- Lær av Irland

Professor Johan Giertsen meiner at ein kan sjå på det irske lovverket kring akademisk fridom som eit førebilete.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Mange europeiske land har meir omfattande lovgjeving enn Noreg om akademisk fridom.

- Irland har dei beste reglane i Europa for dette. Dei har regulert individuell akademisk fridom på ein veldig avansert måte, meiner jusprofessor Johan Giertsen ved Universitetet i Bergen.

Det som er særskilt for Irland er at dei har tatt innover seg at det fins ei rekke sosiale sanksjonar som kan nyttast for å “straffe” forskarar som ytrar seg på ein måte som forskarfleirtalet er usamde med.

Irane har lovregulert dei sosiale sanksjonane.

I den irske lovteksten heiter det at akademisk tilsette skal ha fridom innanfor lova i undervisning, forsking og alle andre aktiviteter ved eller utanfor universitetet til å setje spørsmålstegn ved kunnskap, til å komme med nye idear eller å ytre kontroversielle eller upopulære meiningar.

Dei skal ikkje misse fordelar eller få dårlegare handsaming av universitetet om dei nyttar denne fridomen.

Vidare ytringsfridom?

Giertsen sit i utvalet under Kunnskapsdepartementet som skal vurdere om det er naudsynt med lovfesting av individuell akademisk fridom.

"I dagens situasjon har ikkje Noreg lovfesta reglar for individuell akademisk fridom."

Han har levert juridiske analyser av gjeldande reglar for akademisk fridom og har lese seg opp på regelverket i ei rekke europeiske land, deriblant Irland, Sverige, Tyskland og Finland.

I følgje juristen kan konformitetspresset innanfor norsk akademia lett bli slik at utfrysing kan bli måten å bli kvitt brysomme akademikarar.

I dag har Noreg ingen lovfesta reglar for individuell akademisk fridom, men reglar på institusjonsnivå. Det er avgrensingar i departementa sin instruksjonsrett ovanfor både offentlege og private utdanningsinstitusjonar.

Det er relevant å stille spørsmål om forskarar har ein enda vidare ytringsfridom enn andre. Det er lite praksis og lite forsking på feltet, påpeiker Giertsen.

Kritiserte mikrobølgeovnar

- Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg har mange saker som går på ytringsfridom, men berre eit fåtal som gjeld forskarar, seier Giertsen.

Han kjem berre på ein einaste sak frå Strasbourg, der ein sveitsisk forskar vart frikjend for å ha sverta ein produsent av mikrobølgeovnar gjennom å stille seg kritisk til produktet deira.

"Jusprofessor Johan Giertsen meiner Irland har dei beste lovene for akademisk fridom. Foto: Hilde K. Kvalvaag"

Kjernespørsmålet for utvalet som vurderer lovfesting av individuell akademisk fridom er styringsretten til arbeidsgjevar.

Og kor langt denne skal gå før den møtest av vitskapleg tilsette sin fridom til å velje tema og metode.

Giertsen peikar på at utan individuell akademisk fridom er det umogleg å oppnå det som også er universitetslovens formål, nemleg forsking på høgt internasjonalt nivå.

Grense ved personvernet

- Mitt syn er at vi allereie har reglar for dette, men det er ikkje lovfesta reglar. Eg kan ikkje tenke meg at noka seriøs universitetsleing vil seie opp ein forskar om denne får uventa resultat på si forsking.

- Derfor vil ein lovendring om dette ikkje vere noko dramatisk endring, nyanserer Giertsen.

Han meiner at det går ei grense av omsyn til mellom anna personvernet for kva ein forskar kan ytre seg om, men at det er vanskeleg å beskrive den grensa.

Jusprofessoren vil ikkje foreslå at Noreg kopierer Irland, men meiner at den irske lovteksten er eit godt utgangspunkt for diskusjon.

Og lovfesting av akademisk fridom, vil det truleg bli, trur Johan Giertsen.

Powered by Labrador CMS