Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - Les mer

Frå doktorgrad til MGP

Mellomalderforskar Eldar Heide har fått ein ny grunn til å sjå den norske Grand prix-finalen i kveld. Han fann sin eigen teori att i Helene Bøksles «Vardlokk».

12.2 2011 05:00


Vardlokken Helene Bøksle syng om i laurdagens Melodi Grand Prix-finale var i mellomalderen ein rituell song i den norrøne trolldomsforma seid. (Foto: heleneboksle.no)

For dei som kan risikere å bli sitert i arbeidet sitt, kan det vere interessant å google seg sjølv. Då Eldar Heide googla seg sjølv onsdag, fekk han eit treff som fekk han til å heve eit augnebryn eller to.

Lenka gjekk til Helene Bøksles heimeside, som fortel om hennar finalelåt «Vardlokk» i den norske Melodi Grand Prix-finalen. Her går referansen til Eldar Heides doktorgrad frå 2006, «Gand, seid, åndevind».

Grunnen til det, er ein mellomalderinteressert tekstforfattar.

Trolldom i Eirik Raudes saga

Ideen til låta «Vardlokk» fekk tekstforfattar Cecilie Larsen då ho las Eirik Raudes saga. Denne sagaen skildrar den rituelle songen som er kalla varðlokkur på norrønt. Denne vart brukt i den norrøne trolldomsforma seiding.

Larsen er utdanna arkeolog, har religion i fagkrinsen og har alltid vore interessert i middelalderen.

– På denne tida jobba eg i Arkeologisk museum i Stavanger. Eg ville lese meir og fekk tips av kollegaer om avhandlinga til Heide. Eg las den og naut det, seier tekstforfattar Cecilie Larsen.

Ifølge Eldar Heide reknar skildringa ein finn i Eirik Raudes saga til å vere den viktigaste skildringa av seid blant dei norrøne tekstane. Hos ein norrøn besetning på Grønland er det uår, og ei ung kvinne vert overtala av ei volve til å synge vardlokk på trass av hennar kristne tru.

Det er denne scena som er utgangspunktet for Cecilie Larsens «Vardlokk».

– Det er interessant med den krafta som ligg i musikken. Eit religionsskifte provoserer, ein får opp dei menneskelege kjenslene, seier Larsen.

Å møte åndeverda

Den rituelle songen varðlokkur vart brukt under seiding. Seid er ei gammalnordisk trolldomsform som er nemnt i ein god del norrøne tekstar frå 1200-1300-talet. Heide reknar med songen vart brukt for å lokke til seg hjelpeånder.

– Seid er ei ekstatisk form for trolldom som minnar om sjamanistisk religion. Ein går inn i ei transetilstand der kroppen blir liggande livlaus og sjela eller hjelpeånder ferdast til andre stader. Ein kan møte åndeverda, hente ressursar, men også gjere skade på folk, fortel Heide.

I avhandlinga utviklar Heide ein teori om at seiding gjekk ut på å spinne trådar, åndetrådar som ein sende i veg og som ein kunne dra til seg ressursar med. Det er dette som dukkar opp når Helene Bøksle syng sitt finalebirdag.

– Åndeutsendingane som vart sende i veg under seiding kunne kallast gandar. Etter mellomalderen har tradisjonen om gandar utvikla seg vidare, slik at ganding i Trøndelag og Nord-Noreg i dag er å kaste vondt over folk, seier Heide.

I dag: Vikingsskip

I dag er tekstforfattar Cecilie Larsen lærar i Flekkefjord med eit tekstforfattarfirma. Ho underviser i eldre historie og er opptatt av å sette fortida inn i nye samanhengar.

– Dette er jo ein annan måte å formidle forsking på. Det er veldig kjekt at den kom til finalen, seier arkeolog og historielærar Cecilie Larsen.

Eldar Heide, som ikkje var klar over at det er Melodi Grand Prix-finale, har fått ein ny grunn til å setje seg ned framom tv-en i morgon kveld.

– Det er ei fin låt, seier Eldar Heide om Cecilie Larsen og Helene Bøksles «Vardlokk».

– Teksten er litt kryptisk, men det er liten vits i å synge om okkulte tema på ein klår måte, seier norrøntforskaren.

I dag jobbar Heide på eit forskingsprosjekt som ser på korleis den maritime tradisjonen i Skandinavia i mellomalderen hadde påverknad på Europa. Heide forskar på ulike nemningar for skipstypar og knyter desse til avbildningar og funn av vikingsskip.

Referanse:

Eldar Heide: Gand, seid og åndevind, Dr. art.-avhandling, Universitetet i Bergen 2006.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Saker fra våre eiere

Høgskolen i Oslo og Akershus
Podcast:

Hvordan kan du forberede deg til framtidas arbeidsliv? I denne podcasten gir to eksperter sine råd til både kommende og eksisterende arbeidstakere. 

Nasjonalforeningen for folkehelsen

Tidligere har det vært vanskelig å vite hvem som er i faresonen for akutt hjerteinfarkt. Nå kan blodprøver gi svaret på kort tid. 

Høgskolen i Oslo og Akershus

Er 0,999… med uendelig mange desimaler mindre enn 1 eller lik 1? Både folk flest og lærerstudenter svarer typisk det samme.

Saker fra våre eiere

Universitetet i Oslo

Behandlingen er direkte rettet mot å redusere selvskading og selvmordstanker. Og den gir gode resultater.

Universitetet i Oslo

For noen barn er det ekstra krevende med rop og skrik i skolegården, bøker som smelles igjen og stolbein som skraper mot gulvet.

NTNU

De over 65 år har like god effekt av operasjon for skiveprolaps i korsryggen sammenlignet med yngre pasienter.

Forskeren forteller:

Når ungdom presses til å drive med idrett, og voksne bestemmer hvordan de skal gjør det, da blir idrettsungdom lei. Men du kan unngå at barna dine mistrives, blir stresset og presterer dårlig på sikt.

Dinosaurenes historie må skrives om, sier britiske forskere etter en ny enorm analyse. Det vil uten tvil ryste fagfolk verden over, men hvis forskerne har rett, løser de flere uløste gåter.

I år er det 500 år siden reformasjonen begynte. Den spredte seg svært raskt. Martin Luther ante ikke hvordan hans tanker skulle forandre Europa.

Gjennom mange hundre år forsøkte det norske samfunnet å stanse forbryteres vei til Paradiset.