Siste dans

I Tanzania sluttar folk å danse og set seg framfor tv-en. No skal norske erfaringar takast i bruk for å dokumentere dansetradisjonane før det er for seint.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Folk dansar framleis i landsbyane, men i framtida kan dette vere eit sjeldnare syn. (Foto: Egil Ovesen)

Om prosjektet

NOTA er eit interkulturelt samarbeidsprosjekt mellom Stavanger kulturskule, Institutt for musikk og dans ved UiS og kulturskulen Tasisi ya Sanaa na Utamaduni Bagamoyo (TaSUBa) i Tanzania.

Prosjektet, som blei sett i gang i 1998, er støtta av Utanriksdepartementet gjennom den norske ambassaden i Dar es Salaam, Fredskorpset og ACE-programmet til Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU).

– Dans har tradisjonelt hatt ein sentral plass i den tanzanianske kvardagen. No blir dansen flytta frå landsbytorget og opp på scenen. Dans er i ferd med å bli rein underhaldning.

– Eg er redd for at vi skal få den same utviklinga som norsk folkedans har opplevd, konstaterer førsteamanuensis Dag Jostein Nordaker ved Institutt for musikk og dans ved Universitetet i Stavanger.

I over tolv år har han, gjennom det norsk-tanzanianske prosjektet NOTA, samarbeidd med musikk- og dansemiljøet ved TaSUBa, ein utdanningsinstitusjon for kunst og kultur i Tanzania. Samarbeidet har to hovudmål.

Det eine er å heve den faglege kompetansen til skulen, blant anna ved å byggje opp eit arkiv for folkedans og folkemusikk. Det andre er å leggje til rette for kunstnarisk utveksling mellom Tanzania og Noreg, både for studentar og lærarar.

Norske metodar

Då dei norske folkemusikktradisjonane stod i fare for å gå tapt i Noreg for rundt femti år sidan, byrja det institusjonaliserte fylkesvise arbeidet med å dokumentere kulturarven.

Dette arbeidet er vidareført av Norsk Folkemusikklag (NFL), som i dag har ei sentral rolle i å dokumentere, verne og spreie norsk folkemusikk. Det er erfaringar herifrå som er henta fram og eksportert til Tanzania.

– Vi er med på dette på grunn av den lange erfaringa vår med å arkivere folkemusikk og folkedans. Behovet for hjelpetiltak er tydeleg, seier Nordaker.

TV og Internett

Før blei dans brukt både i overgangsrituala mellom ulike livsfasar og ved andre merkedagar i Tanzania. Men no har den sosiale utviklinga i landet akselerert i vestleg retning. Det er ikkje lenger plass til dansen i kvardagen.

– Heilt sidan tida byrja, har folk hatt eigne dansar for ulike årstider. Innhausting og omskjæringsrituale er andre hendingar som er forbunde med dans. Men no skjer forandringane nesten frå månad til månad, og folk dansar stadig mindre i kvardagen.

– Samtidig har TV-en gjort inntog i den tanzanianske heimen. Det er òg tydeleg at folk skaffar seg mobiltelefon og Internett i tillegg til at det er mange nettkafear i byane, sier Nordaker.

Arkiv for forsking

Arkivet som er under oppbygging no, baserer seg på arkivsystemet Fiol AV. Dette er den same programvaren som er brukt til å dokumentere norsk og svensk folkedans og folkemusikk.

Tanzanianarane får hjelp i oppstartsfasen, men Nordaker understrekar at to medarbeidarar ved TaSUBa etter kvart skal drive arkivet og leie innsamlingsarbeidet på eiga hand.

– Vi har lagt ned mykje arbeid i kursing for å sikre at materialet som blir arkivert, skal kunne brukast til forsking seinare. Vi har med overlegg valt å prioritere tradisjonar som framleis lever. Vi oppfordrar tanzanianarane for eksempel til å gjere opptak med dei eldste, seier han.

Det søkbare arkivet har i dag to hundre timar med lyd og film, men arbeidet med å gjere nye opptak går føre seg kontinuerleg. Neste fase i oppbygginga av arkivet blir å samle inn materiale som er samla tidlegare, ikkje minst frå mange utanlandske forskarar og samlarar, slik at alt blir tilgjengeleg i ein og same database.

Med å samanlikne gamle og nye opptak kan brukarane følgje med på korleis ein dans utviklar seg og blir brukt til ulike tider.

– Mykje er allereie gått tapt. Difor er det viktig no å få arkivert mest mogleg videoopptak og intervju. Vi tek òg med instrument, instrumentbygging og forteljekunst. Det å ta vare på eigne tradisjonar står i høgsetet, seier Nordaker.

Publikum, dei som skal bruke arkivet, kan søkje på dans, utøvar, stamme, region og andre stikkord. Dei kan òg søkje på tilsvarande dansar og instrument i andre delar av landet.

– Vi håper at arbeidet vårt kan skape medvit om tanzaniansk kultur, og at det òg skal gjere det lettare å ta vare på dansen, seier Nordaker.

Powered by Labrador CMS