- Mennesket er eit egoistisk dyr

Mennesket er eit egoistisk dyr. Det er naturleg for oss å utnytte naturen maksimalt. Skal vi i det heile klare å ta vare på livet rundt oss, må vi ha dette som utgangspunkt.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Biologane har kasta seg over miljøpolitikken. I spissen for dei går zoologiprofessor Eivin Røskaft ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU). Svaret på kvifor praktisk miljøvern er så vanskeleg, finn han i humanetologien - den biologiske læra om menneskeleg åtferd.

Biologisk vesen

- Vi har kunnskap nok til å stanse miljøøydeleggingane. Kvifor klarer vi det då ikkje? Kvifor har vi menneske i det heile eit så anstrengt forhold til naturen rundt oss? spør Røskaft.

Svaret meiner han ligg i mennesket som biologisk vesen, skapt til heilt andre ting enn å forvalte naturressursar. Slik har mennesket vore, og slik kjem det framleis til å vere, slår han fast, samtidig som han klart tilbakeviser førestellinga om at naturfolk verda over har vore meir økologisk bevisste enn dagens moderne menneske. Dei hadde berre ikkje teknologien som skulle til for å utrydde artar og drive rovdrift på ressursane.

Riktig naturforvaltning

Men biletet er ikkje heilsvart. I denne kunnskapen om oss sjølv ligg nemleg også sjansen til å gjere dei riktige tinga.

Røskafts forslag til løysingar på vanskelege miljøspørsmål er at forvaltninga av naturen heile tida må skje på det riktige nivået. I nokre tilfelle kan ansvaret overlatast til individet (for eksempel flaskepantaren med utsikt til gevinst for seg sjølv) eller lokalsamfunnet. Men i ei rekkje andre samanhengar vurderer individ og lokalsamfunn kostnad og nytte på ein måte som gjer dei ute av stand til å ta på seg ansvaret. Då må forvaltninga skje på eit nasjonalt eller på eit internasjonalt nivå.

Ansvar på globalt nivå

- Ulven i Noreg er eit godt eksempel, meiner Røskaft.

- Den kan ikkje forvaltast på individ- eller lokalnivå, for der er det meir å tene på å drepe ulv enn på å verne ulv. Nok eit eksempel er CO2-utsleppa. Sjølv om vi blir stadig fleire som er overbeviste om at enorme mengder av nedbør over Nord-Europa og ekstrem tørke andre stader kjem av menneskeskapte klimaendringar, så kjører verken du eller eg særleg mykje mindre bil. Her kan forvaltning av naturen verken overlatast til individ, lokalsamfunn eller statar. Skal nokon ta ansvaret, må det skje på eit globalt nivå, slik Kyoto-avtalen er eit forsøk på, meiner Røskaft.

Powered by Labrador CMS