undersøkinga.

– Overraska

Tala viser at 20 og 40 prosent av alle dei spurte er einige eller delvis einige i at dei tilsette ved universitet og høgskular bør ha full ytringsfridom. Derimot er eit stort mindretal på 34 prosent ueinig eller delvis ueinig i dette.

– Eg er litt overraska over at dei som er spurte ikkje i større grad ser på akademisk fridom som ein verdi, men også som noko negativt. Dette viser at synet på akademisk fridom er svært forskjellig mellom eit gjennomsnitt av folket og haldningane som akademikarar og journalistar har til dette spørsmålet, seier professor Terje Rasmussen ved Institutt for media og kommunikasjon ved UiO.

Han viser seg at desse meir restriktive haldningane også syner seg når det gjeld å ikkje la ytringsfridomen gi nokon frikort til å omtale svake grupper på ein nedsetjande måte.

– Eit stort mindretal er opptatt av å verna minoritetar og folk med nedsett funksjonshemming mot diskriminerande utsegner. På den måten vil dei hindra rasistiske kommentar på grunnlag av hudfarge eller religion. Kort fortalt meiner dei at alle ytringar har sine grenser, meiner Terje Rasmussen.

Tolererer ikkje alle ytringar

Etter hans oppfatning er det mogleg å trekkja ein klar konklusjon av denne undersøkinga.

– Toleransen for det som blir ytra i det offentlege rom er ikkje så stor blant gjennomsnittsnordmannen som blant akademikarar og andre med høgare utdanning. Dess høgare utdanning du har, dess meir tolerant og liberal er du, slår han fast.

– Men kvifor trur du gjennomsnittsnordmannen er så kritisk til å sleppa forskarane heilt frie?

– Av og til er det negative oppslag i media om forskarar som driv med forsking som verkar unyttig og som har ingen samfunnsverdi. Me vil seia at dette er påstandar som ikkje er basert på kunnskap. Oppfatninga til folk flest er difor at det blir forska på mykje rart, konstaterer han. Likevel synest han at undersøkinga i hovudsak viser ei positiv haldning til akademisk fridom.

–Trass alt er eit stort og klart fleirtal av dei spurte varme tilhengjarar av akademisk fridom og ser det som ein viktig verdi som me må ta vare på.

Liberale journalistar og forfattarar

Journalistar er den yrkesgruppa som er mest positiv til akademisk fridom. Heile 89 prosent av dei meiner at dei tilsette ved unversiteta og høgskulane må få ytra seg fritt. Også forfattarar og biletkunstnarar har dei ei svært positiv haldning til den akademiske fridom. Der er høvesvis 88 og 83 prosent av dei spurte positive til akademisk fridom.

– Det er eit klart teikn på at journalistar og kunstnarar er superliberale i spørsmål som har me ytringsfridom å gjera, konstaterer Terje Rasmussen.

– Sensur er det motsetta av akademisk fridom

Leiar for Forskarforbundet, Petter Aaslestad. (Foto: Erik Norrud, Forskerforum)

Leiar for Forskarforbundet, Petter Aaslestad har berre fått tid til å skumlesa rapporten,  så difor vil han vera forsiktig med å trekkja ein for bastant konklusjon.

– Spørsmålet om akademisk fridom er formulert som: : «ansatte i uh-sektoren bør stå helt fritt til å ytre seg» - her er halvparten av folket einig. Kanskje ville prosentdelen blitt annleis om ein hadde presisert spørsmålet til å gjelda «i faglege samanhengar? spør Petter Aaslestad.   Han er sikker på at spørsmålsstillinga er svært viktig for kva svar ein får.

–  Det motsette av akademisk fridom ville vore sensur. Eit spørsmål om ein er for akademisk sensur ville nok gitt andre svar, trur han.

– Må halda debatten levande

Petter Aaslestad  peikar på at den akademiske fridomen er svært viktig for samfunnet.

– Fundamentet for forsking og høgare utdanning er nettopp den akademiske fridomen. Den er det beste vernet mot ulike demagogiske krefter. Det er tankevekkjande at «befolkningens vilje til begrensning av ytringsfriheten generelt [er] svært stor». Dette viser at me må halda debatten om ytringsfridom  levande, seier Petter Aaslestad.

Powered by Labrador CMS