Møteprotokoll for Nasjonal Samling lagt ut på Internett

På fredag la Riksarkivaren ut den originale møteprotokollen for Vidkun Quislings parti Nasjonal Samling. Den daterer frå stiftelsen 28. januar 1934 og fram til 18. februar 1945.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Møteprotokollen frå 1941 til 1945 er framleis underlagt teieplikt. Desse dokumenta vil bli offentleggjort på nettet etter kvart som klausuleringa opphøyrer, det vil seie etter som dokumenta blir eldre enn 60 år.

Innsyn i det indre av Nasjonal Samling

Protokollen er ein referatprotokoll som dekker møter i partiet Nasjonal Samling, og det er fotografiske avbildingar av dei originale dokumenta som blir gjort tilgjengelig. Protokollen gir, i følgje nettsidene til Riksarkivet, et breitt innsyn i partiets interne møter i heile denne perioden, og den inneheld referat frå ei rekke organ i NS. Det meste av protokollen skal vere ført i pennen av Rolf Jørgen Fuglesang, som var partisekretær i heile tidsrommet.

- Ein kjem aktørane veldig nært. Det er det er deira eigne ord, ikkje orda til motstandarar eller seinare historikarar. Dette er det einaste sikre dokumentet vi veit om i dag som gir direkte innsyn i det indre livet til partileiinga, seier riksarkivar John Herstad.

Partiet Nasjonal Samling blei formelt stifta den 17. mai 1933, og oppløyst av politiet den 8. mai 1945. NS-protokollen inneheld forhandlingar og møtereferat frå nesten heile denne perioden. Den første innførselen er frå januar 1934, den siste frå februar 1945. Mellom anna namngir protokollen møtedeltakarane.

Protokollen dukka opp i 1999

- Dei er kjende aktørar stort sett, seier Herstad. Men i dokumenta frå etter 1941 står det namn som ikkje er kjende, og dei er enno ikkje opent tilgjengelege. Men etter kvart som åra går, og dokumenta blir gamle nok, vil protokollen bli lagt ut på nettet i sin heilskap.

Riksarkivet har hatt protokollen sidan 1999, men berre eit knippe forskarar har hatt tilgong til å lese dokumenta. Riskarkivet har konservert, digitalisert og transkribert dei.

Fram til 1999 var det ukjent kvar protokollen var. Men den 1. januar 1999 dukka det opp ei annonse i Aftenposten som vakte oppsikt. Nasjonal Samlings originale handskrivne rådsmøteprotokoll blei avertert til sals for “minimum 500.000 kroner”. Riksantikvar John Herstad reagerte, og hevda at protokollen var historiske dokument og dermed Statens eigedom.

Ei symbolhandling

-NS-protokollen er ein uerstatteleg del av den felles norske kulturarven og det nasjonale minnet, seier riksantikvaren.

Ingen veit kven som hadde teke hand om protokollane, men advokat Gunnar Cramer representerte vedkomande, og det tok fleire månader før ein blei einige om eit kompromiss, og protokollane hamna hos Riksarkivet i juni 1999.

- Det er kanskje meir ei symbolhandling at vi legg desse dokumenta ut på nettet. Eg lovde den gongen at NS-protokollen skulle bli tilgjengeleg for allmugen. Det er dette løftet vi oppfyller no, seier Herstad. Han meiner det er viktig at denne typen dokument er lett tilgjengeleg.

Meir kontroversielt tidlegare

Men det har ikkje alltid vore like klart at namn på menneske kopla til NS må tole dagens lys. Lars Borgersrud er ein av dei som har vore i konflikt med Riskarkivet, sjølv om han ikkje har kjennskap til den nypubliserte NS-protokollen. Den var ikkje tilgjengelege då han forska på norske offiserar i NS.

Borgersrud gjorde ferdig studien Militære veivalg 1940-1945 i 1998. Den handla om kva for norske offiserar med viktige militære kommandoar eller stillingar pr 9. april 140, som hadde vore medlemmar av NS eller blei det seinare under krigen. Borgersrud ville sjå på innslaget av NS i det norske offiserskorps.

Riskarkivar Herstad meinte at dette var opplysningar som var verna av personvernlovgiving, og etter at tidlegare NS-medlemmar blei offentleggjort i media, blei Borgersrud fråteken sin tilgong ved Riksarkivet.

Borgersrud anka saka til Justisdepartementet, og fekk medhald i at militært personell og anna myndigheitspersonell ikkje kan bruke personvernsbestemmingane til å verne seg sjølv mot informasjon om samarbeid med fienden under krigen. Justisdepartementet instruerte også riksantikvaren til å unnskylde inngrepet som blei gjort mot Borgersrud.

Ei haldningsendring?

- Det kan sjå ut som Risarkivet tek til etterretning at det i Noreg har skjedd ei endring av haldninga til kva forskinga har lov til å handsame, og kva offentlegheita har tilgong til på dette området, seier Borgersrud. Han meiner at ein tidlegare ikkje hadde ei presis oppfatning i spørsmål om medlemmar av NS som hadde vore myndigheitspersonar.

- Eg sette i gong mitt studium ut frå ei rettsoppfatning om at myndigheitspersonar som hadde samarbeidd med fienden ikkje måtte kunne bruke argument om personvern for å verne seg mot opplysningar. Det er nødvendig for å kunne skrive historie om denne perioden, seier Borgersrud.

Tidlegare uklar praksis

- Eg trur Riksarkivet oppfatta det som frigjerande å bli instruert av Justisdepartementet. Dette la lista ein klar stad, og ein blei kvitt ein tidlegare litt uklar praksis, held Borgersrud fram.

Risksarkivar Herstad er derimot ikkje med på at dette representerer ei haldningsendring frå Riksarkivets side.

- Nei, hendinga i 1998 meinte vi var ein helt annan sak. Mange av offiserane Borgersrud namngav kom inn i kategorien mindre kjente. Historikarane kjenner til mange av dei, men ikkje folk flest, og dette er ei vanskeleg oppveging, seier Herstad.

Fleire historiske kjelder om NS

Etter krigen blei Nasjonal Samling oppløyst, og partiets eigedom beslaglagt. Ei rekke av arkiva etter partiets mange organ og medlemmar er komne til Riksarkivet.

Her finnast partiarkivet, generalsekretærens arkiv, kvinneorganisasjonens arkiv, arkiv etter halvmilitære og militære organisasjonar som rikshirden, førergarden, hirdmarinen og hirdens flykorps. Det eksisterer også fleire arkiv etter sentrale personar i partiorganisasjonen, som for eksempel Vidkun Quisling, i tillegg til ei stor fotosamling.

Nasjonal Samling var eit stort parti

Mellom 1939 og 1943 steig medlemsmassen til NS frå nokre få tusen til 43 000 medlemmar. Omtrent ein tredjedel var kvinner. Etter krigen blei nesten 100 000 personar gjenstand for gransking. Til saman fekk 46 000 dom for landssvik eller førelegg. Dei aller fleste hadde vore medlem av NS. I alt var 55 000 menneske i kortare eller lengre tid medlemmar av NS under okkupasjonen.

25. september gjorde den tyske okkupasjonsmakta NS til Noregs einaste lovlege parti, og NS blei ein leiande maktfaktor i Noreg. Gjennom fem okkupasjonsår dreiv partiet eit målretta arbeid for å nyordne det norske samfunnet i tråd med sitt politiske program. Partimedlemmar blei plassert i nøkkelposisjonar i samfunnslivet. Under okkupasjonstida var NS breitt sosialt samansett, men folk frå middelklassa var overrepresentert.

NS-protokollen
Presentasjon av NS-protokollen
Pressemelding frå Riksarkivet

Powered by Labrador CMS