Matthias Kaiser leiar forskingsprosjektet Rina. Den kvantitative delen er gjennomført og funna presentert, no går ein i gang med den kvalitative studien. (Foto: Hilde Kristin Strand)

Delar forskinga opp som ein salami for å sanke fleire poeng

Er det så farleg om ein deler forskingsresultata sine opp i mindre bitar? Eller er litt grei med ein kollega som strengt teke ikkje har vore med på den aktuelle studien?

– Eg har sjølv vore på møte der ein har diskutert ei fagleg problemstilling, og konkludert med at dette kan vera grunnlag for ein vitskapeleg artikkel. Ein av deltakarane tek på seg å skriva, og seier at «me er alle forfattarar». Men dette er ikkje nok for å kunne vera medforfattar, seier professor Matthias Kaiser.

Han leiar prosjektet «Etikk og integritet i forskning», eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen (UiB), dei nasjonale forskingsetiske komiteane og Høgskulen på Vestlandet. Dei første resultata vart presentert i juni, og onsdag deltok Kaiser på etikkfrukost i regi av redelighetsutvalet ved UiB.

Ein bit her og ein bit der

Norske forskarar rapporterer sjølv at dei i svært lita grad har fabrikkert, forfalska eller plagiert, og dei kjenner i lita grad til at andre har gjort det. Det er desse tre faktorane ein først og fremst nemner når ein snakkar om uredelighet. Men kva med det andre, det som kjem inn under diskutabel praksis?

Den kvantitative undersøkinga viser at norske forskarar òg meiner at til dømes sjølvplagiering, gåveforfattarskap slik Kaiser fortalde om, å kopiera frå andre sine kjeldelister eller inkludera irrelevante tilvisingar til kjelder for å auka siteringsfrekvensen, er problematisk. Men det er færre som finn det svært problematisk, og det er fleire som oppgir å anten ha gjort det sjølv eller å kjenna til at andre har gjort det.

Salamisering vil seia at ein deler forskingsresultata opp i mindre bitar, og publiserer det ein kanskje kunne gjort i ein artikkel i fleire.

– Argumentet for å gjera dette kan vera at «eg lyg jo ikkje!». Men samstundes gir ein inadekvat informasjon og fjernar kontekst, sa Kaiser under møtet.

Freistingane

Kaiser peika på belønningsordninga og kva freistingar som ligg i den. Det same gjorde svenske Margaretha Fahlgren i vinter. Ho er professor i litteraturvitskap ved Uppsala Universitet, og har leia arbeidet med utgreiinga «Ny ordning för att främja god sed og hantera oredelighet i forskning».

Fahlgren peika, som Kaiser, på fabrikkering, forfalsking og plagiering. Men kva med det andre?

– Ein er ikkje så nøye på korleis ein tilviser, eller på kva som er mitt og ditt, eller ein fiksar litt på CV-en. Det handlar om jakta på pengar, ein deler opp resultata sine for å kunne publisera mest mogleg, sa Fahlgren.

Albert Gjedde er instituttleiaren som fekk Penkowa-saka frå Danmark i fanget. Han er professor i nevrobiologi, no ved Syddansk universitet.

– Slik akademia er organisert i dag, må ein sjølv søkja om forskingsmidlar, og for å kunne nå opp i kampen om dei eksterne midlane må ein ha imponerande resultat å visa til, sa Gjedde då han gjesta UiB i mars.

Sjølvplagiera eller ikkje?

Kaiser viste til historier han har høyrt om forskarar som diskuterer ein idé med ein kollega, og fortel om ein artikkel ein har tenkt å skriva. Høyrest bra ut, seier kanskje kollegaen.

– Og så spør ein kanskje om kollegaen vil vera medforfattar. Det går det an å forstå dersom det er ein ung forskar. Kven vil lesa kva han eller ho skriv? Dersom ein har med ein merittert forskar på forfattarlista vil ein truleg nå fleire, sa Kaiser.

Han seier til På Høyden at det er vanskeleg å seia noko kvantitativt om belønningsordningane har ført til meir tvilsom praksis.

– Men ein kvalitativ observasjon er at eg får fleire og fleire spørsmål knytt til dei mindre alvorlege tinga, som salamisering.

Kaiser leiar Senter for vitskapsteori (SVT) og sit dessutan i redelighetsutvalet.

– Senteret får pengar etter kor mange publiseringar me har. Og når me søkjer om eksterne midlar, til dømes gjennom EU, må me visa til både tal på publiseringar og impact.

Den såkalla impact-faktoren er talet på siteringar på eit år frå eit gitt tidsskrift. Jo høgare talet på siteringar er, jo høgare er impact-faktoren.

– Kvifor er det gale å sjølvplagiera?

– Det er ikkje alltid gale. Me gjer det alle i større eller mindre grad, til dømes kan me bruka frå ei innleiing i ein annan samanheng. Eg meiner at det må vera greitt dersom ein publiserer i ulike formidlingskanalar. Men ein kan ikkje publisera det same i to temmeleg like tidsskrift. Då får ein fleire publiseringar, og i neste runde kanskje fleire pengar – utan å ha nye resultat å visa til, seier Kaiser.

Det som kan teljast eller det som tel?

– Eg trur sektoren publiserer for mykje. Det har eg sagt tidlegare òg, seier prorektor Margareth Hagen.

Ho leiar redelighetsutvalet.

Hagen seier at insentiva finst, men at effektane av dei kan vera både tilsikta og utilsikta.

– Ta til dømes teljekantane, som no vert diskutert. Tel me det som kan teljast, eller tel me det som faktisk tel?

Prorektor er samd i at det er mange gråsoner.

– Er det uetisk å gjera kvarandre ei teneste og legga inn ein ekstra referanse når ein har siteringsindeksar som gjer at individuelle forskarar stig i rang? Det er òg svært ulik praksis for medforfattarskap innan dei ulike fagmiljøa, seier Hagen.

– Men belønningsordningane er der. Kan UiB gjera noko?

– Det kan me. For det første må me vita kva me ser når me analyserer ranking og indeksar. I tillegg må me jobba med redelighet og praksis, og setja fokus på kvalitet. Me er eit forskingsuniversitet, og bør halda oss for gode til å berre telja.

Men samstundes lever ein i ei forskingsverd der publisering og sitering bokstaveleg tala betalar seg.

– Det betyr noko å publisera i anerkjende internasjonale tidsskrift. Eg tenkjer av og til at forskarar må tenkja på kor dei publiserer. Dersom ein har publisert mykje i nivå 1-tidsskrift, har ein då prioritert rett? Eller kunne ein venta litt, teke med fleire resultat, arbeidd djupare og publisert på nivå to

Saken ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS