Truga planteartar tilbake til naturen

167 kvitmure-plantar har kome tilbake til naturen etter å ha blitt dyrka fram ved Naturhistorisk museum. Håpet er at bestanden skal klara seg sjølv.

Kvitmure under oppformering i Forsøksavdelinga ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (Foto: Kristina Bjureke, NHM/UiO)

Nettverket for botaniske hagar i Norge

Botanisk hage ved NHM er med i Nettverket for botaniske hagar i Norge. Dei felles måla innan bevaringsbiologi er:

  • Ha minst 75 prosent av truga norske artar i ex situ-bevaring i 2016
  • Ha frø i ex situ-bevaring av 5 populasjonar med geografisk spreiing i Norge
  • Oppbevara frø i frøbank eller i bevaringsbed
  • Undervising og informasjon om truga artar
  • Samarbeida med Fylkesmennene sine miljøvernavdelingar, kommunar og Miljødirektoratet
  • Bistå ved eventuelle reetableringar

– Kvitmure er ein av dei truga planteartane våre. I den norske raudlista over truga artar har den status som kritisk truga. I daglegtale vile vi sagt at den står på kanten av stupet, ifølgje Kristina Bjureke, botanikar frå Naturhistorisk museum (NHM).

For å prøva å redda arten frå utrydding, har Miljøavdelinga hjå Fylkesmannen i Oslo og Akershus laga ein handlingsplan for kvitmure.

Som del av denne planen vart det i 2012 samla inn frø frå ein veksestad på Nesodden.

Utsett til i år

Dei skulle få veksa seg fram i trygge tilhøve ved NHM. I mellomtida skulle dei framande artane som hadde utkonkurrert kvitmuren, fjernast.

Spesielt den rømte hageplanten gravmyrt var ein trugsel.

– Denne typen reetablering føreset at plantane som vert sette ut, kjem frå frø som er samla inn på same staden. Den lokale bestanden skal forsterkast, men ikkje tilførast nytt genetisk materiale, forklarar Bjureke.

Opphavleg var planen å reetablera kvitmuren i august i fjor. Men då Øystein Røsok, som arbeider i Mijløavdelinga hjå Fylkesmannen, inspiserte området der kvitmuren skulle plantast ut, slo han fast at ryddearbeidet som var gjort, ikkje var godt nok. Dermed vart utplantinga utsett til i år.

Spennande med sjeldan plante

Kristina Bjureke plantar ut kvitmure. Stakittgjerdet i bakgrunnen dannar grensa mellom ein privat hage og naturreservatet. (Foto: Honorata K. Gajda, Norsk Botanisk Forening)

Litt spesielt for denne veksestaden er at naturreservatet går heilt ned til stakittgjerdet rundt naboen sin hage. Og ingen kan forby hageeigarane å dyrka dei hageplantane dei vil.

Hageeigarane har fått informasjon i brev og på telefon om den kritiske situasjonen for kvitmure. Men det er ikkje alltid så lett å nå fram på dei måtane.

– Men når vi var der ansikt til ansikt med dei, og fekk snakka med dei og forklart kva ein truga art er, og kvifor vi gjer dette arbeidet, verka det som det var lettare å nå gjennom med bodskapen, seier Bjureke.

– Dei syntest til og med det var litt spennande å ha ein plante nærmast i sin eigen bakgård som er så sjeldan at den er i fare for å bli utrydda.

Fin samansetjing

167 plantar vart planta ut denne dagen. Fyrst til neste år vil det visa seg kor vellukka reetableringa har vore.

– Om 75 prosent klarar seg, skal vi seia oss nøgde. Målet på sikt er jo at bestanden skal vera livskraftig nok til å klara seg sjølv. Men vi må nok rekna med nokre år der vi må hjelpa den, ikkje minst ved å fjerna dei framande artane, seier Bjureke.

Ho framhevar den fine samansetjinga av dei som har vore med på utsetjinga.

– Eg representerer NHM, som har dyrka fram plantane, Øystein Røsok kjem frå Fylkesmannen, som har forvaltingsansvaret, og Honorata Kaja Gajda er frå Norsk Botanisk Forening, dei som deltek på frivillig basis.

Referanse:

Faktablad om kvitmure i Artsdatabanken (pdf)

Powered by Labrador CMS